Rektors tale på årsfesten 2022

Les rektor Klaus Mohns tale på universitetets seremoni for doktorkreering 28. oktober 2022.

Published Sist oppdatert

Rektor med kappe på talerstol

Kjære alle saman!

Velkomen og gratulerer med årsdagen!

Tradisjonen tru feirar me årsdagen for Universitetet i Stavanger med ein fest, og ikkje minst at 61 kandidatar har fått godkjent ei doktorgradsavhandling og lykkast i å forsvare forskinga si gjennom det siste året. Gratulerer så mykje til dykk alle saman!

Forskinga hjelper oss å forstå, og forsyner oss med kunnskap til å respondere. Og det kan trengast i møte med eskalerande utfordringar og uro i verda rundt oss. 

Me er alle forferda over Russlands invasjon av Ukraina, og har ei sterk og inderleg medkjensle med våre ukrainske studentar og tilsette. Studentar og tilsette frå Russland og Belarus er og i ein vanskeleg situasjon, prega av stor uro over det som skjer i heimlanda deira og i Ukraina. Som kollegaar og medstudentar har me dei alle i tankane våre.

Ved UiS har me valt å flagge for Ukraina. Kvar dag. På denne måten visar me solidaritet med ukrainarane og målet for den heroiske kampen deira: demokratisk sjølvstyre over eiget land. Flagget er samstundes ei påminning om universitetet si rolle i ei verd med usikker framtid. For fridom, kritisk refleksjon og søking etter sanning skal me alltid la vår fane vaie høgt.

Me let oss difor og imponere over modige kvinner og studentar i Iran, som gjennom dei siste vekene har leia protestar mot eit brutalt og undertrykkande regime. Ved Universitetet i Stavanger har me rundt 100 studentar og fleire titals tilsette frå Iran. Me står saman med dei alle i fordømminga av makt og vald retta mot dei som demonstrerer for retten til å leve frie liv i Iran.

Kva rolle kan universiteta spele i ein verdssituasjon preg av uro og store globale utfordringar?

Gjennom kunnskapsproduksjon og open offentleg meiningsbryting legg universiteta ein grunnpilar for demokratibygging både heime og ute. Gjennom høgare utdanning og danning øver me unge menneske i toleranse, nyfikne, kritisk refleksjon og søking etter sanninga. Slik medverkar me til å utvikle ytringsrommet og bygge tillit, som mange reknar som sjølve limet i eit demokrati.

Universitetet vårt har mange gode aktørar som bygger opp under dette. Dagens hovudtalar er ein av dei. Professor Marianne Hafnor Bøe forskar på feminisme i islam, med særleg vekt på Iran. Dei siste vekene har ho opplyst det offentlege ordskiftet gjennom viktig og nyttig innsikt om tilhøva i Iran.

I år er me elles særs stolte over at fem forskarar ved Universitetet i Stavanger er oppnemnt til Akademiet for yngre forskarar, der vår eiga Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim nyleg blei valt til nestleiar for Akademiet. Dette tydar på at me forsyner den akademiske verda med særs flinke forskartalent.

Ein annan forskar som har utmerka seg i det offentlege rommet dei siste åra er historieprofessor Marie Smith-Solbakken. På modig vis har ho løfta fram dei pårørande sine forteljingar om «Kielland-ulykka» og grave fram ny innsikt rundt den offisielle fortellinga. Dette er engasjement i tråd med UiS sin visjon om å utfordre det kjente og utforske det ukjente.

Universitets rolle er å bidra til løysingar på dei store samfunnsutfordringane i vår tid. Difor har UiS grøn omstilling som ei særskilt satsing. To nye senter ved UiS reflekterer satsinga.  

Senter for berekraftig utnytting av energiressursar skal sjå på korleis oljeverksemda til havs kan utnyttast i omstillinga til fornybar energi og lagring av CO2 frå bruk av fossile energikjelder.

Det andre senteret er eit Greenhouse, eit forskingssenter for miljøhumaniora. Her er kulturelle og historiske perspektiv blant nøklane til å forstå kva type politikkutforming og kulturendring som må til for å lykkas med omstillinga. 

Universitetet i Stavanger har over 750 internasjonale studentar, og på få år har vi dobla talet på internasjonale tilsette, frå 300 til nærmare 600. Dette er vi stolte over. Vi er eit internasjonalt universitet i ein internasjonal region.

Det er difor med tungt hjarte me registrerer forslaget frå regjeringa om studieavgift for studentar frå land utanfor EU. Ei slik endring vil føre til kraftig nedgang i den internasjonale søkinga til UiS, samstundes som døra blir stengt for studentar frå fattige land. Med ei slik omlegging går nærings- og arbeidslivet samstundes glipp av viktig og verdifull kompetanse.

UiS feirar 18 år i dag. Gjennom desse åra har vi vært i rivande utvikling. Eg lovar at me skal halde fast ved iveren etter å levere framoverlente utdanningar som landet og verda trenger: Utfordre det velkjente og utforske det ukjente.