I 2023 skal Stavanger markera at det er 250 år sidan naturforskaren og filosofen Henrik Steffens vart fødd i byen. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune ta del i markeringa med ein serie arrangement i hans ånd. Arrangementa er gratis og opne for alle.
Universitetet i Stavanger skal i høve det komande Henrik Steffens-jubileet arrangera fem salongar utover hausten 2021 der Steffens liv og verke dannar utgangspunkt for diskusjoner og samtalar. Salongane skal bygga opp mot Steffens-jubileet i 2023, då det etter planen skal foregå ein stor internasjonal konferanse i Stavanger.
Første Steffens-salong handla om influensarkulturen. Utgangspunktet var at forfattaren Tore Renberg ein gong har kalla Henrik Steffens kan si tids influensar.
– Steffens kalte seg sjølv for ‘lynildsmann’ – altså ein som slår gnistar ut av ein situasjon. Og det er det vi håper på: nye konstellasjonar med tilløp til åndeleg fyrverkeri, seier professor Benedikt Jager, som saman med forfattar og komikar Terje Torkildsen har tatt initiativ til salongserien. Stavanger kommune er også med i dette samarbeidet.
Dei som deltok på første salong var komikarane/influensarane Veronika Simoné "Yummymummy" Fjeld og Fredrik Brimsø, forfattar/komikar Terje Torkildsen og doktorgradsstipendiat Luise Salte frå Institutt for medie- og samfunnsfag ved UiS.
Neste salong finn stad torsdag 25. november på Stavanger kunstmuseum ved Mosvannet. Henrik Steffens var mellom alt anna Nordens første geolog. På dette arrangementet skal det handla om olja si rolle i den romantiske naturhistorien, i høve Kunstmuseets nye utstilling "Opplevelser av olje".
Salonghausten 2021 vert avslutta på Jernaldergården 13. desember - då er det Lucia og jula som er tema.
– Han var litterat, geolog, filosof og framfor alt samfunnsdebattant. Ein sikkeleg altmoglegmann!, avsluttar Jager.