Skal samarbeide om innovasjon og entreprenørskap

UiS og Stavanger kommune har inngått ein ny samarbeidsavtale for å styrkje innovasjon og entreprenørskap i regionen. Målet er å auke konkurransekrafta og bidra til omstilling av næringslivet.

Publisert Sist oppdatert

To kvinner smiler sammen
Marte C. W. Solheim, prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS, og Anne Woie, næringssjef i Stavanger kommune.

Avtalen byggjer vidare på eit allereie langt og tett samarbeid mellom UiS og kommunen, og skal knyta utdanning, forsking, studentar og næringsliv endå tettare saman.

Partane skal mellom anna samarbeida om å søkje finansiering til prosjekt, og om tiltak som viser fram Stavanger som ein god by å studere, bu og arbeide i.

Ny og relevant kompetanse

– Skal regionen lukkast med omstilling og verdiskaping i åra som kjem, må vi utvikla ny og relevant kompetanse i tett samspel mellom akademia, næringsliv og kommune. Denne avtalen gir oss eit tydeleg rammeverk for nettopp dette, seier Marte C. W. Solheim, prorektor for innovasjon og samfunn ved UiS.

Stavanger og regionen har ambisiøse mål om å ha høgast konkurransekraft og verdiskaping i landet, samstundes som dei vil vera leiande på grøn omstilling. Kommunen arbeider òg aktivt for å styrkje Stavanger som kunnskaps‑ og studentby.

Innovasjonskraft

– Vi har alltid samarbeidd godt med universitetet på fleire område. No forsterkar vi samarbeidet både for å styrkja innovasjons‑ og entreprenørskapsmiljøa i regionen og for å styrkje omdømet til Stavanger som ein attraktiv studentby, der fleire studentar trivst og ønskjer å bli verande og arbeide.

– Universitetet er heilt sentralt i arbeidet med å styrkje regionen si innovasjonskraft og finna løysingar for framtida, og Stavanger er vertskommunen. Vi blir alltid betre saman, seier Anne Woie, næringssjef i Stavanger kommune.

Fleire avtalar

Frå før har kommunen og UiS fleire samarbeidsavtalar, mellom anna om vidareutvikling av Kunnskapsbyen og etablering av Ullandhaug innovasjonsdistrikt. Ein avtale mellom fire av verdas energibyar (WECP) rundt Nordsjøen blei signert tidlegare i år.

Den nye avtalen spissar seg meir inn mot utvikling av innovasjons‑ og entreprenørskapskompetanse, eit område som er viktig både for regionen, for landet og for heile Europa. Avtalen gjeld fram til 2030 og skal evaluerast i 2027.

Les meir om UiS sine samarbeid med eksterne aktørar