Suksess for Ungdommens forskernatt

Minst eit halvt tusen ungdomar, foreldre og lærarar fylte campus då forskarnatt for ungdom vart arrangert for første gong i Stavanger. Tenåringane seier dei vart inspirerte til å studere ved UiS.

Publisert Sist oppdatert

Droneshow med mangefarga lys på nattehimmel
Magisk stemning på campus fredag 26. september 2025. (Alle foto: Marie von Krogh)

Det flotte haustvêret gjorde ramma perfekt for ein kveld med realfagsshow, mini-førelesingar, laboratorieomvisingar og forskingsstands. Det heile vart avslutta med eit spektakulært droneshow på himmelen over Ullandhaug.

Auka lysta på høgare utdanning

138 av ungdomane svara på eit evalueringsskjema som vart delt ut i løpet av kvelden. Resultata viser at ungdomane vart inspirerte og fekk meir lyst til å ta høgare utdanning. Her er nokre av resultata:

  • Totaloppleving: 4,72 (av 5)
  • 97 prosent vil anbefale arrangementet til andre
  • 54 prosent seier kvelden har gjort det meir sannsynleg at dei vil søkje på høgare utdanning (29 prosent har allereie bestemt seg for å ta høgare utdanning)

– Ekstremt gøy!

Ungdomane kunne også legge inn eigne kommentarar, og desse var overveldande positive. Her er nokre døme:

Person i blå t-skjorte lager røyk på en scene foran en sal med ungdommer
Forrykende realfagsshow med Ida Soland Thu.

– Veldig kjekt at det var mykje praktisk, og faktiske framstillingar av kva som vert gjort på dei ulike studia.
– Veldig spennande og kjekt. Gir meg kunnskap om kva eg kanskje kan tenkje meg å studere etter vidaregåande.
– Veldig interessant, spennande og lærerikt. Eg fekk så mykje meir lyst til å studere psykologi på UiS og skal garantert anbefale dette vidare!
– Likte alt veldig godt, men skulle ønskje vi fekk meir tid, slik at eg kunne høyrt fleire førelesingar og besøkt fleire labbar.
– Ekstremt gøy!!!

Forsker viser modell av hjerne på et fat foran ungdommer
Elevane fekk lære om hjernen på Kognitiv lab.

730 påmelde

Arrangementet stod på programmet til Forskningsdagane 2025, i tillegg til å vere ein del av Ulltra-festivalen og Stavangers 900-årsjubileum.

Målgruppa var ungdom frå vidaregåande skule og 10. klasse i heile Rogaland. UiS gav transportstøtte, slik at det kunne kome elevar frå Flekkefjord i sør til Haugesund i nord.

Over 700 ungdomar, foreldre og lærarar hadde meldt seg på arrangementet, som gjekk føre seg fredag 26. september 2025. Det er vanskeleg å seie kor mange som kom, men UiS anslår minimum 500.

Kontakt oss!

UiS har latt seg inspirere av NTNU, som i over 20 år har arrangert Ungdommens forskernatt i Trondheim. UiS sin versjon er gjort mogleg med bidrag frå Ulltra framtidsfestival, Universitetsfondet og Norges forskingsråd.

Under kan du sjå fleire bilete frå forskarnatta 2025. Har du spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med rådgiver Camilla Larsen i Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Kvinne kledd i sort og grønt snakker i mikrofon foran et publikum

Liss Anda heldt mini-føredrag om gaming og psykologi.

Stand med racerbil, sett ovenfra

Studentforeninga ION Racing hadde stand.

Mann på lab viser fram en kalkprøve

Elevane fekk omvisning på ulike laboratorium, her på petroleumslaben med Dagfinn Sleveland

Mann og kvinne på scene lager flammer ut av plastkanner

Ungdomane blei begeistra av realfagshowet med Fredrik Motland Kirkemo og Ida Soland Thu.

Gutt har på skinnhjelm med elektroder på.

Kognitiv lab demonstrerte korleis ein kan lese hjernebølger.

En stor gruppe ungdom ser på fargerikt droneshow på nattehimmelen

Flott droneshow avslutta kvelden.