Utvikla verktøy som gjer inkludering meir konkret i klasserommet

Korleis kan ein gjera inkludering konkret i klasserommet? Korleis kan lærarar vurdera om elevane verkeleg opplever å høyra til i fellesskapet?

Publisert Sist oppdatert

Partnerskap: Sola skule utvikla saman med Universitetet i Stavanger eit verktøy for å fremja inkluderande praksis. UiS er ein partnar for skuler og barnehagar i Rogaland og elles i landet gjennom tilskuddordninga for lokal for kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring. Les meir om dette her.

Verktøy: Eit refleksjonsskjema som gjer inkludering konkret. Skjeamet hjelper lærarar å snakka saman om elevane si deltaking og læringsmiljø.

Vidareføring: Erfaringane blir no tekne i bruk på andre skular og i utdanninga av nye lærarar.

Korleis kan ein gjera inkludering konkret i klasserommet? Korleis kan lærarar vurdera om elevane verkeleg opplever å høyra til i fellesskapet?

Gjennom samarbeid mellom Sola skule og UiS er det utvikla eit praktisk verktøy som styrkjer inkluderande praksis. Eit enkelt refleksjonsskjema hjelper dei å snakka saman om elevane si deltaking og læringsmiljø.

 Erfaringane blir no tekne vidare til andre skular og til utdanninga av framtidige lærarar.

– Styrken med skjemaet er at vi set oss ned og reflekterer saman, forklarer kontaktlærar Ellen Haughom ved Sola skule. – I ein travel kvardag blir fokuset ofte på praktiske ting, men dette gjer at vi løftar blikket og snakkar om korleis elevane har det, og kva vi som lærarar kan endra på for at alle skal oppleva deltaking.

Kollegaen hennar, Margaret Bø Hveding, er samd:
– Det er nyttig å ha noko konkret å ta utgangspunkt i. Inkludering kan bli eit ullent omgrep, men her kan vi bryta det ned og stilla oss spørsmål som: Får eleven delta i samarbeid? Blir eleven anerkjend? Får eleven vist meistring?

Rammefaktorar vi kan påverke

Skjemaet er utvikla i samarbeid mellom Sola skule og lærarutdanninga ved UiS. Det byggjer på teori, men er enkelt i bruk. For lærarane har det vist seg å vera ein måte å få felles språk og systematikk i samtalar om elevane sine læringsmiljø.

– Vi ser på korleis deltakaren endrar seg over tid, seier Haughom. – Då kan vi vurdera om justeringar i undervisning og klasseleiing gjer det enklare for elevane å bli ein aktiv del av fellesskapet.

Hveding legg til:
– Når vi tek i bruk skjemaet, får vi snakka om rammefaktorar som vi faktisk kan påverka – ikkje berre om eleven sine eigenskapar. Det gjer oss meir medvitne om kva vi sjølve kan endra.

Så konkret som mogleg

I møte med eit aukande mangfald av elevar i dagens skule ønskte Sola skule å styrkja lærarane si kompetanse for inkludering. Saman med Roaldsøy skule gjekk dei inn i partnerskap med lærarutdanninga ved UiS for å utvikla kunnskap i ein lokal kontekst.

I dette arbeidet såg dei behov for å konkretisera kva inkludering faktisk betyr i praksis. Rektor Bjarte Gjesdal forklarer:
– Det handla om å gjera dette såpestykket som inkludering er, så konkret som mogleg. Vi måtte finna ut korleis vi kunne vurdera det i klasserommet. Korleis ein møter barn er jo det viktigaste – at dei opplever å ha ein god relasjon til læraren. Men korleis gjer vi det i praksis?

Saman med inspektør Camilla Kolnes Rugland har han vore oppteken av å skapa heilskap i utviklingsarbeidet:
– Vi har heile tida hatt inkludering som den store paraplyen. Alt vi gjer handlar eigentleg om det. Vi jobbar for at kollegiet skal sjå at arbeidet heng saman, slik at det ikkje opplevast som «enda ein ny ting».

Skal ikkje være nokon tvangstrøye

I arbeidet med å utvikla skjemaet fekk skulen hjelp frå UiS-fagpersonane Vegard Moen og Kari Vestbø. Seinare har Finn Martinsen vore ein sentral partnar, og saman har lærarar og leiing systematisk utforska bruken av verktøyet i pedagogisk utviklingstid gjennom skuleåret.

Gjesdal oppsummerer:
– Det har vore lissepasningar heile vegen. Ved å byggja vidare på ting vi hadde gjort før, vart det enklare å få alle med. Intensjonen vår har vore at ting skal henga saman, ikkje opplevast som ei tvangstrøye. Ingen likar å få tredd ting ned over hovudet, men her har vi hatt ein prosess alle kunne ta del i.

Kan hindre at elevar fell utanfor

Lærarkollegene Hveding og Haughom understrekar at verktøyet har vore nyttig for å strukturera samtalane seg lærarar imellom.

– Det er interessant å sjå om elevane sin deltaking handlar om faget, om relasjonen til læraren eller om klasseleiinga, seier kontaktlærar Hveding. – Skjemaet gjer at vi får eit felles språk og kan endra rammefaktorane som kan styrkja klasseleiinga.

Ho legg til:
– Eg opplever at vi tek fokuset bort frå at årsaka ligg i eleven, og heller ser på kva vi kan endra på i praksisen vår. Då får vi konkrete grep som kan hindra at elevar fell utanfor.

Haughom, også ho kontaktlærar ved Sola skule, legg til:
– Når lærarane deler erfaringar, oppdagar vi ofte sider ved elevane som ikkje har vore synlege før. Ein elev kan meistra samarbeid i nokre situasjonar, men ikkje i andre. Då lærer vi av kvarandre.

Tilbyr seg å vere med inn i klassen

Gjesdal peikar på at arbeidet handlar om bevisstgjering og verdiar:
– Korleis møter vi klassar og barn? Vi må starta med oss sjølve og det vi gjer i klasserommet.

Han og kollega Rugland ser òg korleis samarbeidet styrkjer fellesskapet mellom lærarane:
– Vi legg vekt på at det er eit kollektivt ansvar. Dersom ein elev strevar, er det vi alle som må støtta, seier Bjarte.

Rugland utdjupar:
– Ser nokon at ein kollega har elevar som strevar, tilbyr dei seg å vera med inn i klassen og prøva ut nye løysingar saman. Dei er verkeleg på lag.

Frå Sola til andre skular

Sjølv om Sola skule vart vedteken nedlagt i 2025 på grunn av lågare elevtal i kommunen, blir arbeidet med refleksjonsskjemaet ført vidare. Kunnskapen frå partnerskapet med UiS blir no teke inn i samarbeid med nye skular – og brukt i utdanninga av framtidige lærarar.

– Når vi tek skjemaet fram jamleg, ser vi korleis elevane si deltaking endrar seg over tid. Då kan vi vurdera om tiltaka våre faktisk bidreg til å gjera det lettare for alle å delta aktivt i fellesskapet, seier Haughom.

For lærarstudentane gir dette konkrete døme på korleis profesjonsfellesskap kan utvikla inkluderande læringsmiljø i praksis.