Seksjonen tilbyr eit treårig utøvande bachelorstudium i dans med fokus på samtidsdans, og eit toårig masterprogram i utøvande dansekunst.
Danseseksjonen har nære band til internasjonale dansemiljø gjennom utveksling og utstrakt besøk av gjestelærarar og koreografar. Seksjonen har ein internasjonal profil, med engelsk som undervisingsspråk, med tilsette frå fleire land og utvekslingsstudentar frå Europa og USA.
Danseseksjonen høyrer til Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon, som blir leidd av Ville Langfeldt.
Bachelor i dans: 15. desember Master i utøvande kunstfag, dansekunst: 15. desember Sjølvstendig prosjekt i dans: 15. mars Her kan du lesa meir om studia, om korleis du søkjer og finne datoar for opptaksprøvar: Bachelor i dans eller Master i utøvande kunstfag, dansekunst eller Sjølvstendig prosjekt i dans
Kven undervisar?
Her finn du ein oversikt over alle tilsette i danseseksjonen.
Siri Dybwik er studieprogramleiar for dans. Inez Castell er fagkoordinator.
- Brynjar Åbel Bandlien - samtidsdans, kunstnerisk praksis, body research, Artistic Research
- Birgitte Bauer-Nilsen - dans i kontekst, koreografi, Artistic Research
- Annemariet Gonzales Comendador - klassisk ballet
- Siri Dybwik - arbeidslivskunnskap, Artistic Research
- Mari Flønes - improvisasjon og komposisjon, samtidsdans, community dance, veileder egendef. prosjekt og kunstnerisk praksis
- Henning Rød Haugland - musikk for dansarar, improvisasjon og komposisjon
- Gry Galta Van Merkensteijn - safe dance practice
- Hagit Yakira - koreografi, improvisasjon, samtidsdans, Artistic Research
Les meir om dei tilsette i danseseksjonen

Eit sterkt og internasjonalt fagmiljø
Danseutdanninga i Stavanger blir kjenneteikna av eit sterkt og internasjonalt fagmiljø som har eit fokus på samtidsdans. Alle i faggruppa har spesialisert kompetanse innan ulike fagområde innan dansekunst og som er aktiv som utøvar, koreograf, pedagog og/eller forskar. Vi er ein professor, tre førsteamanuensisar, og fem universitetslektorar som er med for å førebu studentar til eit profesjonelt yrkesliv som utøvande og medskapande dansekunstnar.

Våre studiar
Danseutdanninga tilbyr gradsprogramma Bachelor i dans (180 stp) og Master i utøvande kunstfag, dansekunst (120 stp). Bachelor i dans er ei treårig utdanning med fokus på samtidsdans. Studiet førebur deg til eit profesjonelt yrkesliv som utøvande og medskapande dansekunstnar, eller til vidare studiar innan dans. På det to-årige masterstudiet vil me at du skal få sleppa til med den særskilde kunstnariske profilen din og utvikla innsikta di og ferdigheitene dine til eit profesjonelt nivå. Sjølvstendig prosjekt i dans (30 stp) er eit enkeltemne på eitt semester, der du kan fordjupa deg i eitt spesielt emne og ha fokus på eige, sjølvstendig arbeid, og i tillegg få god støtte frå fagleg rettleiar undervegs i prosessen.
Bjergstedparken
Me held til i spesielt tilrettelagte lokale i Bjergsted Park der studentar og tilsette har tilgang til fleire dansestudio, garderobar med dusj, førelesnings- og møtelokale, black box, konsertsal, IKT rom, universitetsbibliotek med filial spesialisert på musikk og dans, og kantine.
Det finst også flotte studentbustadar på campus, og i umiddelbar nærleik er ei rekke kulturinstitusjonar som har eit tett samarbeid med fakultetet. I Bjergsted finst kulturskule, MDD-lina ved Stavanger katedralskole og Stavanger konserthus der Stavanger symfoniorkester held til. RIMI/IMIR og Tou Scene i austre bydel og RAS ved Sandnes kulturhus er også blant utdanningas viktige samarbeidspartnarar.



