Seksjon for jazz ved Fakultet for utøvende kunstfag

Jazzutdanninga i Stavanger held til på campus Bjergsted i hjartet av Bjergsted kulturpark.

Publisert Sist oppdatert
Fakta

Jazzutdanninga i Stavanger blir kjenneteikna av eit sterkt og mangefasettert fagmiljø som har eit fokus på gehørbaserte læringstradisjonar. Seksjonen høyrer til Avdeling for jazz, dans PPU og musikkproduksjon, som blir leidd av Ville Langfeldt.

Søknadsfrist er 15. desember og 15. mars

Søknadsfrist for on-campus studier i utøvende musikk er 15. desember. Søknadsfrist for digitale- og samlingsbaserte jazzstudier er 15. mars. Les om studieprogramma og korleis du søkjer.

Kven undervisar?

Her finn du ein oversikt over alle tilsette i jazzseksjonen. Fagleg leiar er Tor Yttredal.

Les meir om dei tilsette i jazzseksjonen

Førsteamanuensis
5183 4057
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Førsteamanuensis
51832789
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Professor
5183 4036
Bjergsted, blokk 5
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor
51833031
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Førsteamanuensis
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Stipendiat
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor
51834004
Campus Bjergsted
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Professor
51834032
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Førsteamanuensis
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Universitetslektor
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Førsteamanuensis
Fakultet for utøvende kunstfag
Avdeling for jazz, dans, PPU og musikkproduksjon
Bjergsted jazzensemble og Valkyrien Allstar, konsert på Spor 5. Foto: Trine Nessler Wichmann
Bjergsted jazzensemble hadde konsert med Valkyrien Allstars på Spor 5, MaiJazz 2019. Foto: Trine Nessler Wichmann / MaiJazz.

Me ynskjer at studentane våre skal etablera ei solid instrumental forståing i forholdet mellom tradisjon og nyskaping. Fakultetet har på vegne av jazzutdanninga etablert eit nært samarbeid med eksterne partnarar både lokalt, regionalt og internasjonalt. Stavanger Jazzforum, Stavanger konserthus og Tou Scene er alle døme på institusjonar som bidrar inn i eit unikt og kreativt studiemiljø for jazzstudentane våre.

Studiane våre

Jazzutdanninga i Stavanger blir kjenneteikna av eit sterkt og mangefasettert fagmiljø som har eit fokus på gehørbaserte læringstradisjonar. Avdelinga tilbyr studiar på alle nivå innan utøvande musikk med jazz som studieretning. Dei siste tilskota i studieporteføljen vår er DigJazz, Besifringskompetanse og Storbandinstruksjon.

On-campus studiar i utøvande musikk

På jazz tilbyr me on-campus studiar på alle nivå i utøvande musikk, både årsstudium, bachelor, vidareutdanning, master og PDM.

Årsstudium rettar seg mot søkjarar i avsluttande år av vidaregåande skule i musikk, dans, drama eller folkehøgskule, og andre som er interessert i ein første kjennskap til utøvande musikkstudiar med jazz som studieretning. Det 4- årige bachelorprogrammet i utøvande musikk vender seg til unge musikarar med ambisjonar om å utvikla den kunstnariske og instrumentaltekniske kompetansen sin. Vidareutdanninga gir deg høve til påbygging og fordjuping i forlenginga av fullført bachelorprogram, og på masterstudiet vil me at du skal få sleppa til med den særskilde kunstnariske profilen din og utvikla innsikta di og ferdigheitene dine til eit profesjonelt nivå. PDM, eller Postgraduate Diploma i utøvande musikk, gir deg som vidareutdanningsstudiet, eit høve til påbygging og fordjuping i forlenginga av fullført masterprogram i utøvande musikk.

DigJazz

DigJazz gir ei innføring i imitasjonsmetodikk, og passar for deg som vil vidareutvikla deg som pedagog og musikar. Tilbodet er samlingsbasert, og med det tilrettelagt for søkjarar i full jobb, utan tilhøyrsel til regionen. DigJazz blir tilbode på tre nivå; eit innførings-, eit hovud- og eit påbygningsemne.

DigJazz Intro (15 stp) er eit førebuande emne til DigJazz I, og er særleg tiltenkt søkjarar som har lite eller inga erfaring med å spela etter gehør. Emnet førebur studenten på å jobba med imitasjonsmetodikk, og gir også eit innblikk i grunnleggjande jazzteori. DigJazz Intro går over to samlingshelgar (à 2-3 dagar) i haustsemesteret, parallelt med DigJazz I. I tillegg til samlingane vil studentar få individuelle rettleiingstimar, digitale læremiddel og praktiske oppgåver.

DigJazz I (30 stp) er kjerneemnet i Digjazz- tilbodet, og passar for pedagogar og musikarar som ønskjer ei innføring i imitasjonsmetodikk. Studiet har eit praktisk fokus, og samspel er ein viktig komponent i samlingane. Grunnleggjande jazzteori og arbeid med improvisasjon vil også inngå i studiet. DigJazz I består av fire samlingshelgar à 2-3 dagar, (to i haustsemesteret og to i vårsemesteret), individuelle rettleiingstimar, digitale læremiddel og praktiske oppgåver.

DigJazz II (15 stp) rettar seg mot dei som tidlegare har teke DigJazz I. I DigJazz II får ein fagleg påfyll og høve til å vidareutvikla ferdigheitene sine innan formidling og praktisering av imitasjonsmetodikk. Emnet består av to samlingshelgar (à 2-3 dagar) i vårsemesteret. I tillegg får studentane individuelle rettleiingstimar, tilgang til digitale læremiddel og praktiske oppgåver. Samlingane vil gå parallelt med DigJazz I.

Besifringskompetanse

Besifringskompetanse (15 stp) er eit emne som er relevant primært for pianistar og organistar som ønskjer å styrkja kompetansen sin i besifringsspel. Det passar også for t.d. lærarar som har behov for å akkompagnera elevar i undervisninga si. Emnet skal gi studenten ei solid innføring i besifringsspel, med vekt på bruk både i undervisningssituasjonar og i musikalsk samspel. Emnet strekkjer seg over eit heilt studieår, det er både digitalt- og samlingsbasert, og kan takast i kombinasjon med DigJazz Intro.

Storbandinstruksjon

Storbandinstruksjon (15 stp) er eit emne som skal gi studenten ei innføring i metodiske reiskapar knytte til instruksjon og musikalsk leiing av storband og liknande ensemble i fritidsmusikklivet. Emnet skal vera kompetansebyggjande for dei som allereie instruerer eller speler i storband eller liknande ensemble, og dessutan bidra til kompetanseutvikling og fornying innan feltet. Emnet kan også vera relevant for dei som ønskjer å starta opp eigne ensemble. Emnet strekkjer seg over eit heilt studieår, og er berre samlingsbasert.

Blå Trå og Bjergsted jazzensemble er arenaer der studentane blir gitt høve til å jobbe med både nasjonale og internasjonale jazzstjerner

Bjergstedparken 

Jazzutdanninga i Stavanger er plassert i Bjergsted kulturpark, som består av ei rekke kulturinstitusjonar som har eit tett samarbeid med fakultetet generelt og jazzutdanninga spesielt. I Bjergsted finst kulturskule, MDD-linja ved Stavanger katedralskule og Stavanger konserthus, der Stavanger symfoniorkester held hus. Stavanger Jazzforum og MaiJazz er dei viktigaste samarbeidspartnarane til utdanninga. I austre bydel ligg Tou Scene som også bidrar inn i eit kreativt studiemiljø for jazzstudentane våre.

Di musikalske stemme 

Bjergsted jazzensemble og Bjergsted vokalensemble sin julekonsert på Spor 5, desember 2018. Foto: Konelius Kiil Halvorsen
Avhengig av kor langt du har kome i studiet ditt så vektlegg UiS at du skal utvikle den personlege musikalske stemma di hos oss. Bilde er frå Bjergsted jazzensemble og Bjergsted vokalensemble sin julekonsert på Spor 5 i desember 2018. Foto: Kornelius Kiil Halvorsen

Avhengig av kor langt du har kome i studiet ditt så vektlegg UiS at du skal utvikla den personlege musikalske stemma di hos oss. På årsstudium og bachelor blir fundamentet lagt for ei livslang utvikling innanfor utøvande musikk. På vidareutdanning, master og PDM vil det i stigande grad vere fokus på å utvikle spesialisert kunnskap retta inn mot ein fleksibel arbeidsmarknad.

Samspel 

Samspel og konsertverksemd er ein fullt integrert del av studiekvardagen ved UiS. Du vil delta i ensemble av ulik samansetning. Blå Trå og Bjergsted jazzensemble er arenaer der studentane blir gitt høve til å jobba med både nasjonale og internasjonale jazzstjerner. Du blir òg utfordra på å bidra til organisering av produksjonar undervegs i studieforløpet.

Les meir om oss