Fakultetet for utøvande kunstfag si PPU-utdanning har ei unik profilering av pedagogikk innan musikk, dans, drama og teater.
Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande og skapande kunstfag har ei profilering av pedagogisk utdanning innan musikk, dans, drama og teater. Fakultetets PPU-seksjon har eit unikt studie- og fagmiljø på tvers av kunstfaga. Studiets profil blir også kjenneteikna av eit rikt forgreina entreprenørskap innan kunstområdet, med vekt på å gje grunnlag for allsidig utøvande og pedagogisk yrkesinnsats.
Seksjonen høyrer til Avdeling for jazz, dans PPU og musikkproduksjon, som blir leidd av Ville Langfeldt.
Søknadsfrist for våre PPU studiar er 1. mars. Les om studieprogramma og korleis du søkjer.
Kven undervisar?
Her finn du ein oversikt over alle tilsette i PPU- seksjonen.
Seksjonsleiar er Sanna Pauliina Törmälä- Tranberg. Ho er også studieprogramleiar.
- Mari Flønes - dansedidaktikk
- Kari Marie Manum - pedagogikk, kunstfagdidaktikk
- Theodor Barsnes Onarheim - jazzdidaktikk
- Kari Olene Oma Rønnes - vokal- og kunstfag didaktikk
- Morten Dahlseng Røsbak - grunnskoledidaktikk
- Sanna Pauliina Törmälä-Tranberg - pedagogikk, kunstfagdidaktikk (permisjon fom. august 2025 - tom. juli 2028)
Les meir om dei tilsette i PPU- seksjonen

Fakultetet si PPU-utdanning har eii unik profilering av pedagogikk innan musikk, dans, drama og teater. Denne profilen blir mellom anna kjenneteikna av eit rikt forgreina entreprenørskap innan kunstområdet, med vekt på å gje grunnlag for allsidig utøvande og pedagogisk yrkesinnsats. Kontakten med praksisfeltet omfattar både pedagogiske og utøvande område.
Seksjonen kan og tilby ei Viderutdanning for praksislærarar i kunstfaga musikk, dans og drama/teater. Vidareutdanninga er eit samlingsbasert enkeltemne på 15 studiepoeng som strekk seg over eit heilt år.
Bjergsted kulturpark er ein smeltedigel av arbeidsliv, og PPU-utdanninga har samarbeidsavtale med Stavanger kulturskule og MDD ved Stavanger katedralskule. Elles er vi innom ulike grunnskular i Stavanger og Randaberg, og ved Vågen vidaregåande og Sandnes kulturskule.
Alle som underviser og rettleier på PPU-utdanninga har høg pedagogisk og didaktisk kompetanse og kunstfagleg bakgrunn.



