Sjefredaktør Lars Helle blir førelesar ved UiS

Eit nytt kapittel står på trappene for avtroppande sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Lars Helle. Delar av kapittelet skal han skrive som førelesar på medieutdanningane ved Universitetet i Stavanger.

Published Sist oppdatert

Lars Helle, sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, blir førelesar ved Universitetet i Stavanger. Foto: Stavanger Aftenblad.

– Eg har alltid vore oppteken av universitet si plass i samfunnet, og da tenkjer eg særskild på formidlingsforpliktingane, både overfor studentar og samfunnet. Det er eg glad for å få lov til å vera med på, seier Helle.

Gler seg til diskusjonar og refleksjonar

Denne hausten tek han fatt på ei 20 prosent stilling som universitetslektor ved Institutt for medie- og samfunnsfag. Akkurat kva emne han skal undervisa i, er framleis under planlegging, men han veit allereie no kva som blir blant det viktigaste å læra journalistikkstudentane.

– At ting går fort og heng saman, men at gode forteljingar kjem alltid til å leva, berre i forskjellige format, seier han.
Helle har 35 års erfaring frå mediebransjen, dei siste ti som sjefredaktør i Stavanger Aftenblad. I tillegg har han ei jussutdanning i bagasjen, og han har god erfaring med studentkontakt, både gjennom undervising og Aftenbladet som praksisplass. No ser Helle fram til å skapa engasjement blant studentane ved UiS.

– Eg gler meg til diskusjonar med studentane om aktuelle pressefaglege spørsmål, det er eit område kor det ofte ikkje er ei klar sanning. Presseetikken endrar seg i tråd med tidsanda, og den endrar seg fordi samfunnet endrar seg. Så å få i gong diskusjonar og å reflektera over problemstillingane me står i, både med dei som skal bli journalistar og dei som går på andre utdanningar, gler eg meg til, seier han.

Engasjert førelesar som snakkar fort

Og for studentane som får Helle som førelesar, gjeldar det å skjerpa skriveferdigheita. Han er nemleg klar på kva type førelesar han kjem til å bli:

– Ein som snakkar altfor fort, seier han, før han legg til:

– Eg er veldig engasjert, så eg skal bruke det engasjementet slik at dei ikkje kjedar seg altfor mykje.

Dekan ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, Turid Borgen, er fornøgd med det nye tilskotet på medieutdanningane.

– Lars Helle sit på mykje kunnskap og har bidrege stort til mediemiljøet i Stavanger-regionen og Noreg i fleire tiår. Me har lenge hatt eit godt samarbeid med Aftenbladet og Lars, og no gler me oss til han kjem enda tettare på fagmiljøet. Det blir eit verdifullt tilskot for både studentar og UiS som heilskap, seier Borgen.

Tekst: Live Kolstad Kvalsvik