Spennande haust i Steffens-salong

Denne hausten diskuterer me akademisk ytringsfridom, urban folkehøgskole og moderne medisin på Steffens-salong. Arrangementa er gratis og opne for alle.

Published Sist oppdatert

Salongserien er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger og Stavanger kommune, og er kalla opp etter den Stavanger-fødde naturforskaren og filosofen Henrik Steffens. Me inviterer til føredrag, diskusjonar og samtalar inspirert av hans liv og virke. Målet er å dele kunnskap og fremje kritisk refleksjon. Kvar salong har òg eit kulturelt innslag.

Festival-Steffens

Salonghausten vert sparka i gong med eit salongsamarbeid med Forskingsdagane og Kapittel. 21. september spør me korleis det står til med ytringsfridomen i akademia? Dei som svarer, er UiS-rektor Klaus Mohn, administrerande direktør i NOKUT Kristin Vinje, og professor og forfattar Jan Inge Sørbø. Sistnemnde var med i kommisjonen for ytringsfridom.

– Vilkåra for ytringsfridom har endra seg radikalt sidan Jürgen Habermas publiserte si epokegjerande studie Borgerlig offentlighet: dens fremvekst og forfall i 1962, seier Benedikt Jager frå UiS, som saman med Terje Torkildsen er initiativtakar til salongane.

– Den gong så nok mange på den aktuelle situasjonen som dystopisk oppspinn. Men sigersgangen til sosiale media har så til dei grader endra rammene for kommunikasjonskulturen i høgare utdanning.

Ei som har skildra ulike ytringsformer og ytringsrom i akademia, er Helene Uri. Under salongen på Sølvberget les ho frå De beste blant oss.

Steffens som pedagogisk inspirator

Tema for den andre salongen er pedagogikk. Her skal det mellom anna handle om Steffens som inspirasjonskjelde for danning og utdanning. Den som skal fortelje meir om det, er rektor på Stavanger Urban Folkehøgskole Geir Bakken. Salongen finn stad 6. oktober på Stavanger kunstmuseum.

Etter føredraget vil kurator Vibece Salte visa oss rundt i den nye utstillinga Ruth Asawa – Citizen of the Universe. Kunstnaren Asawa var oppteken av at barn måtte få møte kreative fag i skulen, lenge før slike fag blei vanleg, og ho via store deler av karrieren til å arbeide med undervisning.

Paa dette Skib hadde det været en Deel ryggeløst Mandskab, som søkte Conversation med det norske Quindekjøn der i havnen og omgrensende Gaarde

Den danske legen Honoratius Bonnevie

Steffens, Stavanger, pest og nye SUS

I den siste salongen dette året kjem forfattar Sven Egil Omdal. Han har gravd i den lokale sjukehushistoria, frå middelalderens hospital til Nye SUS. Her dukkar også far til Henrik opp, nemleg legen Heinrich Steffens. Han kom til Stavanger for å få bukt med den smittsame sjukdomen radesjuka, som òg vart kalt den stavangerske pesten.

23. november får du høyre meir om sjukdomen skulle endre norsk medisinsk historie, og som førte til at vår mann Henrik Steffens vart fødd nettopp i Stavanger. Salonglokalet denne dagen ligg passande nok i det helsevitskapelege fakultet på Universitetet i Stavanger.

Hit kjem òg Randi Tytingvåg Trio, som på musikalsk vis vil slå an tonen for Omdals forteljing.

Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. UiS vil i samarbeid med Stavanger kommune arrangera ein serie slike salongar fram mot 250-årsjubileet for den stavangerfødde filosofen og professoren Henrik Steffens i 2023. Jubileet skal markerast med ein Steffens-konferanse september 2023.