Steffens-salong: Til ungdommen

Torsdag 30. mars 2023 kl. 17:30-18:30,
Teaterkafeeen, Rogaland Teater.

Kan ungdom i dag kjenne seg att i lidenskapen og frustrasjonane til ein ung mann anno 1774?

Published Sist oppdatert

Forelsking, kjærleiksorg og overveldande kjensler er noko mange unge kan kjenne seg att i. Men kor mykje har eit ungt sinn endra seg på 250 år? Kan scenetekster bety noko for dagens ungdom på same måte som krafta i Goethes Unge Werthers lidelser gjorde i 1774?

Arrangementet er gratis, men hugs å booka ein billett via Rogaland Teater

Collage med fire portrettbilder
Panelet som skal diskutere scenetekst for unge

I år feirar me at det er 250 år sidan filosofen, naturvitskapsmannen og forfattaren Henrik Steffens vart fødd i Stavanger

Det blir sagt at Steffens var tenkjaren som tok med seg romantikken til Norden. Han hadde nære band til fleire sentrale europeiske tenkjarar i si tid, og hang mellom anna saman med forfattarane Goethe og Schiller, som var dei store trendsetjarane i romantikken. Steffens var på mange vis datidas influensar, og Goethe var ikkje mindre enn ein superkjendis i si samtid.

Ungdommer ligger tett sammen
Frå Unge Werthers lidelser på Rogaland Teater

Unge Werthers lidelser er kanskje den mest berømte kjærleiksromanen i verda. Historia er like enkel som ho er klassisk: Ein ung gut møter ei jente og blir stormforelska. Jenta er allereie saman med ein annan, og trekantdramaet er eit faktum. Guten klarer ikkje å gi slipp, og som vi alle veit: det er kraft i ung kjærleik!

I vårens andre Steffens-salong tek me utgangspunkt i teater og litteratur for ungdom og unge vaksne. Unge Werthers lidelser var den første ungdomsromanen i historia. På salongen spør me: Av kven og korleis skal det lagast scenekunst og scenetekst for eit ungt publikum i dag? Kvifor skal me laga scenetekst for unge? Og kan scenetekster i dag røra ved og bety noko for dagens ungdom på same måte som krafta i Goethes Unge Werthers lidelser gjorde i 1774?

Panelet som skal svare på desse spørsmåla er:
Nina Godtlibsen, dramaturg på Unge Werthers lidelser
Terje Torkildsen, forfattar som har iscenesett sin eigen ungdomsroman
Maria Drangeid, tidlegare Barne- og ungdomsteatermedlem som både er diktar og regissør og har eit interessant og annleis blikk for kva teater kan vera

Moderator er Balder Scheen, som også har lang fartstid frå Barne- og ungdomsteateret.

Nytt gjerne høvet til å få med deg teaterframsyninga kl. 19.00. Merk at billetter til denne må kjøpast separat.

Gratis påmelding til salongen hos Rogaland Teater

Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. Salongane skal fremje kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og danning og er eit samarbeid mellom UiS og Stavanger kommune.

Vårens program i Steffens-salong