I slutten av februar er det eit år sidan Russland og Putin angreip Ukraina. Kvifor gjorde Putin det? Og kva slags konsekvensar har dette hatt for Noreg og Europa?
Henrik Steffens levde i ei tid prega av Napoleons herjingar og erobringar, og han hadde svært lite til overs for krigshissaren. Steffens var òg sjølv med i krigen. Mellom anna deltok han i erobringa av Paris, ei oppleving han har skildra i erindringane sine.
I slutten av februar er det eitt år sidan Putin gjekk til angrep på Ukraina og det på ny braut ut krig i Europa. Russlands invasjon av Ukraina har påverka oss alle. Ikkje sidan andre verdskrig har Europa opplevd ein så stor krig på eige kontinent. Korleis kan vi forstå krigen? Korleis har krigen utvikla seg det første året? Og kva er konsekvensane for Noreg og Europa?
Dette skal Tormod Heier frå Forsvarets høgskole snakke om i årets første salong onsdag 22. februar. Heier har jobba mykje med skjeringsfeltet mellom politikk og militærmakt, og i tillegg forholdet mellom Noreg, USA og Russland. Dermed har han innsikt og betraktningar som er svært aktuelle og kan hjelpe oss å forstå bakgrunnen for og konsekvensane av Putins krig mot Ukraina i eit politisk og militærstrategisk perspektiv.
Kulturinnslaget denne gongen står songarar frå det ukrainske vokalensemblet « Mrija» for. Dei vil framføre folketonar frå Ukraina.
Arrangementet er et samarbeid med Den norske historiske forening (HIFO) i Rogaland.
Salongen finn stad i Arne Rettedals hus på Universitetet i Stavanger, Ullandhaug. Frå klokka 16.30 byr me på ein matbit, før det vert musikk og foredrag frå kl. 17.00. Arrangementet er opent og gratis for alle. Av omsyn til matserveringa ber vi om at du melder deg på.

Tormod Heier er professor i militær strategi og operasjonar og forskingsleiar ved Stabsskolen på Forsvarets høgskole. Han er òg professor II ved Høgskolen Innlandet og dosent ved Försvarshögskolan i Stockholm. Heier har bakgrunn frå blant anna Brigade Nord, Etterretningstenesta og Forsvarsdepartementet, og han har skrive ei rekkje bøker om norsk sikkerheits- og forsvarspolitikk. Det siste året har han hyppig kommentert krigen i Ukraina i media.
Det ukrainske vokalensemblet «Mrija» vart oppretta i 2022 og er ein del av Ukrainsk Forening i Rogaland. Songarane er flyktningar frå Ukraina og ukrainarar som har budd lengje i Noreg. Koret syng ukrainske folkesongar, og har mål om å introdusere verda for songar og tradisjonar frå heimlandet. Dei samarbeider med norske kor og har halde fleire konsertar for å samle inn pengar til Ukraina.
Ein Steffens-salong er ein arena for kunst og kunnskap. Salongane skal fremje kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og danning og er eit samarbeid mellom UiS og Stavanger kommune.