Hopp til hovedinnhold

To UiS-toppar i klimautval

I lågutsleppsutvalet som i dag blei nedsett av regjeringa, finn vi to profilerte UiS-forskarar – samfunnsøkonomane Klaus Mohn og Ola Kvaløy.

Publisert: Endret:

Ola Kvaløy og Klaus Mohn
Samfunnsøkonomane Ola Kvaløy og Klaus Mohn skal sitte i eit utval som skal tilrå retning for Noregs klimapolitikk.

Utvalet er sett ned for å staka ut ein kurs for korleis Noreg skal nå klimamåla i 2050.

Les pressemeldinga frå regjeringa: Klimautval skal vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050

Siviløkonomen Martin Skancke leier utvalet, som skal levere ei samla utgreiing og tilråding i form av ein NOU innan november 2023. Med seg på laget har Skanche blant anna fått samfunnsøkonomane Klaus Mohn og Ola Kvaløy, som begge er professorar ved Handelshøgskolen ved UiS.

– For omstillings-universitetet i Stavanger er det særs smigrande å få heile to representantar med i eit slikt viktig utval, seier Klaus Mohn, som no er rektor ved UiS.

Mohn meiner at det er lite som kjennest meir meiningsfylt for ein akademisk forskar enn å få høve til å påverke politikk og samfunnsutviklinga – og til å løyse dei store samfunnsutfordringane, som klimaendringane representerer.

– Klimaendringane utgjer ei stor samfunnsutfordring, som berre forsking, kunnskap og nyskaping kan løyse, påpeiker Mohn.

Oppdatere klimamål

Klimaloven slår fast at målet skal vere at klimagassutsleppa blir reduserte i storleiksorden 90–95 prosent frå utsleppsnivået i 1990. Som part til Parisavtalen skal Noreg kvart femte år melde inn nytt eller oppdatert klimamål. For å fremme omstilling til eit lågutsleppssamfunn forpliktar klimaloven regjeringa til å kvart femte år legge fram eit oppdatert klimamål for Stortinget. 2050-utregeiinga, som dei to UiS-leiarane skal bidra til, vil gje viktige innspel til disse prosessane.

– Omstillinga til eit samfunn med låge utslepp er spesielt krevjande for Noreg, som lenge har levd høgt på utvinning av olje og gass. Med mykje vasskraft er utsleppa allereie låge frå hushald og føretak, og frå oljeverksemda er det kostbart å få utsleppa vidare ned, seier Mohn om dei utfordringane Noreg står overfor.

Skal vurdere mål i høve til kostnad

I  mandatet kan ein lese at hovudføremålet til utvalet er å gjere ei heilskapleg utgreiing av dei vegvala Noreg står overfor for å nå klimamålet i 2050, og vise korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050, på ein mest mogleg kostnadseffektiv måte, med effektiv ressursbruk og eit konkurransedyktig næringsliv. Denne omstillinga må også medverke til ei utvikling som sikrar naturmangfaldet og eit berekraftig velferdssamfunn. Utvalet skal vurdere måloppnåing og nytte i høve til den samfunnsøkonomiske kostnaden.

I utgreiinga av ulike vegval for korleis Noreg kan bli eit lågutsleppssamfunn i 2050 bør utvalet ta i betraktning:

  • Samanhengar i politikken på kort, mellomlang og lang sikt, og vurderingar av samfunnsøkonomisk nytte og -kostnader.
  • Klimarisiko (overgangsrisiko).
  • Problemstillingar knytte til rettferdig omstilling og geografiske skilnader på vegen til eit lågutsleppsamfunn.
  • Teknologiutviklingens påvirkning på kostnader, priser og markedsstruktur.
  • Noregs forhold til EU og regelverksutvikling i EU.
  • Samanhengar mellom åtferdsmønster, berekraftig levesett og lågutslepputvikling.
  • Problemstillingar knyta til lokale og nasjonale avgjerdsprosessar og styringssystem.
Erfarne i utval

Mohn satt i Klimarisikoutvalet som kom med si innstilling Klimarisiko og norsk økonomi i 2018. Også dette utvalet var leia av Martin Skancke.

Kvaløy sit allereie i skatteutvalet, som skal foreta ei heilheitleg gjennomgang av det norske skatte- og avgiftssystemet.

Det er lite som kjennest meir meiningsfylt for ein akademisk forskar enn å bidra til å løyse store samfunnsutfordringar.

Klaus Mohn