Tv-debatt: Er sommarferien for lang?

KSU-leiar Elaine Munthe stilte opp då TV2 ville ha eit forskingsblikk på om sommerferien for norske skuleelevar burde vore kutta ned på.

Published Sist oppdatert

Portrett av Elaine Munthe
Elaine Munthe, senterleiar for Kunskapssenter for utdanning (KSU). (Foto: Elisabeth Tønnessen)

«Ingen tør å si det, men sommerferien er altfor lang,» var den spissformulerte inngangen til TV2 Nyhetskanalen i programmet Norske tilstander 19. mai.

KSU-leiar Elaine Munthe sa ja til å vera med i diskusjonen om skuleferien til norske elevar burde vore kutta ned i kortare bitar.

– Forskinga me har på feltet er frå USA, og den indikerer at barn kan oppleve eit såkalla læringstap i løpet av sommarferien, kanskje spesielt innanfor matematikk og lesing. Dei kan rett og slett gløyme ein del av det dei har lært tidlegare. Det betyr at lærarar bruker ein god del tid på repetisjon, og det kan óg bety at nokre elevar sakkar akterut - dei mistar ein del læring som andre elevar ikkje har mista, poengterte Munthe innleiingsvis.

Ho presiserte at me ikkje har forsking i norsk samanheng på om annan organisering av sommarferien er av det gode i høve til fagleg utvikling, noko ein gjerne skulle ha hatt.

– Det hadde difor vore frykteleg spennande om ein kommune hadde gått inn i dette feltet og gjort ei forsøksordning på dette feltet, oppmoda KSU-leiaren.

Du kan streama programmet her (krev abonnement/innlogging)