Universitetet i Stavanger blir partnar i eit klimainitiativ frå næringslivet som skal auke farten i det grøne skiftet.

Rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger (UiS) og Bjørn Kjærand Haugland, administrerande direktør i Skift, har nyleg inngått ein formell samarbeidsavtale som gjer UiS til kunnskapspartnar i Skift.
Skift samlar leiande verksemder og akademiske institusjonar for å drive fram løysingar som reduserer utslepp og fremjer grøn verdiskaping.
Drivkraft for grøn omstilling
– UiS tek mål av seg å vere ein drivkraft for grøn omstilling. Det skal vi blant anna gjere ved å prioritere forsking som bidreg til ei berekraftig utvikling. Vi skal stimulere til grøn næringsverksemd og utvikle kompetanse som stør det grøne skiftet, seier Klaus Mohn.
Han peikar på at det å drive fram omstillinga berre kan skje dersom ein samarbeider godt på tvers av akademia, arbeidslivet og næringslivet.
– Felles for alle er ambisjonen om å drive fram løysingar som reduserer utsleppa og bidreg til eit meir berekraftig samfunn, legg rektoren til.
Samarbeid på tvers
For å kutte klimagassutsleppa krevst det store strukturelle samfunnsendringar.
Frå før samarbeider Skift med fleire universitet: Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Tromsø (UiT,) Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og Universitetet i Agder (UiA). Alle er dei kunnskapspartnarar i Skift.
– Eit tett samarbeid med akademia er viktig for å utvikle riktig kunnskap, innovere nye forretningsmoglegheiter og løfte fram nasjonale eksempel som kan spele ein avgjerande rolle i den grøne omstillinga, fortel Kjærand Haugland.
Akademia som nøkkel i omstilling
– For Skift er det avgjerande å ha med sterke akademiske miljø som kan bidra med ny kunnskap, nye perspektiv og som utdannar framtidas leiarar og endringsagentar, seier Kjærand Haugland.
Universitetet i Stavanger kombinerer solid fagleg tyngde med ein klar ambisjon om å vere ein pådrivar for grøn omstilling.
– Vi ser fram til å få med UiS på laget og dra nytte av deira tverrfaglege kompetanse innan teknologiutvikling, grøn byutvikling og fornybar energi, påpeiker Skift-direktøren.
Tekst: Karen Anne Okstad, Universitetet i Stavanger