UiS og internasjonale konfliktar

Krig og konflikt ulike stader i verda påverkar mange studentar og tilsette. Her finn du informasjon om våre tilbod og retningsliner i slike saker.

Publisert Sist oppdatert

Som statleg institusjon følgjer UiS hovudlinene i norsk utanrikspolitikk. Det gjeld for eksempel sanksjonar, innkjøpspolitikk, eksportkontroll og reiseråd. UiS har også eigne vedtak og retningsliner på einskilde område.

Vi har også eit ansvar for å ta vare på studentar og tilsette som blir påverka av krise eller konflikt. Dei blir fulgt opp av sine fakultet eller einingar, og har andre tilbod dei kan bruke ved behov.

Under finn du meir detaljer om spesifikke tema.

Trenger du nokon å snakke med?

Er du emosjonelt påverka av ei dramatisk hending, fins det nokon du kan snakke med.

To kvinner sitter med hendene foldet.

Tilsette som er berørt av krig, konflikt eller andre opprørande hendingar kan ta kontakt med sin næraste leiar. Dei kan også kontakte Bedriftshelsetenesta (se HMS-håndboka på intranett).

Studentar kan nytte følgande tilbod:

Samtaletime

Dersom du har samtalebehov kan du booke samtaletime hos SiS. Dersom det hastar med å få hjelp fins det fleire hjelpetilbod for studentar som kan vere til nytte.

Studentprest

UiS har også ein eigen studentprest. Studentpresten kan vere til støtte for deg som er student når du opplever at noko er krevjande.

Retningsliner for støtteerklæringar og flagging

UiS har rutinar for flagging, støtteerklæringar og andre markeringar ved store hendingar og konfliktar i verda.

Alle verdas land.

Det er mange saker ein kan ha ei meining om, støtte eller fordømme. Vi har kome fram til at det ikkje er vår rolle som institusjon å kome med støtteerklæringar og fordømmingar.

UiS si rolle er å leggje til rette for ytringsfridom og meiningsmangfald. Vi ønskjer blant anna å vere ein open debattarena for alle samfunnsspørsmål. På den måten kan vi engasjere oss til dømes for kollegaer og studentar i land der utdanning og forsking har vanskelegare kår enn i Norge.

Dersom universitetet er direkte involvert i hendinga, vil vurderinga vere annleis.

Rutine for flagging ved UiS

UiS har ein hovudflaggstong på "Flagghøgda" og fem flaggstenger utanfor Arne Rettedals hus.

Det samiske flagget.

Desse reglane gjeld:

  • Norsk flagg (statsflagget – med splitt og tunge) heisast på hovudflaggstonga på alle offisielle flaggdagar. Eit unntak, sjå neste punkt.
  • Samefolkets nasjonaldag, 6. februar: Det samiske flagget heisast på hovudflaggstonga.
  • Andre faste flaggdagar: Semesteropning, årsfest. Då brukast vanleg flagg (handelsflagg/festflagg) på hovudflaggstonga.
  • Festivalar: Under Forskningsdagane og andre festivalar der UiS er medarrangør nyttast eigne flagg/banner på flaggrekka foran Arne Rettedals hus. Avklarast med Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (AKS). Under Skeivå Rogaland Pride nyttast UiS-flagg på stong nummer tre.
  • Handelsflagg/festflagg (nasjonalflagg) på halv stong på flagghøgda ved gravferd av tilsette, studentar og andre personar med sterk UiS-tilknyting.
  • Andre lands flagg kan enkelte dagar heisast ved sida av det norske flagget foran Arne Rettedals hus, av omsyn til internasjonal høflegheit (formelle besøk av statsleiing e.l.). Avklarast med Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt (AKS).
  • Unntak frå flaggrutina må godkjennast av AKS. Rektor ønsker ein restriktiv praksis.

Flaggreglane blei sist oppdaterte 6. januar 2026.

Midtøsten

UiS har i mange år hatt samarbeid med Israel og Palestina, men har avslutta våre avtalar med Israel.

Et barn i ruiner løfter et teppe
Eit born fotografert i Gaza. (Foto: Pixabay, Hosny Salah)

Ved styremøtet 6. juni 2024 vedtok styret at UiS skal avslutte institusjonelt samarbeid med Israel.

På bakgrunn av vedtaket avslutta UiS i 2024 ein samarbeidsavtale med Universitetet i Haifa om praksisopphald for sjukepleiestudentar.

Forskingsprosjektet Polysulfate feasibility study med Israel Chemicals Ltd. (ICL Group) var allereie avslutta i juni 2024. UiS har ingen andre institusjonelle forskingssamarbeid gåande.

Når det gjeld Staten Palestina, har UiS i mange år utveksla studentar og tilsette med An-Najah National University i Nablus. Det er ingen utreisande studentar per no grunna Utanriksdepartementet sine reiseråd.

Vi har i tillegg ein samarbeidsavtale med Palestine Ahliya University gjennom NORPART-prosjektet AIESI (Applied Informatics for Energy System Integration). Prosjektet avsluttes i desember 2026.

Universitetet i Stavanger har blitt med i NorPal. Konsortiet består av norske høgare utdanningsinstitusjonar som skal samarbeida om gjenoppbygginga av høgare utdanning og forsking i Palestina.

UiS sin innkjøpspolitikk

Økonomi- og IT-avdelinga har fått henvendelsar frå tilsette som lurer på om Israels krigføring på Gazastripa får konsekvensar for vår innkjøpspolitikk.

Universitetsbiblioteket i Stavanger
UiS følgjer anbefalingar frå myndigheitene.

Som offentleg verksemd må UiS forhalde seg til nasjonale myndigheiter, og følgjer deira anbefalingar og retningsliner. Hittil er det ikkje innført statleg boikott mot Israel. 

UiS forheld seg til DFØs retningsliner for innkjøp, og anbefalingar frå Etisk Handel Norge. Vi følgjer opp våre leverandørar i tråd med anbefalingar frå DFØ og deira rettleiing for offentlige anskaffing.  

Innkjøpspolitikk

Spørsmålet om Israel si krigføring får følgjer for innkjøpspolitikken vart svara på av Staten sitt innkjøpssenter, som er kunnskapssektoren sin tenesteleverandør, 18. juni 2024 som svar på brev frå Universitetet i Agder 30. mai 2024.

I svaret heiter det at «Statens innkjøpsenter vil følge opp Regjeringens fraråding om handel og næringsvirksomhet med israelske bosettinger av 7. mars i forbindelse med fremtidige anskaffelsesprosesser og i kontraktsoppfølging av inngåtte fellesavtaler i samsvar med ovennevnte». 

PC

Nokre tilsette har spurt spesifikt om det er mogleg å kjøpe ny pc som erstatning for dagens HP-maskin. Årsaka er at HP blir kritisert for å levere teknologi som blir brukt av Israel i krigføringa i Gaza. UiS har per i dag ikkje alternativ innanfor universitetets innkjøpsavtalar som vil tilfredsstille dette ønsket.  

Airbnb

Airbnb skal ikke benyttes, jmf. vedtak pkt. 2 fra styremøtet 6. juni 2024 i forbindelse med styresak “Anmodning om akademisk boikott av Israel".

UiS si støtte til Ukraina

UiS støttar ukrainske studentar og har forskingssamarbeid med Ukraina.

Hender danner hjerte i gult og blått

Mange unge ukrainarar flykta etter Russlands fullskalainvasjon i 2022. UiS har teke imot mange av desse og gitt dei opplæring i norsk språk og kultur. Ein god del har også blitt tatt opp på engelskspråklege masterprogram.

UiS har vore medarrangør eller bidrege på anna vis til konsertar og andre arrangement for ukrainarar i Stavanger. Universitetet støttar sosiale aktivitetar retta spesielt mot ukrainske studentar, i regi av studentpresten.

Senter for barnehageforsking, Filiorum, har laga eit digitalt bibliotek for ukrainske flyktningbarn.

I 2026 starta UiS eit forskingsprosjekt med Lviv Polytechnic National University. Saman skal dei utvikla nye, berekraftige natriumbatteri ved hjelp av avansert nanoteknologi. Den ukrainske ekspertisen skal bidra til å forbetra effektiviteten til batteria, med potensial for brei bruk i Europa.

Dette er ein del av Regjeringa sitt prosjekt om å knyte forskingsmiljø frå dei to landa saman. Forskingsrådet har godkjend og gitt økonomisk støtte til prosjektet.