UiS og Olympiatoppen styrker satsinga på toppidrett og utdanning

Olympiatoppen og Universitetet i Stavanger har signert ein ny samarbeidsavtale som skal styrke både idrett, folkehelse og tilrettelegginga for toppidrettsutøvarar i høgare utdanning.

Publisert Sist oppdatert

To menn signerer på hvite ark
Toppidrettssjef Tore Øvrebø og UiS-rektor Klaus Mohn signerer avtale om samarbeid.

Avtalen blei signert av toppidrettssjef Tore Øvrebø og UiS-rektor Klaus Mohn.

Med ei ny samarbeidsavtale på plass tek Olympiatoppen og Universitetet i Stavanger eit nytt steg for å sikre betre vilkår for toppidrettsutøvarar som vil kombinere idrett og utdanning.

UiS bidrar til å utvikle toppidretten

Rektor Klaus Mohn meiner avtalen er viktig for både universitetet og idretten:

– For UiS og fagmiljøet vårt innan idrett er det viktig å kunne bidra til å utvikle toppidretten samtidig som vi utdannar framtidas yrkesutøvarar.

Rektor peiker på at det kan vere krevjande å kombinere to karriereløp.

– Målet er ikkje å senke krava, men å gjere det mogleg å møte dei på ein realistisk måte.

– Vi er glade for at idrettsutøvarar vel UiS når dei vil studere. Og vi følger stolt med når studentane våre hevdar seg i toppen av idretten sin, la Klaus Mohn til.

Skal styrke toppidretten ved UiS

Avtalen omfattar tilrettelegging av studiar for toppidrettsutøvarar og toppidrettstrenarar, vidareutvikling av idrettsfaglege studium, sambruk av testlaboratorium og forskingssamarbeid.

Toppidrettssjefen, Tore Øvrebø, takka for samarbeidet og la vekt på at idrettsutøvarane sine livskarrierar skal ha eit humanistisk basert utviklingsforløp.

– For nokre idrettsutøvarar handlar det i ein periode av livet om å bli best i verda, og her kjem Olympiatoppen og UiS sitt samarbeid godt med. Sidan UiS har investert i denne laben er det ei glede for oss å kunne utvide samarbeidet vårt, seier Øvrebø.

Toppidrettssjefen peika på at det er vinn-vinn-samarbeid då akademia treng praksisfeltet og praksisfeltet treng akademia.

Fem menn smiler mot kamera
Frå venstre: Førsteamanuensis i idrettsfag Håvard Myklebust (leiar for UiS folkehelse- og idrettslab på UiS), toppidrettssjef Tore Øvrebø, UiS-rektor Klaus Mohn, førsteamanuensis og fagkonsulent for Olympiatoppen Thomas Bjørnsen og Morten Eklund, regionleder for Olympiatoppen Sørvest. 

Idrettslab i toppklasse

Samarbeidet skal gi betre tilgang til trenings- og testfasilitetar på Campus Ullandhaug for utøvarar definert av Olympiatoppen Sørvest.

UiS har bygd ein lab og investert i utstyr i dialog med Olympiatoppen. Utstyret på UiS er identisk med utstyret som er på Olympiatoppen på Sognsvann.

– Det betyr at utøvarane her på UiS kan utføre dei same testane, på det same utstyret, med den same kvaliteten som dei gjer på Sognsvann, fortel Morten Eklund, regionsleiar for Olympiatoppen Sørvest. 

Førsteamanuensisane Håvard Myklebust (leiar for UiS folkehelse- og idrettslab) og Thomas Bjørnsen (fagkonsulent for Olympiatoppen) er begge i faggruppa for idrettsvitskap ved UiS. Dei ser fram til det vidare samarbeidet.

Myklebust og Bjørnsen viser til at dei har forskingssamarbeid med mellom anna toppidrettsutøvarar frå Oilers og Viking – begge klubbane har brukt laben.

– Med den nye laben som samlingspunkt for fagleg utvikling og eit tettare og meir formalisert samarbeidet med Olympiatoppen, vil vi både få meir praksisnær undervisning i studia våre og samtidig bidra til at toppidrettsutøvarane i regionen kan utvikle seg vidare, avsluttar dei.

Tekst og foto: Karen Anne Okstad, kommunikasjonsrådgjevar UiS