UiS-professor sentral i ny TV-dokumentar

Forskingsarbeidet til Marie Smith-Solbakken med fleire andre knytt til UiS står sentralt i den nye dokumentarserien "Katastrofen Kielland" som går på TV2 i desse dagar.

Published Sist oppdatert

Marie Smith-Solbakken. (Foto: Øystein Eldholm/Screen Story)

Sidan 2013 har oljehistorikaren ved Universitetet i Stavanger forska på Norges største industriulukke. Ho og hennar medarbeidarar har intervjua over 300 personar som på ulike måtar har vore knytt til den fatale Alexander I. Kielland-ulukka. Mange pårørande slit framleis med vonde minner og spørsmål dei ikkje har fått svar på – 40 år etter. Nå vier TV2 ein heil dokumentar-serie til forskaren og dei kring henne sitt arbeid og til ulukka som ramma så hardt.

– Som samfunn er vi aldri blitt ferdige med å forstå årsaka til – og omkostninga av – Alexander Kielland-ulukka. Sjølv om det raskt kom opp ei forklaring på kva som var bakgrunnen for at den flytande plattforma havarerte, var det mange av dei som vart råka av ulukka som ikkje hadde tillit til den forklaringa som granskingskommisjonen peika på, fortel historieprofessor Marie Smith-Solbakken.

Ho har det siste tiåret gjort eit kartleggingsarbeid omkring ulukka. Saman med ei gruppe forskarar, forfattarar og journalistar møtte UiS-professoren i åra frå 2014 til 2017 om lag 300 tidsvitne som på ulike vis kjende på konsekvensane, og noterte seg det dei fortalte om sine minne rundt ulukka.

–  Alle dei som gjennomførte intervjua satt igjen med same inntrykk, eit slags metaminne, nemleg at vi veit ikkje kva som skjedde. Dei som på ulike vis var knytt til ulukka sit med ei kjensle av å ha blitt ignorert. Mange fortel om opplevingar med å ha relevant informasjon som ingen var interessert i. Det vart ikkje loggført, dei blei ikkje høyrt, meiner Smith-Solbakken.  

Bustadplattforma «Alexander L. Kielland» kantra i Nordsjøen 27. mars 1980. 123 mann mista livet, 89 overlevde medan 30 personar aldri vart funne. Dette er den største industrilulukka i Noreg nokon sinne, og mange meiner at årsaka til katastrofen framleis ikkje er kjent.

Dette kjem også klart fram i dokumentarserien, der filmteamet følger Smith-Solbakken og fleire av dei ho har jobba tett saman med, frå hausten 2019. 

–  Screen Story har mellom anna vore med oss på møter med informantar som var tett på ulukka i 1980. Dei har vore godt førebudde, og det er kjekt å sjå at andre også vil vere med på å fortelje historia om korleis det har vore å leve i skuggen av Kielland-ulukka. Vi opplever at Screen tar på alvor dei enorme konsekvensane ulukka hadde for enkeltskjebnar, og er villige til å la alle stemmane kome fram, fortel Smith-Solbakken.  

Minnearkiv

Ei av dei som har jobba saman med UiS-professoren og som dukkar opp i serien er Ellen Kongsnes.  Tidlegare journalist i Stavanger Aftenblad, no førstelektor ved UiS. Ho vart i utgangspunktet spurt om å vere med på å gjennomføre nokre av intervjua med aktørane som på ulike måtar opplevde ulukka.

–  300 stemmer frå pårørande og dei som opplevde ulukka er no samla i ein digital minnebank på Universitetet i Stavanger, seier Kongsnes.

Kvinne med rød jakke og mann med blå jakke står oppreist utendørs og ser alvorlig rett inn i kamera
Ellen Kongsnes og Tor Gunnar Tollaksen har begge jobba med Kielland-ulukka som journalistar i Stavanger Aftenblad. (Foto: Øystein Eldholm/Screen Story)

Ho vart sidan den som grov fram «det franske forliket». Dette vart ei vendepunkt i Kiellandsaka i nyare tid og ein viktig faktor i at Riksrevisjonen tok opp saka og gjorde ei vurdering av ny gransking.

–  Merksemda rundt ulukka la seg i stord grad etter at plattforma vart seinka i Nedstrandsfjorden. Det var lite snakk om ulukka i norsk offentlegheit før Smith-Solbakken byrja å skrive ut det ho fann i sitt kartleggingsarbeid, meiner Kongsnes.

Godt samspel mellom forskarar og journalistar og djupe dykk i ei rekke ulike arkiv har fått fram at årsaka bak ulukka etter alt å døme var meir samansett enn det som kom fram i det opphavlege granskingsutvalet si forklaring.

–  Det var ikkje vår plan å gå inn i dette med årsaker då vi starta arbeidet, men det vart raskt klart at årsaker var ein sentral del av minna, fortel Smith-Solbakken.

Les også: Professoren som snudde forteljinga om "Alexander Kielland"-ulykka

Ringverknadar

Sjølv har ho fått kjenne på skuldingar om forskingsjuks i kjølvatnet av avsløringane. Saka vart avvist før den nådde den etiske komitéen ved UiS. Smith-Solbakken sit med ei klar kjensle av å ha utfordra sterke næringsinteresser som opplever forskingsfunna som provoserande.

–  Det er no ein gong slik at vi har aldri påstått at vi har funne den eine sanne forklaringa. Vi peikar berre på at heile biletet har ikkje kome fram. Ingen har så lagt kunne peike på faktiske feil verken i forskingsarbeidet mitt eller gravejournalistikken til Stavanger Aftenblad i denne saka, poengterer Smith-Solbakken. Ho held fram: –  Vårt spørsmål har vore korleis ulukka verka på ein heil generasjon og kva ringverknadane har vore. Vi skjønte ikkje at vi stakk handa i eit vepsebol då vi begynte å bla i papirhaugane i Riksarkivet.  

Og siste vers i visa om plattforma som ikkje kunne velte er ikkje sunge enno. På UiS held forskingsarbeidet fram, og dei som ser dokumentaren vil kjenne att både stipendiatar og studentar.  

–  Mellom anna er ein av journalistane i Aftenbladet som har jobba med saka over dei siste åra, Tor Gunnar Tollaksen, no i gang med å skrive doktorgrad om korleis historia om Alexander Kielland-ulukka har blitt fortalt dei siste førti åra. Vi har allereie sett om lag 20 FoU-oppgåver skrive av studentane våre på bakgrunn av dette arbeidet, og fleire blir det nok. Minnebanken er open og tilgjengeleg, og eg håpar den kan nyttast også av andre i vidare forsking, seier Smith-Solbakken.

Og kanskje viktigast av alt, dokumentarserien viser noko av det Smith-Solbakken og kollegane verkeleg har kjent at gir meining:

–  Prosjektet vårt har brakt folk saman som før ikkje har møttest, og det har vore mykje heling i det. Vi har lytta til minna, høyrt om detaljane dei etterlevande er opptekne av, og vi har klart å gi nokre av dei svar på ting dei har lurt på i over førti år.

Vidare har forskinga ført til at folk vågar og har fått ein arena der dei kan vere opne om det dei opplevde, om minna sine og om erfaringane med det manglande støtteapparatet etter den mørke marskvelden.

–  Eg hadde opphavleg tenkt å anonymisere informantane, men det ville dei ikkje. Tvert i mot har dei uttrykt ønske om å vere opne kjelder med fullt namn, slik at familie og andre seinare kan finne dei att i arkiva, slik at minna deira får leve vidare, avsluttar Marie Smith-Solbakken.  

Sjå serien på TV2.no

Tekst: Anja Kristin Bakken