Universitetet i Stavanger (UiS) innfører lågare studieavgifter for internasjonale studentar utanfor EØS og Sveits frå og med studieåret 2026/2027.

– Dette er eit viktig grep for å styrkje UiS som eit attraktivt og internasjonalt forskingsuniversitet, seier prorektor for utdanning, Bjørg Oftedal.
UiS ønskjer å få fleire internasjonale søkjarar, fordi:
- Universitetet i Stavanger skal vere eit ope universitet. UiS har alltid vore eit internasjonalt universitet i ein region med eit rikt internasjonalt næringsliv, der 21,4 prosent av innbyggjarane kjem frå heile 160 ulike land.
- Studentar frå alle verdsdelar bidreg til eit betre studie- og læringsmiljø. Dette er verdifullt for både studentar og forskingsmiljø.
- Erfaringa viser at dei fleste av våre internasjonale studentar får jobb i Rogaland eller andre delar av Noreg, fordi dei har ettertrakta kompetanse.
To satsar
Den nye prismodellen inneber to satsar (per år / 60 studiepoeng):
- 60 000 kroner for humaniora, samfunnsfag og økonomisk-administrative fag
- 85 000 kroner for realfag, teknologi, helse-, sosial- og idrettsfag, lærarutdanning og utøvande kunst- og mediefag
Prisane gjeld òg for studentar med opptak før 2026. UiS publiserer dei nye satsane allereie no, før lova vert endra, for å gi studentane føreseielegheit.
Lovendring
Dei nye satsane kjem som følgje av ei varsla lovendring, som opnar for at universiteta kan fastsetje lågare avgifter. Tidlegare måtte universiteta krevje avgifter som tilsvarar full kostnadsdekning, inkludert alle direkte og indirekte kostnader knytte til studietilbodet over tid.
Det har likevel vist seg at svært få studentar frå dei aktuelle landa har betalt desse summane. I 2025 betalte berre 13 av 79 studentar frå land utanfor EØS studieavgift ved UiS. Dei andre hadde stipend eller oppfylte krava til fritak.