Utdannings- og læringsmiljøprisen 2021

Kva for nokre miljø eller enkeltpersonar ved Universitetet i Stavanger er gode på tilrettelegging for studentane si læring gjennom medviten, fagleg, pedagogisk og sosial innsats?

Published Sist oppdatert

Føremålet med utdannings- og læringsmiljøprisen ved Universitetet i Stavanger er å anerkjenna godt arbeid med utdanningskvalitet og læringsmiljø, og stimulera til systematisk kvalitetsarbeid i utdanningane. Spesiell innsats for tilrettelegging av det fysiske og psykososiale læringsmiljøet ved UiS kan òg leggast til grunn. I tillegg rettar prisen seg og mot godt utdanningsfagleg arbeid med utdanningane.

Prisen kan tildelast ein tilsett, eit institutt, eit studienivå innan eit studieløp, ei faggruppe ved eit institutt, ei administrativ eining eller annan eining ved Universitetet i Stavanger med ansvar for eit avgrensa studium eller undervisingseining.

Tiltaket som blir vurdert må vera gjennomført i samarbeid mellom studentar, undervisingspersonale, administrativt personale og evt. andre aktørar. 

Alle tilsette og studentar kan nominera kandidatar.

Fristen for å senda inn forslag til kandidatar er 28. april 2021. Forslag skal sendast til post@uis.no med referanse 21/01731.

Prisen er på 50.000 kroner og eit diplom. Vinnaren får prisen under UiS sin årsfest i oktober 2021.