Hopp til hovedinnhold

Vårprogrammet for Steffens-salong 2022

I 2023 er det 250 år sia naturforskaren og filosofen Henrik Steffens vart fødd i Stavanger. Som opptakt til jubileet har UiS i samarbeid med Stavanger kommune tatt initiativ til ein salongserie som skal fremje kritisk refleksjon, kunnskapsdeling og danning. Arrangementa er gratis og opne for alle.

Publisert: Endret:

Arrangement våren 2022

Mars

Verden på trykk: Kart, kunnskap og konflikter

April

Resiliens

Mai

Den norske Grunnlova

Henrik Steffens var ein mann med eit glødande engasjement og mange interesse. Han studerte naturvitskap, medisin og geologi, underviste på universitetet, skreiv dikt og bøker, og han var framfor alt særs aktiv i den offentlege samtalen.

Våren 2022 vert det arrangert tre salongar der temaet på eit eller anna vis er knytt til Steffens' liv og virke. Det er professor Benedikt Jager og forfattar og kulturarbeidar Terje Torkildsen som står bak arrangementsserien.

– Salongane skal vere eit forum for tankeutveksling. Me ønsker å sette den vitskaplege samtalen i kontakt med andre tilnærmingar, som for eksempel den kunstnariske, og la det historiske møte det dagsaktuelle, seier Jager.

Sjølv om Steffens levde i ei heilt anna tid, er det lett å trekkje parallellar til tema og spørsmål som opptar oss i dag. Med Russlands invasjon av Ukraina blei vårens salongprogram enno meir aktuelt enn då planlegginga tok til.

– Steffens si samtid var sterkt prega av Napoleonskrigane som i fleire omgangar teikna kartet over Europa på nytt. Både i krigen og livet elles opplevde Steffens mykje elende og motgang, og han takla det på ein måte som er tilnærma uforståeleg for oss i dag, fortel Jager.

Tema våren 2022

I vårens fyrste Steffens-salong på IDDIS 17. mars gir historikar Marie-Theres Fojuth publikum ein leksjon i kritisk kartlesing. Med historiske og aktuelle kart som eksempel viser ho korleis kart kan vere ei kjelde både til kunnskap og konflikt. Utviklinga innan trykkekunsten har vore særs viktig for kartografien, og arrangementet vert avslutta med ei omvising i dei nye utstillingane til IDDIS.

Den andre salongen skal handle om smerte/resiliens. Kor mykje smerte toler me – både fysisk og psykisk, som individ og som samfunn? Har innstillinga til smerte og ubehag endra seg? Syr me for mange puter under armane på barn, elevar, studentar og kollegaer? Er det på tide at me utviklar meir resiliens? Desse spørsmåla er utgangspunktet for ein diskusjon mellom studentar, legar og psykologar på Universitetsbiblioteket i Stavanger den 21. april.

Siste salong før sommarferien finn stad 19. mai. Då kjem historikar Ruth Hemstad for å berette korleis den norske grunnlova frå 1814 vart brukt både som inspirasjon og åtvaring andre stader i Europa. Steffens omsatte tidleg Grunnlova til tysk, og var såleis med på å gjere dei liberale ideane kjend ute i Europa. I salongen deltar og Øyvind Rimbereid, som har utforska lovens vesen, kjelder og labyrintar i diktsamlinga si Lovene