Hopp til hovedinnhold

Om UiS

Universitetet i Stavanger har ein innovativ og internasjonal profil og er ei drivkraft i kunnskapsutviklinga og endringsprosessar i samfunnet.

Publisert: Endret:
Nøkkeltal
Studentar

12 000

Studieprogram

Bachelorprogram 34 Masterprogram 60 Ph.d.-program 5

Tilsette

1900

Satsingsområde

Grøn omstilling Energi Helse og velferd Læring for livet Eit ope universitet Eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Ph.d.-kandidatar

415

Sjølv ser eg for meg eit universitet med studentar som har eit reflekterande søk mot meining og eit driv etter å gjere verda betre.

UiS skal vere eit ope universitet med høg trivsel blant våre studentar og tilsette.

Vår felles retning skal drivas fram av omtanke for berekraftig omstilling og rettferdig samfunnsutvikling, gjennom nye måtar å forvalte naturressursane på og ved å legge til rette for betre byar og lokalsamfunn.

Energi, helse og velferd, læring for livet er våre satsingsområde.

I samspel og dialog med våre omgjevnadar regionalt, nasjonalt og internasjonalt har vi eit ope og innovativt klima for utdanning, forsking, kunstnarisk utviklingsarbeid, nyskaping, formidling og museumsverksemd.

Den faglege verksemda ved UiS er organisert i seks fakultet med 13 institutt og 2 nasjonale forskings- og kompetansesenter i tillegg til Arkeologisk museumUiS EVU er universitetet si eining for etter- og vidareutdanning.

Grafane for forsking ved UiS har dei siste åra peika jamt oppover. Samanlikna med dei andre universiteta er vi tredje best på publisering per vitskapleg tilsett.

Mange av dei eksternt finansierte forskingsaktivitetane skjer i samarbeid med forskingsinstituttet NORCE Norwegian Research Centre. Det er òg fleire senter for forsking som er etablert mellom UiS og NORCE og andre aktørar.

Innovasjonsselskapet Validé er vårt reiskap for å fange opp forskingsidear som kan utviklast og brukast i samfunns- og næringsliv. Validé driv teknologioverføring, kommersialisering og inkubatorverksemd, og er lokalisert i Innovasjonspark Stavanger. Inkubator er ei oppstarthjelp for nyetablerte verksemder.

Studentsamskipnaden i Stavanger og Studentorganisasjonen StOr tek seg av studentvelferd og studentane sine rettar.

Universitetet i Stavanger er medlem i det europeiske nettverket for innovative universitet – European Consortium of Innovative Universities (ECIU).

UiS ligg i den mest attraktive regionen i landet med 300 000 innbyggjarar. Regionen har ein dynamisk arbeidsmarknad og tilbyr ei rekke spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Folken er studenthuset i Stavanger sentrum.