På sporet - eit svar på kva tidleg innsats i begynnaropplæringa kan vere

Kva er tidleg innsats i lesing? Korleis gjer me det heilt konkret? Dette spørsmålet er dagsaktuelt trass i at tidleg innsats har vore offentleg politikk over lang tid.

Published Sist oppdatert

Lærer hjelper elev

Norske skolar har plikt til å tilby eigna intensiv opplæring i lesing til elevar på 1. til 4. trinn som står i fare for å bli hengande etter. På sporet gir eit svar på korleis intensiv opplæring for elevar som strevar med å komme i gang med lesing på første trinn kan gjennomførast.

På sporet-opplegget er eit forskningsbasert, intensivt og motiverande undervisningsopplegg. Tiltaka er forma med tanke på å fremje ferdigheiter som er avgjerande for at elevar skal lukkast med lesing.

På sporet er lagt opp for å gjennomførast i små grupper mens resten av klassen har ordinær stasjonsundervisning - i eller utanfor klasserommet.

Opplegget er skildra i en manual med 100 undervisningsøkter over 25 veker. Kvar økte består av fire mindre delar kvar på 10 minutt, kalla ABC, LES, SKRIV og FORSTÅ.

Ein grunntanke i På Sporet er at elevane må arbeide både med deler (lydar, bokstavar og ord) og heilskaper (ord, tekstar) samstundes, og at dei gjennom denne vekselverknaden vil gjere viktige oppdagingar om skrift og tekst i sin eigen takt.

Til opplegget høyrer digitale lesespel (Google play, Appstore), kartleggingsverkty, undervisningsopplegg i form av manual, opplæringspakkar i Språkløyper - alt fritt tilgjengeleg. Dokumentasjonen av prosjektet finst her. 

Språkløyper-opplegget finn du her: 

På sporet – tidlige intensive tiltak