Lyser ut stipendiatstilling i samarbeid mellom sjukehus og universitet

Betre tenester for kreftpasientar er målet når Stavanger Universitetssjukehus og Universitetet i Stavanger saman lyser ut ei stipendiatstilling for sjukepleiarar.

Published Endret
Stavanger Universitetssjukehus på Våland (Foto: Svein Lunde, Helse Stavanger).

Kreftavdelinga ved Stavanger Universitetssjukehus (SUS) og SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet I helsetjenesten ved Det helsevitskaplege fakultet, Universitetet i Stavanger har inngått eit innovativt samarbeid i utlysinga av ei stipendiatstilling innan sjukepleie.

I motsetning til stillingar utlyst ved eit universitet eller finansiert av arbeidsgivar, deler institusjonane denne gangen på lønsmidlane. Dei involverte fortel at dei ikkje veit om nokon andre kliniske avdelingar som gjer noko som dette i samarbeid med eit universitet.

– Samarbeid mellom institusjonane har vore ønskt over mange år og endeleg får vi det til. Det blir applaudert frå begge institusjonar, og vi er alle veldig spent på korleis dette blir og kva det kan bidra med. Vi har aldri gjort det før så dette blir spennande å følgja framover.

Det seier Tove Hausvik Alfsvåg som er avdelingssjef ved Avdeling for blod- og kreftsjukdommar ved SUS.

Auka kompetanse ved kreftavdelinga 

Alfsvåg og hennar kollega Tonje Øderud, fagsjef for sjukepleiartenesta, fortel at dei opplever samarbeidet mellom sjukehuset og UiS som bra. Dei håper likevel at denne stillinga kan bidra til å knyta institusjonane tettare saman og heva den akademiske kompetansen i klinikken.

– Dette er spesielt viktig med tanke på utvikling av sjukepleiarfaget ved kreftavdelinga og omlegginga til master i kreftsjukepleie ved UiS, seier Alfsvåg.

Bilde av to kvinner foran et maleri
Tonje Øderud og Tove Hausvik Alfsvåg ved kreftavdelinga ved SUS er spent på samarbeidet. (foto: privat)

Kandidaten vil vera tilsett på sjukehuset og få rettleiing frå forskarar ved forskingssenteret SHARE og ved sjukehuset. Øderud fortel at forsking på sjukepleie og kreftfaget vil bidra til heving av kompetanse, status og gi økt rekruttering.

– Dei tilsette på kreftavdelinga vil sjå kandidaten i avdelinga og få ta del i prosessen med ph.d-arbeidet. Kandidaten vil inngå i ein plan for kompetanseheving ved avdelinga, og vi håper på sikt at dette vil motivera fleire tilsette til å søka eit slikt utdanningsløp, seier ho.

Flytting til nytt sjukehus

Utlysinga inneheld nokre tematiske område, eller moglege prosjekt for kandidaten.

Det eine prosjektet er tilknytt kvalitet og pasienttryggleik i overgangar, og er svært aktuelt med tanke på planlegging og flytting av kreftavdelinga ved SUS til nytt sjukehus i 2024.

Flytting til nye SUS medfører at kreftavdelinga vil driva på to ulike stader ein periode, poliklinikk på Våland og sengepostar på Ullandhaug. Å følgja prosessen med førebuing og flytting til ny kreftavdeling i nytt sjukehus kan gi viktig kunnskap til leiinga for å sikra kvalitet og pasienttryggleik i flytteprosessen.

Brukarinvolvering etter alvorlege hendingar i kreftomsorga

Det skjer fleire uønskte hendingar blant kreftpasientar enn andre pasientar og behovet for å redusera risiko og sikra oppfølging og læring er særleg aktuelt.

Derfor omhandlar det andre foreslåtte prosjektet involvering av pasientar, pårørande, etterlatte og helsepersonell ved alvorlege hendingar, og korleis dei involverte blir følgde opp og varetatt.

Leiarane ved kreftavdelinga meiner at klinikknær forsking er framtida og at forsking på desse områda vil gi kunnskap som det er viktig å ha med inn i eit nytt sjukehus.

Raskare implementering av kunnskap

Inger Johanne Bergerød, kreftsjukepleiar og forskar ved SHARE vil vera rettleiar for kandidaten saman med senterleiar Siri Wiig. Dei er også svært fornøgde med å få til dette samarbeidet.

– Ein av grunntankane med denne typen stilling er at ein er i tettare samarbeid med praksisutøvarar, altså dei som skal ha nytte av forskinga i arbeidskvardagen sin. Den store fordelen er at nærværet og kontakten med forskaren blir forsterka gjennom tett dagleg dialog i eit felles prosjekt forankra og prioritert av og i avdelinga, seier Bergerød som som sjølv gjennomførte sin doktorgrad i samarbeid mellom SUS og UiS.

Ho legg til at synergiene ein kan sjå for seg kan vera mange, men viktigast trur ho er raskare implementering av kunnskapsbasert etterleving i klinisk arbeid.

– Av erfaring vil eg også seia at det vil gi eit godt fagleg fundert grunnlag for refleksjon om arbeidsmåtar og avgjerder som blir tekne på vegne av, og som har noko å seia for, pasient og pårørande.

Dersom dette er av interesse for deg, finn du stillingsutlysinga her.

Kontakt

Postdoktor innen kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten
University of Stavanger
Det helsevitenskapelige fakultet
Avdeling for kvalitet og helseteknologi