Påskehelsing

– Ei sak står fast. Etter dette kjem det betre tider.

Published Sist oppdatert
Påskegelsing frå rektor 3. april 2020.

Studentar, tilsette og venar av Universitetet i Stavanger,

Håpar det står bra til med dykk, alle saman!

Etter å ha blitt kullkasta av korona-krisa gjennom tre passe ville veker, ser det no ut til at me alle er i ferd med å gå oss til i ein ny normal. Eller unormal, om de vil. Sjølv om situasjonen kan ha sine positive sider, så trur eg alle gler seg til det heile er over.

Oppi det heile er eg faktisk ganske så stolt. Over innstilling og innsats. Over dugnadsånd og omstillingsevne. Og over profesjonaliteten og roen som har prega alle lag av organisasjonen gjennom den siste månaden.  

Alle har fått kjenne situasjonen på kroppen. Men spesielt tøffe tider har dei hatt, dei som er velsigna med kompetanse innan helseområdet. Ved Fakultet for helsevitskap har studentar meldt seg i hopetal til innsats for eit hardt pressa sjukehus. På tilsvarande vis har tilsette ved UiS stilt seg til rådvelde for opplæring og eigeninnsats på diverse spesialfelt med relevans for koronakrisa. Sist, men ikkje minst har me samla saman alt me kunne finne av smittevernutstyr ved UiS, og sendt dette over til Stavanger Universitetssjukehus. Verkeleg noko å være stolt over.

Samstundes veit eg at ein del av dykk har hatt det tøft. Det forstår eg. Som student strid det jo nærmast mot naturen å måtte være for seg sjølv. Enkelte av dykk har i tillegg mista både arbeid og inntekt. Me er mange som no er pressa saman til arbeid på heimebane, med familie og ungar rundt oss. Samstundes står krava til innsats og resultat langt på veg ved la. Det er sanneleg ikkje bare bare for nokon.

Då kan det være nyttig å minne seg om krisa treff oss alle på om lag same viset. Me er alle i same båt. Så husk at sjølv om innsatsen me no legg ned til tider kan kjennast tung, så er gevinsten stor for fellesskapen.

Med det me no gjer, så tek me ein for laget!

No som høgtida nærmar synest eg og me skal sende ein tanke til dei som har det verre enn oss. Offentleg sektor er på sett og vis skåna for dei verste konsekvensane, men i privat sektor er det mange som har mista jobben, i alle fall inntil vidare.

I tillegg er me heldige som er norske. Me har musklar i form av milliardar til å stå i mot krisa med, og til å støtte dei som blir ramma hardast. Dette set oss i ein særeigen og privilegert situasjonen i samanlikning med andre land.

Så om du er blant dei som er usikre på kva du skal gjere til hausten, eller om du kjenner nokon som ikkje veit kva dei skal studere? Ikkje nøl med å søke studier ved Universitetet i Stavanger. Sjekk tilbodet vårt på uis.no, og send søknad innan 15. april!

Men no er det påske. Og pause.

Nytt tida godt, til å ta vare på deg sjølv og dei nærmaste, til å samle krefter og lade batteria, til å mobilisere motivasjon for tida som kjem.

For det er ikkje over enno. Men samstundes kan jo påska minne oss om utsiktene til omslag, fornying og gjenreising.

Ei sak står fast. Etter dette kjem det betre tider. I dag er campus-området stengt. Men ein dag skal me vende tilbake. Ein dag skal de alle være velkomne. Til yrande liv, fagleg fellesskap og lærerikt samspel.

Tenk på dette når tida kjennest som tyngst. Etter går det raskt mot lysare tider. Krisa kan ikkje stoppe våren. Og heller ikkje oss. Saman skal me kome sterkt tilbake!

Ha ei retteleg fin påske!