Vil du ta ein ph.d. ved UiS?

Vurderer du å ta ein ph.d.-utdanning ved UiS? Sjå våre ledige stillingar og korleis du kan søke på dei.

Publisert Sist oppdatert
Fakta
Varighet

Doktorgradsløpet gjennomførast vanlegvis på tre til fire år.

Søknadsfrist

Kontinuerleg opptak. Stipendiatstillingar lysast ut på Jobbnorge.

Gruppebilde av doktorar tilstede på årsfesten 2022.

Slik søker du på ein ph.d.-utdanning

For å ta ein ph.d.-utdanning, treng du ein relevant femårig mastergrad og finansiering.

Søk på ein stipendiatstilling

Dei fleste ph.d.-kandidatar fullfinansierar utdanninga gjennom stipend. Det gjer du ved å søke på ein stipendiatstilling som blir lagt ut på Jobbnorge.

I utlysingane står alle krava til søknaden din. Normalt består det av ei prosjektskisse og fleire kvalifikasjonskrav. Når du blir tilsett i ei stipendiatstilling, inneber det at du blir teken opp på eitt av UiS' fem ph.d.-program.

Ph.d.-utdanning med ekstern fiansiering

Du kan også søkja opptak til ph.d-utdanning med ekstern finansiering. Økonomiske forhold knytt til ph.d.-studiet skal avklarast mellom finansierande part og UiS før søknad om opptak til ph.d.-studium kan godkjennast. For søkjarar som ikkje er fullfinansierte gjennom stipendordningar, krevst det dokumentasjon for at minst 50 % av arbeidstida under studiet kan nyttast til forskarutdanning og at minst eitt år kan avsetjast til heiltidsstudium. Les meir om søknad om opptak til ph.d.

Nærings- og offentleg sektor ph.d.

Arbeidsgivar kan søkja ordninga offentleg sektor-ph.d. eller nærings ph.d. for sine tilsette. Den offentlege verksemda eller bedrifta kan få eit økonomisk tilskot gjennom Forskingsrådet, som svarer til halve stipendsatsen i tre år. Slike prosjekt er eit samarbeid mellom tre partar: den offentlege verksemda, UiS og kandidaten. Les meir om nærings- og offentleg sektor ph.d.

Dr. philos

Doctor philosophiae (dr. philos) er ein ikkje-rettleidd doktorgrad som kan tildeles akademikarar som har utført forskingsarbeid og skrive ei avhandling på eiga hand. Les meir om Dr. philos.

Vegen vidare

Kom i gang med ph.d.-utdanninga

Sjekklisten for deg som skal starte på ein ph.d.-utdanning.

Ph.d.-utdanning ved UiS

Alt om ph.d.-utdanninga vår.

Våre ph.d.-program