Vellykka forskarkurs i metasyntese

Universitetet i Stavanger samla nyleg 39 forskarar frå Noreg, Danmark, Sverige og Finland til ei digital samling om forskingstilnærminga metasyntese.

Published Endret
Forskerkurset ble avholdt digitalt. Dette ga gode muligheter for internasjonal deltakelse.

Å laga kunnskapsoppsummeringar basert på kvalitative studiar, også kalla metasyntesar, er ein forholdsvis ny forskingsmetode. Universitetet i Stavanger gjennomførte nyleg eit firedagars forskerkurs i metasyntese med ekspertar innan forskingsfeltet.

– Som tilnærming har metasyntesar potensiale til å fremma kunnskaps– og praksisutvikling gjennom nye tolkingar og ny teori. Metasyntesar samlar, vurderer, samanliknar, analyserer og syntetiserer kvalitative studiar om menneskes levde erfaringar basert på spesifikke problemstillingar, forklarar Terese Bondas. 

Ho er professor ved Universitet i Stavanger og ansvarleg for kurset «Metasynthesis - Research Course in Advanced Qualitative Methods» saman med professor Elaine Munthe, senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning.

– Metasyntesar er ein viktig del av kunnskapsbasert praksis og kan òg framme utvikling innan kvalitative metodar, kritisk diskusjon innan ulike fag, og tverrvitskapleg samarbeid og dialog, seier ho vidare.

Internasjonal og tverrfagleg deltaking

Forskerkurset vart organisert av Det helsevitskaplege fakultet i samarbeid med Kunnskapssenter for utdanning ved UiS. Kurset samla 39 deltakarar frå ulike universitet og høgskular i Noreg, Danmark, Sverige og Finland.

– Det var stor interesse for kurset og vi fekk gode tilbakemeldingar i etterkant. Deltakarane var doktorgradskandidatar, postdoktorar og professorar frå ulike fagområde som utdanningsvitskap, samfunnsfag og økonomi, i tillegg til sjukepleie- og helsevitskap, fortel Bondas.

Metodeutviklarar innan fagfelta sine

Til kurset vart leiande internasjonale forskarar invitert som forelesarar. Deltakarane fekk kunnskap om ulike forskingsdesign innan metasyntese, planlegging av søkestrategiar og litteratursøk, og kritisk vurdering og evaluering av kvalitative studiar.

Kurset hadde eit særleg fokus på metaetnografi. Dr. Emma France er leiar for forskargruppa eMERGe ved University of Stirling i Skottland som utviklar retningslinjer for metaetnografi, og bidrog med interessante og lærerike forelesingar under ein av seminardagane.

Dr. Andrew Booth ved University of Sheffield i England løfta krevjande spørsmål knytt til systematiske oversikter, spesielt innan kvalitative metasynteser, og Dr. Gabriele Kitzmüller ved UiT tok for seg metaforar i kvalitative metasynteser.

– Aukar kvaliteten på arbeidet

– Det var fantastisk å kunna lytta til internasjonale ekspertar innan feltet og ha høve til å stilla dei spørsmål, seier Aina B. Leikens, universitetslektor og doktorgradskandidat i helse og medisin ved UiS.

Sjølv om kurset vart gjennomført digitalt, var opplegget interaktivt med gruppearbeid og øvingar som gjorde at ein likevel klarte å gå i djupna på det som er vanskeleg og problematisk innan tilnærminga.

Leikens fortel vidare at kurset svarte godt til forventningane, og ho opplevde deltakinga som nyttig draghjelp i arbeidet med doktorgraden.

– Eg sit midt i ein prosess der eg skriv ein metaetnografi, så for min del var kurset veldig relevant. Det å ha gjennomført kurset akkurat no, bidrar til å auka kvaliteten på arbeidet mitt. Eg vil anbefala det til andre som skal bruka denne metoden, seier ho.

Samarbeid med Kunnskapssenter for utdanning

Kunnskapssenter for utdanning skal samanlikna og formidla nasjonal og internasjonal forsking på utdanningsområdet, og arbeida systematisk med å vidareutvikla sjangeren kunnskapsoppsummeringar.

Senteret var såleis ein naturleg samarbeidspartnar i planlegging og gjennomføring av kurset.

– Vi håper at mange fleire innan utdanningsforsking vil få auga opp for både behovet vi har for metasyntesar av kvalitativ forsking og korleis arbeidet med metasyntesar kan styrka eigen forskingskompetanse og fagleg forståing, seier Elaine Munthe, professor og senterleiar ved Kunnskapssenter for utdanning.

Ho legg òg til at senteret har sett stor pris på å samarbeida med professor Bondas som har vore sentral i utvikling av metasyntesar og doktorgradsopplæring i metasyntese i fleire tiår.

Fakta

Kurset DHV211 Metasynthesis - Research Course in Advanced Qualitative Methods er utvikla av Terese Bondas i samarbeid med fleire nordiske og internasjonale kollegaer som ein del av nettverket Childbearing, og har tidlegare vorte gjennomført ved ulike universitet i Norden. Kurset er anbefalt til doktorgradsstudentar som bruker kvalitative metodar og for vitskaplege tilsette.