Praksis for humaniorastudentar

Våren 2019 tilbyr Universitetet i Stavanger for første gang praksis som del av studiet for bachelorstudentar i humaniorafag.

Published Sist oppdatert
Lizelle Haugland har jobba tett med programsjef Birk Magnussen under praksisopphaldet på KåKå Kverulantkatedralen. (Foto: Anja Kristin Bakken)

Publisert første gong 24.4.2019.

– Praksis er gull verd med tanke på å få relevant arbeidserfaring, noko som kan kome godt med når eg skal søke jobb seinare, seier Mikal Håland. Han er i ferd med å avslutte bachelorgraden i historie, og skriv bacheloroppgåva parallelt med at han er i praksis på MUST – Sjøfartsmuseet i Stavanger.

I denne første runda er det 5 studentar som er ute i praksis hjå tre bedrifter.

– Vi har studentar på KåKå Kverulantkatedralen, Arkivenes hus, og på Sjøfartsmuseet, fortel Brita Strand Ranges, prodekan for utdanning ved Fakultet for Utdanningsvitskap og humaniora ved UiS. Dei fem søkte og var på intervju hjå bedriftene før dei fekk tilbod om praksisplass.

– Dette er del av eit målretta arbeid for å gjere studentane betre førebudde på arbeidslivet. Vi har så vidt byrja, og vil arbeide for å få på plass fleire gode avtalar med arbeidslivet. Praksis er eit godt høve til å løfte blikket og reflektere over kva moglegheiter som ligg i utdanningane, seier Rangnes.

Praksisemnet gir 15 studiepoeng, og totalt er studentane 225 arbeidstimar ute i verksemdene i løpet av ein 12- vekers periode. – Dette er primært eit tilbod til dei som går siste året på bachelorgrada. Tanken er at emnet skal la seg kombinere med å skrive ferdig bacheloroppgåva, fortel Rangnes. 

Les også: Humaniorastudentane får praksis

Kritisk tenking på Kåkå

Ved Kåkå Kverulantkatedralen har engelsk-studenten Lizelle Haugland fått høve til å praktisere kritisk tenking dei siste månadane.

– Eg er veldig glad for dette høvet til å vere i praksis, og bidra til eit tettare samarbeid mellom UiS og Kåkå Kverulantkatedralen, seier Lizelle Haugland. 23-årngen studerer engelsk og historie, og har fått prøve seg på programarbeid, arrangementsgjennomføring og samarbeid med studentorganisasjonar dei siste månadane.

Kåkå Kverulantkatedralen er debatthuset i Stavanger som tar mål av seg å styrke ueinigheitsfellesskapet. – Vi er på mange måtar ei opplæringsplattform, og ønsker å bidra til meir kritisk tenking, seier programsjef Birk F. F. Magnussen. Han er klar på at praksisordninga er ein opplæringssituasjon som er nytt og ukjent territorium for alle partar.

Lizelle trivst i det vesle miljøet på kontora i Kirkegata, og opplever det som nyttig å bli drilla i å tenke kritisk rundt ulike problemstillingar. – Det er svært relevant for meg ikkje berre når eg no skriv bacheloroppgåve, men også i vidare studie- og arbeidsløp, meiner ho.   

Programsjefen set pris på sjansen til å styrke banda mellom UiS og Kåkå Kverulantkatedralen.– Få av dei tinga KåKå jobbar med har eit klart fasitsvar, vi legg til rette for vide samtalar, og det er alltid spanande å sjå om vi treff. For oss er difor dette også ein gylden anledning til å få eit utanfrå-blikk på oss som organisasjon, seier programsjefen.

Kombinasjon av jobb og studium

Ved å få studiepoeng for å vere utplassert på ein relevant arbeidsstad, kan studentane kombinere den trygge studiebobla med den ekte arbeidsmarknaden. For Mikal Håland sin del er det ikkje aktuelt å søke jobb riktig enda, han tar etter planen fatt på mastergrad i historiedidaktikk til hausten.

– Eg har blitt tatt godt i mot på museet, og det er fantastisk å få ha praksis på ein plass som er full av kunnskapsrike folk som jobbar med fagfeltet som eg skriv bacheloroppgåve om, fortel Mikal.

Leiaren hans på MUST i denne perioden er museumspedagog Kristin Vestrheim Cranner. Ho var aldri i tvil om å takke ja då UiS tok initiativet til eit samarbeid om praksis.

– Formidling er ein viktig del av det vi held på med på museet, og det er noko som går igjen overalt, i mange jobbar. Praksisen vil for vere relevant og nyttig, nesten uansett. Samstundes er det berre ein del av oppdraget vårt som maritimt museum. Like viktige delar er forvaltning og samlingsstyring, fortel Cranner. 

Historiestudenten er på si side glad for å få praktisk erfaring og innblikk i måtar som utdanninga hans kan brukast på. I tillegg er det kjekt. – Eg får vere med på å utvikle undervisningsopplegg og prøve meg som formidlar. I tillegg har eg lært veldig mykje om museumsdrift og breidda i den rolla museet har. Dette kan eg verkeleg anbefale andre å prøve! seier Mikal Håland.