Hopp til hovedinnhold

Prestisjefylt støtte til UiS-forskar

Professor Natalia Kucirkova ved Læringsmiljøsenteret er tildelt Jacob Foundation Fellowship for perioden 2021-2023. Ho vert med dette første «fellow» frå eit norsk universitet.

Publisert: Endret:
Professor Nataliia Kucirkova. Foto: privat.

Stipenda frå Jacobs Foundation vert tildelt yngre forskarar frå eit breitt spekter av fagområde, men som har det til felles at forskinga er retta mot å forbetre utvikling, læring og levekår for born og unge.

Forskarar over heile verda konkurrerer om stipenda og blant dei om lag 12 som vert tildelt stipend kvart år, finn ein ofte ei tilhøyring til prestisjefylte universitet som Harvard, Stanford, Yale, Oxford og Cambridge. Professor Natalia Kucirkova er den første frå eit norsk universitet til å motta denne prestisjefylte støtta. Det er såleis svært gledeleg og ei ære at dette stipendet er tildelt ein forskar frå UiS, fortel rektor Klaus Mohn.

– Det er gledeleg at ein av våre forskarar mottek ei slik prestisjetildeling i skarp internasjonal konkurranse, og på eit område som er strategisk viktig for oss. Denne tildelinga viser at UiS har unge framifrå forskarar som kan hevde seg i den internasjonale forskingstoppen, seier Mohn.

Skal undersøke multimediale personlege historier

Natalia Kucirkova forskar blant anna på små born sine leseopplevingar, og er spesielt oppteken av barn sine leseøvingar ved bruk av e-bøker og leseappar. I tillegg til professorstillinga si ved Læringsmiljøsenteret, sit ho også i leiinga på Filiorum – senter for barnehageforskning ved UiS. I tillegg er ho professor ved Open University og «visiting professor» ved University College London.

– Eg er svært begeistra over nyhenda om at eg har motteke Jacobs Foundation Fellowship, og eg ser veldig fram til å jobbe med dette. Med dette stipendet skal eg undersøke multimediale personlege historier laga av og for små born – og den innverknaden dette kan ha, seier Kucirkova. 

Multimedial historieforteljing er ein måte å formidle historier på som blandar stillbilete, levende bilete, skrift og lyd, og sett dei saman i eit nytt og integrert uttrykk. Gjennom hennar «fellowship», skal ho kombinere innovativ teknologi med tradisjonell forskingsmetodar for å styrke barn sine leseferdigheiter.

– Eg kjem til å trekke inn innsikt frå psykologi, utdanning, interaksjon mellom menneske og datamaskin samt nytte litterære teoriar for å utvikle forskingsbaserte tiltak for å auge barn sitt engasjement når det kjem til digitale tekstar. Desse tekstane kjem i ulike formar, men eg kjem til å setje fokus på dei som kan lagast av barn på nettbrett, fortel Kucirkova.

– Kan utvide horisonten deira

Born mellom fem og seks år vil vere deltakarar i Kucirkova si forsking. Dei skal ha rolla som forfattarar og skal dikte opp eigne historier og byggje opp historiene sine gjennom eigne tekstar, bilete og lydfiler. Kucirkova seier at det vil bli spennande å sjå kva type historier som passar best for dei ulike borna, og om ulike kontekstar også kan seiast å spele ei rolle.  

Å respektere borna sine stemmer i prosessen med å lage historier og historieforteljing, handlar om å gje dei passande verktøy og støtte som igjen kan bidra til å styrke deira individualitet samstundes som det kan bidra til å utvide horisonten deira, fortel ho.

–  Eg vil difor utforske kva rolle kulturen har å seie i dette samt lærarar sine haldningar og korleis dei legg til rette for borna sine moglegheiter til å lage historier. Eg kjem til å kople på designarar og utgjevarar i forskinga mi, slik at denne innsikta ikkje berre vert tilgjengeleg i akademiske tidsskrifter, men også vert implementert i klasseroma og tatt med i design av nye e-bøker, fortel UiS-professoren.  

Tildelt talentfulle og innovative forskarar

Jacobs Foundation Research Fellowship program er eit globalt prestisjefylt stipendprogram for yngre forskarar som arbeider mot å forbetre utvikling, læring og levekår for born og unge. Dei aktuelle fagområda inkluderer blant anna utdanningsvitskap, psykologi, økonomi, sosiologi, familiestudiar, medievitskap, statsvitskap, lingvistikk, nevrovitskap og medisin vitskap.

Stipenda vert tildelt talentfulle og innovative forskarar som er på eit tidleg punkt i karrieren sin, og som har teke ein doktorgrad i løpet av dei siste 10 åra. Finansieringa frå Jacobs Foundation vert tildelt institusjonen til dei som motteke stipendet, og kan nyttast av stipendiaten over ein periode på tre år.

Tekst: Maria Gilje Strand

Omtalt i saka

51834522
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora

Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning
Professor

– Eg er svært begeistra over nyhenda om at eg har motteke Jacobs Foundation Fellowship, og eg ser veldig fram til å jobbe med dette.

Natalia Kucirkova

Vil du lese fleire nyheiter frå Læringsmiljøsenteret?

Hvordan skal skolene arbeide for å sikre trygt og godt læringsmiljø?

Hva er det greit å spørre elevene om, og hvilke metoder skal skolene bruke i arbeidet med å avdekke mobbing? Det er to s...

Disputas: Fagfolk misforstår barn med Smith-Magenis' syndrom

Ny kunnskap om sjeldent syndrom stiller krav til skolen, viser ny doktorgrad. Onsdag 16. desember disputerte Heidi Elisa...

Millioner til forskning på teknologi, medier og digital lesing

I dag fikk UiS 44 millioner kroner fra Forskningsrådet til forskningsprosjekter om banebrytende kybernetikk-teknologi, b...

Full uttelling for barnehageforskningen ved UiS

Barnehageforskere ved Universitetet i Stavanger har god grunn til å juble om dagen. Enda et forskningsprosjekt har fått ...

Millionar til forsking på barn og unge si utvikling og læring

Forskarar ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora fekk god utteljing på Forskingsrådet si utlysing av prosjekt d...

TV-satsing skal gi nye refleksjoner om barnehage og skole

I den nye TV-satsingen «Læring for livet» skal utdanningsforskere ved UiS nå ut til enda flere med viktig kunnskap.

Slår fast at det er lov å bruke Spekter

Personvernnemda slår fast at det er behandlingsgrunnlag i Opplæringsloven til å bruke det ikke-anonyme kartleggingsverkt...

– Æ blir mæ i møte med dæ

Kvalitet i alle ledd, se hele barnet og den viktige relasjonen mellom voksne og barn. Mange tema er overlappende når vi ...

Systematisk arbeid som treffer

Fellesskap, forskning og fornyelse går hånd i hånd når det skal jobbes med kvalitetsutvikling i barnehage, skole og SFO....

Læringsmiljøsenteret har fått nytt nettsted

Fredag 30. oktober ble det nye nettstedet lanseret, og det kan bety at det kan være noe informasjon som du som leser ikk...

Store forhåpninger om å gjøre en forskjell for barn og unge

Læringsmiljøsenteret har flere nyansatte denne høsten. Bli kjent med hvem de er, og hvilke forventninger de har til sitt...

Læringsmiljøkonferansen 2020

Læringsmiljøkonferansen, den andre i rekken, blir holdt 3. - 4. november 2020.

Glede og begeistring når barnehagene skal få nye nettressurser

Lek, sang, dans og e-bøker er stikkord når barnehagelærere, fagutviklere og forskere skal samarbeide om å utvikle pedago...