Prøvemateriell: Lesesenterets staveprøve

Lesesenterets staveprøve er lagt til rette som ein orddiktat og er normert og standardisert for 3.-10. årssteget i den norsk skolen. Prøven kan nyttast som screening, men er primært utvikla for å gi meir diagnostisk informasjon i samband med stavevanskar.

Published Sist oppdatert

For første gong har Lesesenteret gitt ut ein staveprøve med tilhøyrande rettleiing og teoridel. Prøven kan og kallast ein diktatprøve, rettskrivingsprøve eller prøve på ordskriving. Forfattar Astrid Skaathun har valt å konsentrere seg om staving og staveferdigheitar både i namnet og i innhald i prøven.

Tidleg avdekking
Prøven kan nyttast som screening for å raskt gi ei oversikt over kven av elevane som havnar under forventa nivå. Prøven kan òg nyttast som ein diagnostisk prøve på individnivå. Då kan ein gå djupare inn i kvart tilfelle for å finne ut konkret kva eleven strevar med.

Prøven har eit kategoriskjema som gir læraren oversikt over kva elevane slit med, og prøven blir følgd opp av ei solid rettleiing.

Eit av måla med prøven er å oppdage elevar med skrivevanskar på eit tidleg tidspunkt, og at prøven skal visa nøyaktig kva eleven slit med. Orda i staveprøven er valt ut for å dekke ulike sider ved norsk ortografi. Det er gjort ein systematisk og grundig utveljing av ord slik at elevane sine prøveresultat skal gi meir detaljert kunnskap om deira staveferdigheiter. Slik kan ein på ein betre måte avgrense eventuelle stavevanskar og setje inn målretta tiltak. Dess meir tydeleg ein klarar å avgrense kjernen av stavevanskar, dess meir konkret kan ein vera i tiltaka og dess betre resultat kan ein forvente.

Overkommeleg prøve
Det har vore eit omfattande arbeid å finne fram til dei 32 orda som har fått plass i orddiktaten, og det er lagt vekt på at prøven ikkje skal vera for tidkrevjande. Orda er nøye plukka ut relatert til kor ofte dei er å finna i tekstar, og korleis dei reflekterer ulike sider ved norsk skriftsspråk. Dette er og den første staveprøven som er standarisert for heile landet.

Prøven er gitt ut på både nynorsk og bokmål, og det er lagt vekt på å finne prøveord som fungerer på begge målformene. Der ein ikkje har klart det, er det brukt parallelle ord.

Prøven og rettleiingsheftet er utforma av pr.phil. Astrid Skaathun. Utprøving og statistisk bearbeiding er utført under leiing av førsteamanuensis Oddny Judith Solheim ved Lesesenteret, medan førsteamanuensis Hildegunn Støle ved Lesesenteret har gitt innspel til rettleiingsheftet.

Siden dette er ein prøve er heftet diverre ikkje tilgjengeleg som nedlastbar pdf.

Pris:
Heftet er på 54 sider og kostar kr. 75,-
ISBN: 978-82-7649-079-4

Bestilling:

Bestill Lesesenterets staveprøve frå nettbutikken