Hopp til hovedinnhold

Referat fra møte i læringsmiljøutvalget (LU) 23.09.2020

Møtereferat fra læringsmiljøutvalgets møte 23.09.2020 kl. 11:30. Møtet ble avholdt som nettmøte. Møtereferatet er godkjent av utvalget (vedtak i sak LU 17/20).

Publisert: Endret:

Møtets deltakere:

Else Karin Bjørheim

Astrid Birgitte Eggen

Eira Aas Eide

Philip Lundberg Jamissen, utvalgets leder

Hans Alberto Herrera Navarro

Brita Strand Rangnes

Gro Adsen Sokn

Lene Borgen Waage

Elisabeth Faret

Gitte Solveig Kolstrup

Maren Anne Kvaløy

Eilef Johan Gard

Veslemøy Hagen, utvalgets sekretær

Bjarte Hoem

Stig Atle Selmer-Anderssen

Møtets saker og vedtak:

Eksterne prosessar:

  • Det har vore møte i universitets- og høgskulerådet sitt utval UHR utdanning. Dette utvalet består av alle vise- og prorektorane samt alle studie- og utdanningsdirektørane ved uh-institusjonane i Norge. På saklista var samjustering av t.d. utveksling og innveksling, eksamensformat (heimeeksamen), korleis me justerar oss i covid-19 situasjonen.
  • Diku skal oppretta eit fagleg råd. Det vil bli gitt innspel frå UiS på representantar.
  • NOKUT sitt styre skal bytta ut to av styremedlemene. UiS er i prosess med å føreslå personar. KD utnemner.

Interne prosessar:

  • Studieplan i medisin er sendt til fagfellevurdering, to har svara til nå. Det er veldig gode rapportar. Feltet rundt oss er utfordrande, men har stor tru på at me skal koma ut med ei eller anna form for medisinutdanning.
  • UiS fekk midler til kurs for permitterte og arbeidslause. 2000 studentar tek nå etter- eller vidaregåande utdanning hjå oss. Til saman har me nå 4000 EVU-studentar.
  • Uniped har nå tre tilsette som arbeidar med basiskurs og veiledning for undervisingspersonale, og tre universitetslektorar som arbeidar med digital undervising. Uniped har ei aukande portefølje.

Ho ga i tillegg ein presentasjon av og om arbeid med kvalitet.

Prodekan for utdanning ved Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora føreslo at det vert lagt til funksjonsbeskrivelse for tillitsvalde studentar i forslaget til funksjonsbeskrivelsar som er sendt ut på høyring.

Prorektor svara at dette må vurderast, med omsyn til mellom anna juridiske spørsmål og kva rolle StOr skal ha i utarbeidinga av desse funksjonsbeskrivingane.

Representant for det vitskaplege personalet merka at det må gjerast eit pedagogisk arbeid med å få fram korleis kvalitetssystemet gjer kvardagen betre for tilsette og studentar.

Prorektor repliserte at dei fakultetsvise seminara er tenkte inn der. Her vil ein snakka seg gjennom erfaringar og kva som gjer dette betre for den enkelte. Fakulteta gjer dette på ulike måtar.

Vedtak i sak KU 15/20: Utvalet takkar for orienteringa.

  

Prorektor innleia i saken.

Vedtak i sak KU 16/20: Møteplan for utdanningsutvalet og læringsmiljøutvalet for kalenderåret 2021:
  • 17. februar
  • 19. mai
  • 22. september
  • 10. november

Møtetid er kl 10.00 – 14.00 dersom ikkje anna er bestemt i innkallinga.

  

Saka var unnateke det offentlege.

Prorektor innleia. Det kom inn tre nominasjonar.

Utdanningsdirektøren la til at desse nominasjonane kom i vår, men på grunn av korona vart saka utsett til i haust. Ho oppmoda til å senda inn fleire nominasjonar til seinare tildelingar.

Prisen blir delt ut på årsfesten i oktober.

Vedtak i sak KU 17/20: Som lagt fram.

  

Saka vart handsama under prorektor sine orienteringar. Fylgjande var blant momenta som kom fram gjeldande det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane:

  • Det er et kjenneteikn ved organisasjonskulturen korleis den handsamar komplekse situasjonar, og det er ofte ein refleksjon over «Kva er det som skal til no?» som bringer situasjonen vidare.
  • Arbeid med kvalitet er fagleg arbeid – og akademisk arbeid.
  • Me veit at faglege og kollegiale arenaer er viktige i fagleg og akademisk arbeid. Då er slike arenaer og viktige i arbeid med kvalitet.
  • Me veit at det finnast dei som ikkje har noko stort ynskje om å vera tett inne i kollegiale og delte arenaer – og me kan sjå til Wells sin syklus når det gjeld tilhøvet mellom individ og fellesskap, og korleis dette kan nyttast til at vi går denne sløyfa, sjølv når vi har ulike fagmiljø med ulik systemforståing og ulik systemkunnskap.
Vedtak i sak KU 18/20: Utvalet takkar for orienteringa.

  

Bjarte Hoem er UiS sin ambassadør og prosjektleiar for ECIU University og var invitert til å orientera i saka. ECIU University skal svara på arbeidslivet sitt behov, og vera berekraftig. Han forklarde korleis undervising og arbeid i prosjektet er organisert, og kva som er UiS si rolle og oppgåver.

Denne hausten startar med dei fyrste utfordringane. Alle studentane på UiS kan søkja om å vera med på desse. Fire andre universitet deltek i denne delen av prosjektet.

Frå samtalen:

  • Fleire kan tenkja seg å vera med på noko slikt. Kan me laga våre eigne micro credentials, eller må det gå gjennom ECIU University?
  • Det var veldig greitt å få vita meir om dette. Der er tilbod om valfag. Kvar finn studentane info om dette?

Svar:

  • Det er veldig interessant at fakulteta prøver ut sine eigne små kurs. Men me vil gjerne melda dei inn i ECIU University. Det er viktig å samla erfaringane.
  • Informasjon om ECIU University ligg på nett. Me må laga ein intern kommunikasjonsplan.
  • Fleire studentar har meldt seg på emne på HHUiS.

Prorektor la til at per i dag er fem norske institusjonar med i ulike europeiske universitetsalliansar.

Vedtak i sak KU 19/20: Utvalet tek saka til orientering med dei kommentarane som kom fram i møtet.

  

Utdanningsdirektøren orienterte om:

  • Årets Studiebarometer. Frå i fjor av er det fakulteta som har hovudrolla i arbeidet med Studiebarometeret.
  • Kvalitetsseminarer blir halde fakultetsvis og tema er kvalitetsarbeid.
  • I saksframlegget var det vist til Universell sitt høringssvar på ny UH-lov. Det var ikkje med ei lenke til Universell sin nettstad. Lenka er https://www.universell.no/.

StOr informerte om fylgjande:

  • Resolusjon om eksamensfri 18. mai (studentparlamentet)
  • Interimsstyret for tillitsvald-ordninga for studentar ved UiS, og arbeidet med valreglement
  • UH-fakultetet må berømmast for arbeidet med studenttillitsvalde.
  • Det var eit problem at innkallinga til introduksjonsseminaret kom seint, då dei fleste nye studentrepresentantane til UU og LU ikkje kunne delta.
  • Det blir val av ny faddersjef i uke 40. Innstillinga frå valkomitéen kom 23.09.2020. Det er Mille Marie Isaksen som er innstilt.
  • Me har blitt kontakta av kommunen og av TN, dei lurer på korleis studentane har det dette semesteret: Om det har vært fleire eller færre studentar som har vært i kontakt med oss i StOr med spørsmål eller problem?

Prorektor orienterte om at ein liknande sektorundersøking gjort av OsloMet. UiS var ikkje invitert til deltaking, men me gjorde ein undersøking i samarbeid med UiA. Medlemane var samd i prorektor sitt framlegg om å gjere noko liknande no i haust, men var samd med bibliotekdirektøren i at undersøkinga ikkje var god nok når det gjelder biblioteket.

Vedtak i sak KU 20/20: Utvalet takkar for orienteringa.

  

Vedtak i sak LU 13/20: Læringsmiljøutvalet konstituerer seg med dei medlemer styret har utpeikt. Philip Lundberg Jamissen veljast til å leie utvalet i utvalsåret 2020-2021.

  

Vedtak i sak LU 14/20: Innkalling til møte i læringsmiljøutvalet 23. september 2020 godkjennast. Møtereferat frå læringsmiljøutvalet sitt møte 20. mai 2020 godkjennast.

  

Utdanningsdirektøren la fram saka. Som det går fram av saka, er det ein liten auke i forseinka sensur ved ordinær eksamen denne våren, til trass for at det er gjort ein veldig god jobb med å unngå dette. I behandlinga av saka kom mellom anna fylgjande fram:

  • Blant dei tilsette har det vore ein utfordring med innføring av Inspera, der ein trur at ein kan leggja inn sensur.
  • Blant studentane er det stor forståing for den spesielle situasjonen nå i vår, men no ventar dei at talet på forseinka sensur skal fortsetja å gå ned. Målsettinga må vera å komme under talet i fjor haust, og så vidare mot null.
Vedtak i sak LU 15/20: Læringsmiljøutvalet tek saka til orientering.

  

Utdanningsdirektøren la fram saka, som gjer ein oppsummering av det fyrste tre åra med ordninga.

UHL (§ 4.3, tredje ledd) krev at «Læringsmiljøutvalget skal holdes orientert om klager som institusjonen mottar fra studenter vedrørende læringsmiljøet», og dette gjerast i årsapporter frå klagenemnd og læringsmiljøutval. I det nye kvalitetssystemet skal også årlege rapportar frå «Si ifra»-ordninga leggjast fram for læringsmiljøutvalet, og det er venta at ordninga blir eit instrument med aukande viktigheit for fakulteta og for institusjonen.

I ordskiftet kom mellom anna fylgjande fram:

  • Spørsmål om auken i raude meldingar har samanheng med korona. Svaret på det er nei.
  • Det kom spørsmål om ordninga er godt nok kjend blant studentane enno. Den er grei å finne på fleire av dei digitale arenaene våre, men det kan være at studentane legg lista for høgt for å gjere bruk av ordninga.
  • Ordninga kan brukast om alle tilhøve som kjem inn under undervisning eller læringsmiljø.
  • Det var og spørsmål om me treng ein kanal der studentane kan melda misnøye knytt til digital undervisning. Me veit ikkje om «Si ifra»-ordninga fangar opp dette, men StOr har fått einskilde uformelle klager. Kan hende dette skal klargjerast i beskrivinga.
  • Ein studentmedlem peika på at med aukande viktigheit blir det og viktig å samle kunnskap om bruken av systemet, slik det gjerast i denne saka. Men det kan gjerne og rapporterast i kva grad instrumentet brukast rett. I kva grad leggjast meldingane i rett kategori? Finst det døme på at «gule» førehald leggjast inn som «raude», til dømes?
  • Eksternt medlem peika på at Studiebarometeret sine spørsmål om si ifra-ordning er formulert feil.
  • Prodekanmedlemet peika på at meldingane utanfor ordninga ikkje alltid hamner på rett nivå i fyrste omgang. Dersom meldingane går via ordninga er det slik at eit problem alltid handterast så nær som mogeleg. Når meldingane går utanfor ordninga, til dømes direkte til rektor, vil det vere risiko for at dei får ekstra merksemd berre av den grunn, når dei sendast nedover på leit etter rett nivå. Prorektor understreka viktigheita av at mottakar på rett nivå må sjå bort frå dette. Meldingane må handsamast etter kva dei inneheld, ikkje etter kva veg dei brukte for å nå rett adressat.
Vedtak i sak LU 16/20: Læringsmiljøutvalet tek saka til orientering.