Når draumane for framtida står på spel, gjer ein best i å halde seg vaken

I Noreg har vi eit visjonært vakuum, der nær sagt kven som helst kan boltre seg.

Published Sist oppdatert
Målretta finansiering av forsking – der EU stiller med store pengar og «missions» – kan «i verste fall ende med tap av mangfald og pluralisme i utviklinga av ny kunnskap», skriv UiS-rektor Klaus Mohn.

I ei tid der næringslivet i aukande grad er prega av verdibasert leiarskap, berekraft og samfunnsansvar, finn ein ikkje lenger eit einaste seriøst selskap som ikkje kan smykke seg med ein meir eller mindre vidløftig visjon. Når private føretak legg ned store ressursar i å utvikle drøymebilete av framtida dei vil være ein del av, så er det etter alt å døme fordi slike meldingar har verknad på omdømme, motivasjon, innsats og resultat. 

Visjon for samfunnsutviklinga?

Eit større spørsmål er om ein og kan ha nytte av å etablere visjonar på samfunnsnivå? Om me treng bilete og ideal for samfunnsutviklinga som flest mogleg kan slutte opp om, og som kan trekke samfunnet i ei betre retning enn om ein ikkje held seg med slike draumar. 

Visjonar på samfunnsnivå vil lett kunne knytast til politiske ideologiar og normative syn på samfunnsutviklinga. Enkelte strekkmål kan likevel få brei tverrpolitisk oppslutning, som for eksempel reduksjon av fattigdom, betre helse og større mangfald. Etter kvart er me mange som òg deler syn når det gjeld innsats for eit betre miljø og stabilisering av klimaet. 

Etter som koronasituasjonen kan verke utmattande både fysisk og psykisk, er det mange som leitar etter nye kjelder til motivasjon, både på individnivå, for føretak og for organisasjonar. «Skape meir, inkludere fleire», som var overskrifta på regjeringa sin kriseplan i slutten av mai, er kanskje ikkje det som får folk til å gå mann av huse og ofre blod, svette og tårer for smitteverntiltaka. 

Ut av krisa utan retning

Utan visjonar blir det noko tamt, trivielt og retningslaust over regjeringa sin politikk i møtet med covid-19, er inntrykket Maria B. Reinertsen etterlèt i ein kommentar (krev abonnement) i Morgenbladet for eit par veker sidan. Folk treng draumar, skriv Reinertsen. Arbeidarpartiet sitt fall gjennom dei siste åra kan òg tyde på at stø kurs og arbeid for alle ikkje lenger er nok til å skape den store begeistringa blant veljarane. Spørsmålet blir difor korfor politikken ikkje går lenger i å etablere drivande draumar på samfunnsnivå.

Her finst det ideologiske og historiske forklaringsfaktorar. Visjonar på samfunnsnivå trekker tankane i retning av ein sterk stat, med nasjonale strategiar for ei bestemt utvikling, og med planstyring for å sikre at hovudkursen blir halden. For dei fleste vil dette vekke minner frå ideologiar og regime som me helst ikkje vil samanlikne oss med, og i alle fall ikkje dei som høyrer til på høgresida av politikken.

Plan og marknad

Tanken om sentralstyring og planar for samfunnsutviklinga gikk av moten på 1970- og 80-talet, i takt med fallet for kommunistregime i alle delar av verden, med oppløysinga av Sovjetunionen og Berlinmuren sitt fall som spesielt symboltunge merkesteinar. I tida etter dette har nyliberalisme og marknadsøkonomi, med desentralisering av avgjerder og planlegging, hatt medvind – nær sagt verda over. Gjennom den same perioden har globaliseringa skote fart, med stor framgang for verdshandelen, vekst og velstandsauke verda over, auke i sysselsetting og reduksjon av fattigdom – i alle fall i utviklingsland og framveksande økonomiar.

Vel er det mykje som er bra i verda, og mange er dei som har fått det vesentleg betre dei siste tiåra. Like fullt lèt det til at samfunnet i dag står overfor enorme utfordringar som marknadskreftene ikkje har lykkast i å løyse. Fattigdom, inntektsfordeling, miljø og klima er nokre av politikkområda som stadig blir nemnde. For politikarar og folk flest vil dette naturleg nok føre med seg ein iver etter å gripe inn for å gjere ein forskjell. Resultatet er ny vind i segla for visjonar og samfunnsoppdrag, strategisk næringspolitikk og samfunnsutvikling «by design».

Alle har etter kvart blitt kjende med FN sine mål for berekraft, som no er i ferd med å trenge inn i planar og strategiar både for privat og offentleg sektor. European Green Deal er EU sin strategi for å gjere økonomien berekraftig, og legge til rette for ei omstilling som er rettferdig og inkluderande. Også i Noreg er dette visjonar me må rette oss etter, i politikken, i næringslivet og i akademia.

Spel om ny kunnskap

For universiteta er det spesielt interessant at styresmaktene sine planar for utvikling av kunnskap er underlagt den samle logikken som det visjonære tankesettet for samfunnsutviklinga. I EU er Horisont Europa etablert som eit forskings- og innovasjonsprogram som skal utvikle ny kunnskap og nye løysingar direkte retta mot definerte samfunnsoppdrag, også kalla «missions». Ramma for programmet er 100 milliardar euro dei neste sju åra, og om universiteta ikkje bygger kompetanse og prosjektaktivitet i tråd med EU sine samfunnsoppdrag, risikerer ein å gå glipp av store, eksterne forskingsmidlar. 

Styresmaktene i EU har kome lenger enn den norske regjeringa i å definere visjonære samfunnsoppdrag som premiss for politikk og prioriteringar. I Noreg etterlèt dette eit visjonært vakuum, der nær sagt kven som helst kan boltre seg. For å sikre allmenn oppslutning om visjonar for samfunnsutviklinga må ein forvente djup politisk forankring og brei demokratisk involvering – i god tid før iverksettinga.

Soleis er det eit tankekors at såkalla «missions» banar veg i finansieringa av norsk forsking, i verste fall med tap av mangfald og pluralisme i utviklinga av ny kunnskap. Om spinninga av draumar for samfunnsutviklinga skal overlatast til byråkratar, næringslivsleiarar og andre sterke interessegrupper, gjer ein truleg klokt i å halde seg vaken.