Ein internasjonal sommarskule innan miljøhumaniora har samla doktorgradsstudentar frå heile verda i Stavanger den siste veka

Publisert første gong 18.08.2019
- Eg trur vi kanskje ikkje er så langt frå busstasjonen. Stemmer det?
Spørsmålet kjem frå Cristina Wood. Ho er ein av dei 21 ph.d-kandidatane frå rundt om kring i verda som møttest når Greenhouse arrangerte sommarskule i miljøhumaniora denne veka. Denne ettermiddagen har studentar og førelesarar dratt til Stavanger museum for å sjå korleis museet presenterer natur og miljø i sine utstillingar.
Wood ser ut vindauget og prøver å plassere seg sjølv i det mentale kartet ho har laga av Stavanger.
- Det er utruleg kjekt å få sjansen til å reise hit heile vegen frå Canada, for å møte andre doktorgradsstudentar som brenn for miljøhumaniora. Det er nyttig å bygge nettverk på denne måten, og treffe faglege kapasitetar vi kan lære mykje frå, seier Wood. Sjølv er ho heilt i starten av sitt doktorgradsløp, og har bakgrunn frå å jobbe ved eit museum i Ottawa.
Initiativtakar til sommarskulen er professor Dolly Jørgensen, som til dagleg er med og leiar Greenhouse, eit programområde innan miljøhumaniora ved Universitetet i Stavanger.
- Vi var spente på kor mange som kom til å melde seg på då vi annonserte sommarskulen ut i vår, og er veldig nøgde med ha deltakarar frå Australia, Canada og USA i tillegg til diverse europeiske land. Det er også kjekt å sjå at seks av deltakarane er frå Noreg, derav ein er frå UiS, seier Jørgensen.
Musea si rolle
Tematikken som blir dekka i sommarskulen er miljøfortellingar.
- Korleis kan vi formidle meiningsfulle fortellingar om forholdet mellom menneske og natur i ei raskt skiftande verd? Musea er historieforteljarar, og kan ha ei viktig rolle i å engasjere publikum i komplekse miljøutfordringar, seier Jørgensen.
Sommarskulen er lagt opp med ei blanding av førelesingar, museumsbesøk og presentasjonar frå ph.d-kandidatane som deltar. I løpet av veka har dei vore innom Vitengarden, Oljemuseeet, Hermetikkmuseet, Stavanger maritime museum og Stavanger kunstmuseum, i tillegg til Stavanger museum.
- Ettermiddagsøkta kvar dag inneheld eit besøk på eit lokalt museum, etterfulgt av ein gruppediskusjon om korleis det enkelte museum er ein arena for miljøfortellingar, fortel Jørgensen.
Deltakarane på sommarskulen er doktorgradsstudentar i miljøvitenskap, museumsstudium og relaterte felt, og har bakgrunn frå mellom anna geografi, historie og litteratur, men også andre fagfelt. Målet har vore at saman med Jørgensen og dei andre ekspertane som jobbar i grensesnittet mellom museum/miljøvitenskap, skal deltakarane får utforske ulike måtar å presentere utstillingar på i museum.
- Vi snakkar om korleis ting/artefaktar blir brukt i fortellingar om miljøhistorie og klimaendringar, korleis mennesket si historie blir integrert i naturhistoriske utstillingar og betydinga av forteljarstemma for korleis besøkande forstår utstillingar med natur-tema. I forlenginga av dette diskuterer vi korleis ein i arbeidet med museumsutstillingar kan jobbe for å auke bevisstheten rundt miljøutfordringar.
Førelesarane som er invitert inn er ei blanding av norske og internasjonale.
- Vi er veldig glade for at Libby Robin (Australian National University), Karen Rader (Viriginia Commonwealth University), Henry McGhie (Manchester museum) og Brita Brenne (Universitetet i Oslo) har tatt turen til Stavanger denne veka. Desse er store kapasitetar som har jobba mykje med historiefortelling knytt til natur og miljø, gjennom arbeid ved museumsinstitusjonar og universitet, fortel Jørgensen.
Sjølv føreleste Jørgensen om korleis forteljingar om utdøydde artar kan formidlast.
- Mange hevdar at vi no står ovanfor den sjette masseutryddinga (dinosaurane forsvann i den femte). Vi ser difor aukande truglsar mot artsmangfaldet på kloden, som gjer at dette diverre er eit svært aktuelt tema, avsluttar Jørgensen.
Sommarskulen er finansiert gjennom programområdet Greenhouse og prosjektet "Beyond Dodos and Dinosaurs: Displaying Extinction and Recovery in Museums", som Jørgensen er prosjektleiar for.