Advarer mot eksplosiver i naturen

Ammunisjon som ligg igjen i norsk natur utgjer ein stadig større trussel mot samfunnstryggleiken. Det er tidskritisk å få på plass ein nasjonal strategi for å handtera desse eksplosiva, ifølgje doktoravhandlinga til Geir P. Novik.

Published Sist oppdatert
Mann i offisersuniform viser en presentasjon

Granatar, miner og annan ammunisjon som ligg igjen etter krigshandlingar er eit aukande problem internasjonalt. Men sjølv i fredelege Noreg finst det fleire hundret tusen tonn ammunisjon som ligg spreidd i naturen, i innsjøar og langs kysten.

Forsking viser at dette representerer ein risiko ikkje berre ved at ammunisjonen kan eksplodera utilsikta, men også ved at han inneheld store mengder giftige og kreftframkallande stoff som forureinar jord og vatn, og som påverkar biologisk liv.

Manglar oversikt

Det finst likevel inga komplett oversikt over kor mykje ammunisjon som er i norsk natur, kva slags typar det er eller nøyaktig kvar det er. Ei ny doktoravhandling skrive av Geir P. Novik, oberstløytnant og senior stabsoffiser i Forsvarsdepartementet, slår fast at Noreg heller ikkje har nokon overordna strategi for å møta denne risikoen.

– Konsekvensen er at me har ein stadig aukande trussel mot samfunnstryggleiken, utan at det ligg føre nokre overordna planverk for å utarbeida eller setja i verk risikoreduserande tiltak, seier han.

Farleg etter 80 år

Gjennom litteraturstudium, intervju og feltarbeid samla Novik inn informasjon som danna grunnlaget for nærare analysar. Vidare vart det samla inn prøver frå over hundre eksplosive objekt lokaliserte i norsk natur. Desse vart så analyserte ved Forsvarets forskingsinstitutts laboratorium, der eigenskapane til stoffa vart undersøkte.

Undersøkingane avdekte at eksplosiv i ammunisjon som har lege i vatn eller i naturen i over åtti år, ofte er like funksjonell som då han vart produsert. Nokre eksplosiv utviser faktisk ein auka sensibilitet, noko som i verste fall kan føra til at ammunisjonen selvdetonerer der han ligg, eller viss han blir flytta på.

Ei stadig pågåande nedbrytning av ammunisjonskomponentane aukar også risikoen for frigjering av giftige og miljøfarlege substansar.

Tiltak kan auka risikoen

Forskinga viser vidare at enkelte ukoordinerte tiltak som blir gjorde på lågare nivå, ikkje berre kan seiast å ha mindre effekt enn det som var tiltenkt. Dei kan faktisk bidra til å auka den totale samfunnsrisikoen knytt til eksplosive krigsetterlatenskaper i naturen, til dømes ved at tiltak på eitt fagområde har utilsikta verknader på eit anna.

– Forskinga mi viser at det er tidskritisk å få på plass ein overordna nasjonal strategi for korleis me kan møta denne utfordringa no, og i framtida. Forskinga viser at dei samfunnstryggleiks- og miljømessige konsekvensane i motsett fall kan bli katastrofale, seier Novik.

Geir P. Novik forsvarte avhandlinga Complex risk management in explosive contaminated areas: Explosive remnants of war i disputas den 22. juni 2023.

Les meir om forsking på risikostyring og samfunnssikkerhet på UiS.

Tekst: Leiv Gunnar Lie
Foto: Kjersti Riiber / Privat