Hopp til hovedinnhold

Samhandling på tvers av profesjonar

Dei fleste som har ei helse- eller sosialfagleg utdanning vil i arbeidslivet samarbeide med andre på tvers av profesjonar. Difor samlar undervisarar ved UiS studentar på sjukepleie og sosialt arbeid til felles undervisning om tverrprofesjonelt samarbeid.

Publisert: Endret:
Ingunn Aase undervisar om sjukepleiarens ansvar i et samfunnsperspektiv (Foto: Asbjørn Jensen).

Første gang publisert 29. januar 2019. Tekst: Cathrine Sneberg

Forsking viser at god samhandling mellom ulike profesjonar førebygger uønskte hendingar og er avgjerande for å sikre at pasientar og brukarar får gode og likeverdige tenestetilbod. Difor er det også avgjerande at studentar allereie under utdanninga lærer seg å samarbeide og kommunisere godt med andre profesjonar.

Gir innsikt i kvarandre sin kompetanse

Rutt Bengtson, førstelektor ved Institutt for sosialfag og Ingunn Aase, førsteamanuensis ved Det helsevitskapelege fakultetet er initiativtakarar til fellesundervisninga mellom sjukepleie- og sosionomstudentar. 

– Gjennom tverrprofesjonell samarbeidslæring vil studenten få betre forståing for eiga og andre si  profesjonsrolle undervegs i utdanninga, men det vil òg styrke studenten si evne til tverrfagleg samarbeid når dei kjem ut i yrkesfeltet, seier Ingunn Aase.

Aase forskar på tverrprofesjonelt samarbeid, pasienttryggleik og simulering, og har mellom anna skrive doktorgradsavhandling om samtrening mellom sjukepleie- og medisinstudentar. 

Tverrfagleg undervisningsopplegg

Hausten 2020 blir undervisninga gjennomført for fjerde gong. Antageleg blir den meir digitalisert enn tidlegare år.

I 2018 var programmet todelt med både tradisjonelle førelesingar og gruppearbeid. Fyrst fekk studentane ei kort introduksjon om tverrprofesjonell samhandling i utdanning, før dei såg ein film om pasienten «Anne» som skal i eit tverrprofesjonelt møte med lege, sjukepleiar, fysioterapeut og barnevern i forkant av utskriving frå sjukehuset.

Det vart sett av god tid til at studentane i grupper skulle diskutere «Anne» sitt møte med TPS og korleis ho opplevde møtet. Vidare gjekk Ane Bendixen, jurist ved Det helsevitskapelege fakultetet, inn på korleis ein kan vareta teieplikta i det tverrprofesjonelle møtet og i samarbeidet med brukar/pasient.

Elisabeth Willumsen, professor ved Det helsevitskaplege fakultetet, hadde førelesing om omgrepsavklaring kring tverrprofesjonelt samarbeid, og ulike modellar ein kan nytte i møte med klientar og pasientgrupper.

Profesjonsutøvarar arbeider sjeldan aleine

– Gjennom eit forskingsprosjekt i regi av Universitets- og høgskolenettet på Vestlandet (UH-nett Vest) har vi laga eit webbasert undervisningsopplegg. Ideen om eit felles undervisningsopplegg internt på UiS og på tvers av profesjonar kom både frå dette forskingsprosjektet, og ikkje minst frå førande dokument som Stortingsmelding nr. 13 og retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningar , forklarar Aase.

Framtidige helse- og sosialarbeidarar må ha evne til samarbeid på tvers av profesjonar.

Ingunn Aase

Meld. St. 13 (2011-2012) Utdanning for velferd kjem det fram at helse- og sosialfagutdanningane treng ei kraftig fornying for å kunne tilby den kompetansen samfunnet vil trenge i framtida. Den viser mellom anna til behov for auka kompetanse om tverrprofesjonell samarbeidslæring på tvers av profesjonsutdanningane.

Dette er også synleggjort i forskrift om felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningar frå 2017 med eit felles læringsutbytte som seier at kandidaten kan samhandle både tverrfagleg, tverrprofesjonelt, tverrsektorielt og på tvers av verksemder og nivåer, og initiere slik samhandling.

– Det er veldig viktig at me har inkludert tverrfagleg samarbeid i utdanningane i tråd med nye retningslinjer for profesjonsutdanningane, seier Aase.