Sei eit ord - eg skal fortelje deg kven du er

Korleis uttrykker vi identitet gjennom språket? Det er forskarane i forskingsprogrammet «Språklege identitetar» opptekne av.

Published Sist oppdatert

Foto: Alagich Katya/wikimedia.commons

Hovudhypotesen til forskarane i dette prosjektet er at kven vi ønskjer å vere er ei av de viktigaste drivkraftene bak språklege val.

Slike val kan vera valet mellom bokmål og nynorsk når det gjeld ein skriftleg tekst, valet mellom fleire eller færre lokale ordformer i ein samtale, val av namn på eit barn, måte å innleie eller avslutte eit e-brev eller kodeveksling mellom ulike språk.

Forskarane undersøker korleis sosiale, kulturelle og geografiske identitetar kjem til uttrykk gjennom språk.

Med «identitet» meiner ein her den posisjonen eller rolla eit individ eller ei gruppe oppfattar seg å ha innanfor ein større sosial eller kulturell kontekst.

Denne språklege posisjoneringa skjer på nasjonale, regionale og lokale nivå, men og på gruppenivå, der ein knyter seg til ei gruppe og fjernar seg frå andre.

Språk og prestisje

Tidlegare så ein på språk som abstrakte system som eksisterte uavhengig av brukarar og situasjonar.

No er språkforskarar meir opptekne av korleis språk blir brukt i ulike sosiale, historiske og geografiske samanhengar.

Forskarane i dette prosjektet ser mellom anna på korleis, og i kva stor grad, språklege val heng saman med kva som oppfattast å ha prestisje.

Spesielt når det gjeld gradvise endringar i språk, som lydendringar og tydingsendringar, tenkjer ein at språkbrukaren prøver å nå fram til nokon han eller ho forbinder med prestisje.

Både historiske og moderne språk

Forskarane ser både på historiske og moderne språk. Fokuset er på nordiske språk og engelsk, men studiet av identitetar rommar også språkleg og kulturell kontakt og samspel mellom ulike språk og språkbrukarar.

Samanheng viktig

Studiet av språklege identitetar omfattar så godt som alle område av språklege uttrykk og språkleg og ikkje-språkleg-variasjon; som sosial og geografisk kontekst.

Forskinga kan delast inn i tre, delvis overlappande område:

  • Identitet og språkleg variasjon. Regionale/lokale variantar og nasjonale standardar, sosiolingvistisk variasjon, språkval og språkpolitikk i fleirspråklege samanhengar, språkdanning og identitet.    
  •   Identitet og namngjeving. Stadnamn, personnamn og namnepraksisar.
  • Identitet i språkbruk. Kommunikasjonskompetanse og praktiske tilnærmingar, identitet og språklæring.

Les meir om forskinga

Vi gjer heile tida språklege val basert på samanlikning med andre

Merja Stenroos , leiar for forskingprosjektet
Språklege identitetar

Forskarar: 15, sjå under

Tilknytta forskarar:

Førsteamanuensis Martti Makinen, Hanken School of Economics, Helsinki

Professor Jeremy J. Smith, University of Glasgow

Geir Bergstrøm, PhD, UiS

Leiar: Professor Merja Stenroos

Kva kan eg studere dersom eg er interessert i dette?

Forskingsgruppa er engasjert i undervisning og veiledning i desse emna på masternivå:

  • MLE355 Talespråk og skriftspråk: tilstand og endring (Hognestad, Særheim)
  • MLEMAS/LMLEMAS Masteroppgave (Hognestad, Særheim)
  • MLI325 The history of written English (Stenroos, Traxel)
  • MLI345 Reading verbal and visual signs (Lundblad)
  • MLI335 Reading and teaching historical texts (Stenroos)
  • MLIMAS/LMLIMAS Masters thesis (Lundblad, Hestetræet, Stenroos, Thengs, Traxel)
  • MLE355 Talespråk og skriftspråk: tilstand og endring (Hognestad, Særheim)
  • MLEMAS/LMLEMAS Masteroppgave (Hognestad, Særheim)
  • MLI325 The history of written English (Stenroos, Traxel)
  • MLI345 Reading verbal and visual signs (Lundblad)
  • MLI335 Reading and teaching historical texts (Stenroos)
  • MLIMAS/LMLIMAS Masters thesis (Lundblad, Hestetræet, Stenroos, Thengs, Traxel)

Ta kontakt med forskingsgruppa om du er interessert i å arbeide med masteroppgave eller doktorgrad innan språklege identitetar eller andre språklege prosjekt, eller om du vil vite meir om gruppa si virksemd.

Forskarar innan sosiolingvistikk, pragmatikk, dialektologi, språk og namn, didaktikk og litteratur er med i forskargruppa

Universitetslektor i Engelsk
51831358
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Professor em.
51831015
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Førsteamanuensis i engelskspråklig litteratur og kultur
51832389
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Professor i nordiske språk
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Førsteamanuensis i norsk
51834501
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Professor i engelsk språkvitenskap
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Professor i engelsk språkvitenskap
51831365
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Professor i engelsk språk
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Instituttleder
51831337
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Ekstern uten utbetaling
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Universitetslektor i Engelsk
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk
Stipendiat i mellomengelsk
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
Ekstern tilknyttet UiS
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for kultur- og språkvitenskap
ekstern u/lønn
51834569
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Institutt for grunnskolelærerutdanning, idrett og spesialpedagogikk

Doktorgradar og andre forskningsprosjekt

Fullførte doktorgradar

Studies in the dialect materials of medieval Yorkshire. Vibeke Bratland

Interjections in late Middle English play texts: a multi-variable

pragmatic approach. Hildegunn Støle

Studies in the dialect materials of medieval Staffordshire. Kjetil Vikhamar Thengs,

Yeuen at Cavmbrigg ': a study of the late medieval English documents

of Cambridge. Geir Bergstrøm

A study of multilingualism in the late medieval material of the Hampshire Record Office. Delia Schipor.

Fullførte prosjekt 

I løpet av dei siste fem åra har medlemmar av forskingsgruppa tatt del i to store prosjekt, eit  finansiert av  Norges Forskingsråd og UiS og eit finansiert av EU. Eit av prosjekta er no avslutta.

2012-16 : NFR/FRIHUMSAM project: The language and geography ofMiddle English documentary texts (MELD). 4.2 million NOK grant from the Norwegian Research Council as 50% funding of the project. (Principal Investigator: Stenroos; participants: Bergstrøm, Schipor, Thengs)

2016-2019 : EU/Erasmus+ project: Critical Literacy and Awareness in Education (CLAE) (UiS, Dunkerque municipality, Jærskulen), which will be applying for renewal. (Participant: Savic)

Pågåande doktorgradsarbeid

Michal Adamczyk, A study of documentary materials from the medieval county of Kent

Cecilie Waallann Brown: Developing intercultural competences through images in the

EFL classroom

Karoline Schiølde Johansen: A study of lexical bundles in late medieval wills

Anastasia Khanukaeva: Implementing eportfolios: a case study of the development of

intercultural competence in a Norwegian lower secondary school.

Anders Myrset: A project on the effects of instruction on the development of pragmatic

competence and metapragmatic awareness in Norwegian 7th-grade EFL learners

Kenneth Solberg-Harestad: A study of the development of London English based on Late Medieval and Early Modern documentary evidence

James Thomson: Writing at the upper secondary level: metadiscourse in pupil essays

Kommande prosjekt

Bokprosjekt om rettstaving/skrift og identitet (ferdigstilling: 2022)

Søknad levert Forskingsrådet i 2020: Voices of the past: the linguistic traces of Vikings, Celts and Anglo-Saxons in the North of England