Hopp til hovedinnhold

Skal styrka sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania

UiS er tildelt 18,7 millionar i prosjektstøtte frå Norad til implementering av simuleringsbasert undervisning i sjukepleie- og jordmorutdanning med partnaruniversitet i Malawi og Tanzania.

Publisert: Endret:
Ingrid Tjoflåt og Bodil Bø ved UiS sammen med dr. Jane Rogathi, Dean of Faculty of nursing ved Kilimanjaro Christian Medical University College i Tanzania.

Saman med Kamuzu College of Nursing (KCN) i Malawi og Kilimanjaro Christian Medical University College (KCMU) i Tanzania, har UiS fått om lag 19 millionar frå Norad til eit nytt samarbeidsprosjekt som skal bidra til deling av kunnskap innan simuleringsbasert helseutdanning.

– Det overordna målet for prosjektet er å implementera simuleringsbasert utdanning for å styrka kapasiteten og kvaliteten i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania, fortel prosjektleiar Ingrid Tjoflåt.

Ho er dosent i sjukepleie ved Det helsevitskaplege fakultet som skal vera koordinator for prosjektet. Tjoflåt har lang erfaring frå forsking på undervisningsmetodar og digitale verktøy, og kvalitet- og kompetanseutvikling i internasjonale settingar.

Stor etterspørsel etter helsepersonell

Det er stor etterspørsel etter kvalifisert helsepersonell over heile verda. Dette er særleg gjeldande innanfor sjukepleie. Alle partnarane i prosjektet tilbyr bachelorutdanning i sjukepleie. KCN og UiS tilbyr òg master- og doktorgradsutdanning innan sjukepleie og jordmorfag.

– Ved KCMU måtte dei dessverre legga ned masterprogrammet i jordmorfag på grunn av mangel på kvalifiserte undervisarar, læringsmateriell og ferdigheitslaboratorium, seier Tjoflåt.

I tillegg til mangel på helsepersonell og vitskapleg tilsette innan høgare utdanning, viser forsking at det er eit underskot relatert til klinisk kompetanse og handheving av kunnskapsbasert praksis blant sjukepleiarar og jordmødrer i Afrika sør for Sahara.

– Dette understrekar viktigheita av å styrka kapasiteten og kompetansen blant vitskapleg tilsette og kliniske rettleiarar for å auka kvaliteten på helseutdanning i låg- og mellominntektsland, forklarar ho.

Simuleringsbasert utdanning gir god læring

Simuleringsbasert opplæring blir i stadig større grad tatt i bruk for å forbetra eller utfylla tradisjonell undervisning og praksisopplæring slik at studentar blir betre førebudd på kliniske utfordringar.

Bildet viser sjukepleiestudentar frå Madagaskar i simulering og er tatt i samband med eit tidlegare forskingsprosjekt (Foto: Ingrid Tjoflåt).

– Likevel er ikkje bruken av slike undervisningsmetodar utbreidd blant helseutdanningar i Afrika sør for Sahara, legg Tjoflåt til.

Dette vil forskarane i prosjektet endra. For å løysa identifiserte kunnskapshol i sjukepleie- og jordmorutdanning i Malawi og Tanzania, vil kapasitetsbygging innan simuleringsbasert utdanning ved universiteta og praksisfeltet vera ein nøkkelkomponent.

– Utdanningane bør ha fokus på aktiv og problembasert læring, og studentane må tidleg bli eksponert for kliniske utfordringar. Simuleringsbasert utdanning er ei pedagogisk tilnærming som kan oppfylla desse krava og er bevist nyttig og effektiv for å forbetra læringa til studentane, seier ho.

Skal tilby master- og doktorgradsstipend

Forskarane vil òg utvikla eit system for å sikra berekraftig kapasitet på simuleringsbasert utdanning og forsking i Malawi og Tanzania, og styrka regionalt og internasjonalt samarbeid.

– Vi trur prosjektet vil bidra til mange synergiar mellom dei to afrikanske partnarane. Mellom anna vil masterstudentar frå Tanzania bli utdanna i Malawi. Dette kan gi auka rekrutteringsgrunnlag for utdanningsinstitusjonane i Tanzania, forklarar Tjoflåt.

I prosjektet vil ein tilby stipend for master- og doktorgradsstudentar i Malawi og Tanzania. I tillegg vil opptil 4 doktorgradsstudentar ta eit semester ved UiS.

Prosjektdeltakarane Bodil Bø (studieprogramleiar for bachelor i sjukepleie) og Christina Risa (studieprogramleiar for jordmorfag) ved UiS skal òg rettleia doktorgradsstudentar innan sine fagfelt.

UiS har lang erfaring med simuleringsbasert utdanning

Det helsevitskapelege fakultet ved UiS har i fleire tiår arbeidd systematisk for å bli nasjonalt leiande innan forsking og bruk av simulering og digitale verktøy i utdanning. Ofte i tett samarbeid med lokale og internasjonale partnarar.

Mellom anna har Tjoflåt og Bø dei siste tre åra drive eit forskingsprosjekt om simuleringsbasert sjukepleieutdanning med partnarar i Tanzania og Madagaskar. Saman med ei internasjonal prosjektgruppe, er dei òg involvert i eit nystarta ERASMUS + prosjekt om bruk av 360 ° video i simuleringstrening (360ViSi). 

– Målet med 360ViSi er å auke tilgangen til rimeleg simulering i helseutdanning, noko som kan kompensera for mangel på utstyr og fasilitetar. Vi vil ta i bruk erfaringar frå dette og andre prosjekt i samarbeidet med Malawi og Tanzania, seier Tjoflåt.

Tekst: Cathrine Sneberg

Fakta
Partnarar

Kamuzu College of Nursing i Malawi, Kilimanjaro Christian Medical University College i Tanzania og Universitetet i Stavanger

Prosjektperiode

2021 - 2026

Prosjektleiar

Ingrid Tjoflåt

Finansiering

18,7 millionar frå NORHED II

NORHED II

Norads program for kapasitetsbygging, forsking og utdanning i samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg og i låg- og mellominntektsland. Målet er å styrka kapasiteten til høgare utdanningsinstitusjonar i det globale sør til å utdanna fleire og betre kvalifiserte kandidatar. I NORHED II kan ein enten søka om treårige prosjekter (ca. 10 millionar NOK) eller 6-årige (15-20 millionar NOK). Sjå òg informasjon frå Norad om tildelingane.