Hopp til hovedinnhold

Korleis gjera overgangen frå barne- til ungdomsskulen best mogleg?

Foreldre og skule står sentrale i høve til korleis barn opplever overgangen til ungdomsskulen. Dei kan utgjera ein forskjell for korleis elevane både har det med seg sjølv og korleis dei klarer seg i skulearbeidet.

Publisert: Endret:

Elever går til skolen
Overgangen frå barneskule til ungdomsskule er ei stor endring for elevane, som kan gjera dei sårbare. På same tid kjem dei fysiske og mentale endringane som puberteten bringer med seg, påpeikar forskingsoppsummeringa. (Foto: Getty Images)

Å ta steget frå barne- til ungdomsskulen er nok noko mange kan hugsa frå eigen barndom - ei oppleving prega av både spenning og kanskje nervøsitet over kva som ventar ein. Sjølv om slike overgangar er ein naturleg del av livet, er det likevel forska lite i Noreg på kva som skjer når elevane tar dette store eller vesle steget.

Ny forsking med internasjonalt tilsnitt

Eit nytt forskingsnotat frå Kunnskapssenter for utdanning (KSU) - «Overgangar frå barne- til ungdomsskole» - bringer i denne samanhengen kunnskap om feltet, på internasjonalt nivå. Forskingsnotatet er eit samandrag av eit systematisk kunnskapsoversyn som har sett nærare på 96 studiar frå ulike delar av verda (tre av dei frå Noreg) i løpet av ein periode på ti år. Tre av studiane var tverrnasjonale og ni av studiane var systematiske kunnskapsoversyn. 

Kunnskapsoppsummeringa tok utgangspunkt i kva internasjonal forskingslitteratur seier om:

  1. barn og unge sine erfaringar med overgangen frå barneskole til ungdomsskole?
  2. innverkinga av denne overgangen på elevane sine akademiske resultat og kjensla av velvære?
  3. faktorar som påverkar overgangen i positiv eller negativ retning?

Ser nærare òg på gode erfaringar

Tidlegare studiar på på overgangar frå barne- til ungdomsskule har gjerne fokusert mest på risikofaktorar og negative erfaringar hos elevane. Dette nye, systematiske kunnskapsoversynet tek for seg desse aspekta, men det er òg opptatt av positive eleverfaringar og beskyttande faktorar knytt til denne overgangen.

«Nokre av dei beskyttande faktorane som blir nemnt i studien, er gode sjølvreguleringsevnar hos elevane, individuell tilrettelegging for elevar med særskilte behov, støtte frå familien og gode elev–lærar-relasjonar. Eit fråvær av desse faktorane aukar på same tid risikoen for dårlege erfaringar, negativ åtferd eller låge faglege prestasjonar i starten av ungdomsskolen,» heiter det innleingsvis i forskingsnotatet.

Artikkelforfattarane merkar seg avslutningsvis at resultata av dei 96 studiane som er inkluderte i dette kunnskapsoversynet sprikar til dels, men at foreldre og skulen sit med nøkkelen til å oppnå gode opplevingar og resultat i denne tida: «Korleis elevane har det, oppfører seg og presterer, ikkje er statiske fenomen – dei kan endrast med den rette støtta og hjelpa.»

Foreldre og søsken viktige

Eit anna forskingsnotat om same tema - «Gode overgangar frå barne- til ungdomsskole» - blei publisert i same tidsrom. Dette er ei oppsummering av eit systematisk kunnskapsoversyn som har undersøkt 22 studiar frå fleire land, særleg i den engelskspråklege verda. Dei utvalde studiane såg nærare på kva som kunne føreseie ein god overgang.

«Både familie og venner speler ei viktig rolle for velværet til eleven, men foreldre og søsken har ifylgje kunnskapsoversynet den viktigaste rolla for en god overgang frå barne- til ungdomsskolen. Artikkelforfattaren anbefaler derfor at skolar har jamlege møter med eleven og foreldra både før og etter overgangen for å styrke eleven sitt forhold til foreldra i overgangen,» heiter det i forskingsnotatet.

Forskarane haldt fram at såkalla overgangsprogram kan vera nyttige i denne samanhengen, og at det derfor er viktig at skolane veit mest mogeleg om korleis dei kan utarbeide gode overgangsprogram for elevane.

Les forskingsnotata og sjå nærare på tabellane om dette temaet for å få meir oversikt:

Tabeller over faktorer som påvirker skoleoverganger

Oversikt og tabeller til om overganger