Kva kan gjerast for å stansa mobbinga?

I dag, 3. november, er den internasjonale dagen mot vald og mobbing blant barn og unge. Kunnskapssenter for utdanning (KSU) bidrar i denne kampen med forsking om temaet.

Published Sist oppdatert

Jente blir utestengt på skolen
(Illustrasjonsfoto: Getty Images)

I dag, første torsdag i november, er den internasjonale dagen mot vald og mobbing i skulen. Denne årlege markeringa er langt frå nokon festdag - mobbing har vist seg å vera eit problem som er vanskeleg å koma til livs.

Skular dømte for manglande tiltak

I ein reportasje i NRK blei det tidlegare i haust vist til at 9 av 10 elevar vann fram i retten etter å ha blitt mobba i skulen. I desse tilfelle blei det ført prov for at skulane ikkje hadde gjort nok for å hindra mobbinga.

«Det er ekstremt skuffende. Jeg blir skikkelig lei meg på vegne av alle barn som må bære på det samme som jeg bærer på,» uttalte Robert Liland i reportasjen i samband med at tala blei lagt fram.

Liland har slite med seinskader etter å ha blitt mobba i mange år.

886 saker om mobbing er meldt inn til statsforvaltarane i Noreg så langt i år, og dette er ei auke på 16 prosent fra samme periode i fjor, skriv NRK.

Ressursside med to nye forskingsnotat

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) har ei eiga ressursside om dette temaet. Her kan lærarar og leiarar i grunnopplæringa få støtte i arbeidet de gjer for å hindra og stansa vald og mobbing.

På sida kan du blant anna finna to nye forskingsnotat om temaet:

Mobbing er et utbreidd problem på skular verda over. For å motarbeide dette problemet blir det utforma og implementert stadig nye politiske tiltak for å kjempe mot mobbing i skulen. Slike politisk initierte tiltak brukar ulike framgangsmåter, men kor effektive er dei i kampen mot mobbing?

Mobbing blant barn og unge med nevrologiske eller psykiske utviklingsforstyrringar er et problem som det er lite merksemd rundt. Dette forskingsnotatet gir eit innblikk i kva denne elevgruppa treng for å unngå å bli mobbar eller mobbeoffer.