Kva no, SFO?

Skulefritidsordninga her til lands får rammeplan frå hausten av. Kva vert innhaldet? Og kva bør kjenneteikne SFO i framtida? På Arendalsuka 18. august møtest praktikaren, pedagogen og politikaren for å få i gong ein samtale kring desse viktige spørsmåla.

Published Sist oppdatert
Kva bør kjenneteikna SFO i framtida? Dette tek praktikaren, pedagogen og politikaren tak i under Arendalsuka. Foto: Marie von Krogh/Læringsmiljøsenteret, UiS.

Frå klokka 14.30 til 16.00 Onsdag 18. august arrangerer Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger føredraget «Kva no, SFO – Frå skulefritidsordning til skulefritidsfellesskap» under Arendalsuka.

Hit kjem politikar Torstein Tvedt Solberg (Ap) som sit i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, avdelingsleiar SFO Mona Gjøse Skaaren ved Jåtten SFO samt universitetslektor Svanaug Lunde ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger. Saman skal dei samtale kring rammeplanen som kjem på plass frå hausten av samt kva dei meiner skal og bør kjenneteikne skulefritidsordninga (SFO/AKS) i framtida.

Frå skulefritidsordning til skulefritidsfellesskap

For første gong får skulefritidsordninga her til lands ein eigen rammeplan frå hausten av. Dette har vore svært etterlengta for mange. Kvalitetsutvikling er eit stikkord som Svanaug Lunde vel å løfte fram når det gjeld kva ho meiner og trur vert viktig for tilbodet i tida framover.

Lunde meiner tida er moden til å tenkje på om ein skal gå over frå å tenkje «skulefritidsordning» til å tenkje meir på eit «skulefritidsfellesskap» (SFF) eller eit «sosialt skulefellesskap» (SSF).

– Eg tenkjer at me treng å sjå dei to delane som skuledagen består av under eitt, og at både undervisningsdelen og det sosiale fellesskapet er viktig, seier ho.

Torstein Tvedt Solberg fortel at han er bekymra over dei store skilnadane som finst når det kjem til SFO.

– Det uroar meg at det er såpass store skilnader når det kjem til kva skulefritidstilbod born får frå kommune til kommune. Vi har ein stor jobb framfor oss for å klare å auke kvaliteten, få inn fleire fagfolk og nok ressursar, samtidig som vi unngår å gjere SFO «skolsk», men beheld det særeigne og fine ved det, seier han.

Korleis lukkast i å drive ein god SFO?

Ifølge Lunde er det viktig at ein får løfta det gode arbeidet som vert gjort på «golvet» saman med ungane. Difor har Læringsmiljøsenteret invitert med seg Jåtten SFO inn i dette arrangementet ved avdelingsleiar Mona G. Skaaren. Jåtten SFO og Jåtten i Stavanger kommune har lenge fått gode skotsmål for det gode arbeidet dei har lagt ned i skulefritidstilbodet ved skulen. Dei vart også løfta fram som eit godt døme i stortingsmelding 6.

Skaaren fortel at ho kjem til å løfte fram kva som skal til for å lukkast i å drive ein god SFO, samt kva ho meiner bør prioriterast i tida framover for å løfte SFO-ane over heile landet.

– Eg trur at rammene rundt SFO må på plass for at vi skal kunne jobbe med kvalitetsutvikling i SFO. Personalet er vår viktigaste ressurs, og gjennom å satse på  utdanning, kompetanseheving og fagleg kapasitetsbygging, kan vi løfte status og anerkjenning av SFO. For å lukkast, må det jobbast heilskapleg i skule og SFO/AKS for barnet sitt beste, seier Skaaren.

Vert også eit digitalt arrangement

Arrangementet om SFO skal gå føre seg på Clarion Hotel Tyholmen i Arendal onsdag 18. august. Det er plass til 100 personar i salen. Rådgjevar Solfrid Naustvik ved Læringsmiljøsenteret organiserer arrangementet. Ho håpar det kjem til å verte mogleg med fysisk oppmøte av publikum i salen.

– Men sidan det enno er ei stund til og det er nokre ting som arrangørane bak Arendalsuka ikkje har avklart når det kjem til fysisk publikum, kjem vi til å fokusere i stor grad på det digitale arrangementet som dette også vert. Vi har bestemt oss for å løfte arrangementet ved å leige inn profesjonelle som skal streame heile «eventet» live via Facebook, fortel Naustvik.

Du kan også lese meir om arrangementet på Arendalsuka si eiga nettside.

Tekst: Maria Gilje Strand
Foto: Marie von Krogh

Om Arrangementet:

  • Tittel: «Kva no, SFO – Frå skulefritidsordning til skulefritidsfellesskap» under Arendalsuka.
  • Dag: 18. august 2021 klokka 14.30-16.00
  • Arrangementstype: Foredrag
  • Tema: Utdanning
  • Stad: Clarion Hotel Tyholmen, sal B
  • Streames direkte: via Facebook
  • Medverkande:
  • Svanaug Lunde, Universitetslektor, Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger
  • Torstein Tvedt Solberg, Politikar (Ap), Utdannings- og forskningskomiteen, Stortinget
  • Mona G. Skaaren, Avdelingsleder SFO, Jåtten skole

Kontaktpersonar for arrangementet

Seniorrådgiver
51833122
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Fakultetsadministrasjonen UH
Administrasjon NSLA Avd. Stavanger
Studiekoordinator
51831410
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Fakultetsadministrasjonen UH
Førstelektor i spesialpedagogikk
51832954
Læringsmiljøsenteret, avd. Stavanger
Fakultet for utdanningsvitenskap og humaniora
Nasjonalt senter for læringsmiljø og atferdsforskning