Hopp til hovedinnhold

Ny bokserie om SFO skal auka kompetansen hjå dei tilsette

SFO har lenge vore eit felt med lite tilgjengeleg litteratur, men nå kjem fem bøker som skal gi SFO-tilsette forskingsbasert kunnskap og rettleiing.

Publisert: Endret:

Bokserien «Inkluderende leke- og læringsmiljø» består av fem fagbøker om SFO (skolefritidsordning). Dei tar utgangspunkt i den nye, nasjonale rammeplanen for SFO (i enkelte kommunar kalla AKS – aktivitetsskular).

Bøkene er skrivne av åtte vitskapleg tilsette ved Universitetet i Stavanger, sju frå Læringsmiljøsenteret og éi frå Lesesenteret. Dei tre første banda er ute på marknaden nå, dei to siste kjem seinare i haust.

Elin Ødegård, tidlegare førsteamanuensis og avdelingsleiar ved Læringsmiljøsenteret, hadde ideen om ein bokserie om skulefritidsordninga (SFO) og er nå ute med første bok i serien. (Foto: Hege Mathisen)

Målgruppa er alle som er opptatt av SFO - både leiarar, tilsette, skuleeigarar, PPT og politikarar. Målet er å bidra med faglitteratur for kvalitetsutvikling i skulefritidsordningar over heile landet.

Interessert i SFO? Bli med på Utdanningsdirektoratets konferanse om den nye rammeplanen for SFO torsdag 12. august!

Eit felt som trengte litteratur og teori

Ideen og initiativet til bokserien kom frå Elin Ødegård, tidlegare avdelingsleiar ved Læringsmiljøsenteret, nå pensjonist. Ho har skrive første bok i serien, med tittelen «Helhet og samanheng på SFO

- Bakgrunnen for utgjevingane var at eg og kollegaene mine erfarte, under utarbeiding av eit vidareutdanningskurs for eit par år sidan, at det fanst lite forskingsbasert litteratur om SFO. Me tok difor utgangspunkt i generell pedagogikk  og det me sjølv hadde forska på og utvikla då me skulle fastsetja pensumet. Etter kvart kom ideen om å skriva fagbok for SFO-tilsette fortel Ødegård.

Forlag blei kontakta, dei tente på ideen - som så vaks: I staden for «bok» blei det altså fem bøker. Dei fem fagbøkene inneheld både teori og forsking på andre felt som er tilpassa SFO-sektoren, blant anna ved at forfattarane har gjennomført intervju av tilsette og leiarar ved skulefritidsordningar.

- Bøkene inneheld mange konkrete modellar og refleksjonsoppgåver som kan brukast direkte i personalgruppene. Dei kan lesast på eiga hand, men er tenkt å brukast som systematisk kompetanseutvikling. Målet vårt har heile tida vore å skriva fagbøker som er forståelege og relevante for alle tilsette innan SFO, seier Ødegård.

Les mer om den nye rammeplanen for SFO her

Ein viktig arena

Omslag til boka Helhet og sammenheng på SFO av Elin Ødegård
"Helhet og sammenheng på SFO" er første bok ut i serien, skriven av Elin Ødegård, tidligere førsteamanuensis og avdelingsleder ved Læringsmiljøsenteret.

Ødegård har 20 år bak seg som tilsett og leiar i barnehage og deretter 20 år som forskar på barnehagefeltet, først ved Universitetet i Sørøst-Norge, sidan ved Universitetet i Stavanger, nærare bestemt Læringsmiljøsenteret. Doktorgraden skreiv ho om kompetanseutvikling og kvalitetsutvikling innan barnehage. Ho har tidlegare gitt ut fire bøker om barnehagefeltet, om leiing, rettleiing og kompetansebygging.

Den nye bokserien er skriven tett opp mot rammeplanen for SFO, som blei klar tidlegare i år. Hensikten med den første boka er å skapa ei oversikt over lovar og forskrifter, synleggjera overordna perspektiv på feltet, setja SFO i samanheng med skulen og skapa ei bevisstgjering omkring kva SFO skal vera.

-Rundt 80 prosent av alle barn i Norge på 1. til 3. trinn går i SFO, og me ser at det er ein svært sentral arena for leik og læring. På mange måtar har det overtatt det som ein gong var «gatas plass» i barn sin oppvekst. SFO har difor ei særeiga rolle når det gjeld å byggja dette inkluderande samfunnet som me er så opptatt av. Samstundes har variasjonane innan SFO-tilbodet vore store; det har på eit vis «levd litt sitt eige liv.» Difor håpar eg at denne bokserien kan vera med på å skapa eit teoretisk og fagleg fundament for SFO og AKS framover, grunngir Elin Ødegård.

Følg Læringsmiljøsenterets debatt om SFO under Arendalsuka, onsdag 18. august

Her er alle bøkene i serien - dei kan bestillast frå nettsida vår:

  1. Helhet og samanheng på SFO – Elin Ødegård
  2. Trygt og godt på SFO – Kari Stamland Gusfre og Ida Risanger Sjursø
  3. Relasjoner, lek og læring på SFO – Svanaug Lunde og Ellen Elvethon
  4. Fysisk miljø på SFO – Marianne Torve Martinsen og Thomas Moser
  5. Språkhverdagen på SFO – Gunn Helen Ofstad

Tekst: Leif Tore Sædberg