Hopp til hovedinnhold

Spørsmål frå publikum

Under arrangementet «Kva no, SFO?» under Arendalsuka kom det inn spørsmål frå tilhøyrarar i salen og frå dei som fulgde arrangementet via live-stream. Her finn du noko av det folk lurer på rundt SFO og ny rammeplan, og du kan sjå kva panelet svarte.

Publisert: Endret:

Arrangementet hadde eit tema som engasjerer. Spørsmåla kring SFO synte at folk er opptekne av korleis rammeplanen skal omsettjast til kvardagen. (Frå høgre Svanaug Lunde ved Læringsmiljøsenteret, Torstein Tvedt Solberg frå Utdanningskomiteen, Stortinget, Mona Gjøse Skaaren, avdelingsleiar ved Jåtten SFO og programleiar Kristin Vestrheim Cranner.)

Noko av det som kom opp av spørsmål handla om ei mogleg utdanning og korleis denne skal kunne gjennomførast for tilsette ved SFO. Det tyder på eit viktig engasjement for eit kvalitetsløft. Sjølve saka rundt ei slik utdanning er diverre enno ikkje bestemt, og difor er desse spørsmåla heller ikkje mogleg å svare på. Dei spørsmåla som ikkje fekk svar under sendinga er send vidare til paneldeltakarane og saka oppdateres når svaret er på plass. Heile sendinga kan du sjå ved å fylgje lenka.

Spørsmål: Når ser ein føre seg at nasjonal bachelor for SFO skal starta?

Svar (Svanaug Lunde, universitetslektor, UiS): «Eg har ein draum» … at det startar hausten 2023! Kan ikkje lova, men jobbar mot det.

Spørsmål: Eg saknar omgrepet «danning» i den nye rammeplanen, og kan ikkje finna det der. Kva tenker panelet om det?

Svar (Mona Gjøse Skaren, avdelingsleiar Jåtten SFO): Eg tenker at me har eit felles verdigrunnlag, i barnehage, skule og SFO, det kjem fram gjennom formålsparagrafen, i den overordna delen, så det ligg innunder det. Men i rammeplanen for barnehagen, er det spesifikt eitt av punkta, slik eg skjønar det, men de må ikkje gløyma at me har 6 kapittel, medan rammeplan barnehage er på 40 sider. På ein måte er eg glad for at vår rammeplan ikkje er så «tjukke og feide», og eg er sikker på at den planen kjem til å bli vidareutvikla, med mange fleire krav etter kvart, men hugs å ta vare på det handlingsrommet vårt, fordi det er for ungane sin del, det er ein viktig arena for dei. Så det hadde eg å seia om danning!

Spørsmål: Kor lang tid tar det før neste, utbetra utgåve av rammeplanen kjem?

Svar (Torstein Tvedt Solberg, Utdanningskomiteen, Stortinget): Eg trur me skal vera ærleg på at heile denne prosessen kan ta tid, det er eit enormt løft der mykje skal på plass. Noko av det same gjeld rammeplanen, det tar tid og må vera eit kontinuerleg arbeid framover.

Spørsmål: Barn med særskilde behov har skolen fått ekstra ressurser for. Når borna kjem på sfo følger ikkje desse ekstra ressursane med. Kvifor er det slik, og kva har ein tenkt å gjere med det?

Svar (Torstein Tvedt Solberg, Utdanningskomiteen, Stortinget): Her er diverre svaret at det ikkje er noko godt svar.

Spørsmål: Kvifor er det ikkje lov å tilby private aktivitetar (som skiskule, friluftsskule etc, frå privat aktør) i SFO?

Svar (Mona Gjøse Skaaren, avdelingsleiar Jåtten SFO): Dette var heilt nytt og ukjent for meg. Eg veit ikkje om at private aktørar ikkje kan komma inn med ulike tilbod … Eg trur kanskje det er spesifikt i Oslo, ikkje resten av landet? Men eg tenker at for vår del er det økonomi som hindrar oss – me har ikkje økonomi til å ta inn private aktørar, då måtte me lagt det på toppen av foreldrebetalinga, og det er jo ikkje ønskeleg. Og eg tenker at skulefritidsordningane i Stavanger og rundt i Norges land tilbyr mange av dei tinga sjølv (utanom skikurs) - me har eit mangfald av aktivitetar, av det som blir nemnd – klatring, koding, kor, drama, me for vår del skal starta med podcast og animasjon. Dette avhenger av dei tilsette, som har sine interesser og ting dei brenn for. Og dei får til mykje kult, for eg er tilknytt det nasjonale nettverket for SFO - og eg er heilt imponert over alt som går føre seg.

Spørsmål: Korleis skal kvalitetsvurderingssystemet for SFO sjå ut – korleis måler ein kvalitet på leik, viss ein kan det – er det automatikk i at mange vaksne fører til kvalitet?

Svar (Svanaug Lunde, universitetslektor UiS): Forskarar som har vore ute i SFO bruker ulike innfallsvinklar, både observasjon og intervju, og barnet sin stemme er veldig viktig. Eg trur ikkje dette er ferdig tenkt, men der finst ulike reiskapar ein bruker, når ein er ute og målar kvaliteten på til dømes leik. Som du nemner - og som me har vore inne på tidlegare - er det ikkje eit kriterium at talet på tilsette i eit rom er mål på kvalitet. Me må heller sjå på kor stor kunnskapen og kompetansen er. Og kva skjer i den gode leiken? Me snakkar ofte om «frileik.» Men er det fri leik for alle, eller fell nokon konsekvent utanfor? Eg trur me skal hegna om leiken i SFO, og eg synest me skal ha meir leik i begynnaropplæringa òg. SFO-arenaen skal vera noko anna enn undervisingsdelen, men det skal ikkje vera «keisame skulen, gøye SFO». Leikbasert tilnærming - ja takk! La barnet vera førande og initera, la oss forska og undra oss saman med barnet. Eg kan ikkje svara heilt her og nå på kvalitetskrieria du spør om, men me skal i alle fall inn og forska meir på kva den gode kvaliteten er for SFO.

Spørsmål: Kvifor er kulturskulen knapt nemnd i rammeplanen for SFO og kva kan ein gjera med det politisk for å få til meir samarbeid?

Svar(Torstein Tvedt Solberg, Utdanningskomiteen, Stortinget): Her er det jo ein historikk, med kulturskuletimen i si tid, men eg er samd i det du seier om at det bør vera eit formalisert samarbeid her. Det blir heldigvis nå snakka meir om å bruka den kompetansen som finst i kulturskulen allereie, for det er eit paradoks at me har det, i same skuleeigar, samstundes som til dømes musikk er eit av faga i skulen med mest ukvalifiserte lærarar.

Oppfølgande svar frå Mona Gjøse Skaaren: Eg òg undrar meg, ettersom eit av kapitla er «kultur» i rammeplanen. For å snakka på vegner av min kommune, så er det slik at dei elevane som går på kulturskulen, betaler det i tillegg til å gå på SFO, så dei betaler det på to plassar. Det skal ikkje vera slik, så ja, eg undrar meg òg.

Oppfølgande svar frå Svanaug Lunde: Eg stiller meg bak hjartesukket – samstundes er eg optimist! Dette bør høgare opp, for det er jo kvalitet som ligg bak her, som bør brukast.

Spørsmål: Tenker politikarane løn for dei tilsette i same pakken som kompetanseløftet det her er snakk om?

Svar (Torstein Tvedt Solberg, Utdanningskomiteen, Stortinget): Det politiske ansvaret blir i første rekkje å sørgja for heile stillingar, at det blir ein heiltidskultur. Utdanning er utgangspunktet, som regel, for lønnsdanninga. Politisk blandar me oss jo ikkje inn i lønsforhandlingane, men gjennom dei tinga her, spesielt kanskje heiltid og utdanningsnivå, vil det vera veldig tydelege føringar på i alle fall utgangspunktet.

Tekst: Leif Tore Sædberg, Kristin Vestrheim Cranner.