Skulane er avhengige av ei sterk leiing

Forsking: Det finst så å seie ingen døme på skular som har klart å snu ei negativ utvikling utan ei sterk leiing.

Published Sist oppdatert

Tonje Constance Oterkiil
Tonje Constance Oterkiil

Skular som slit med dårlege elevresultat, mykje mobbing, dårleg læringsmiljø blant elevar og tilsette kan setje i gang ulike tiltak og program for å endre på den negative trenden.  

Fleire studiar har vist at slike program kan verke bra på læringsmiljøet ved skulen og at dei kan påverke alle elevar ved skulen i ei eller anna positiv retning. Men effekten varierer svært mykje frå skule til skule. 

– Målet med eit tiltak er først og fremst å betre skulekvardagen til elevane. Men dersom innføringa av tiltak ikke blir utført på en god måte, kan endringsarbeidet i verste fall føre med seg meir vondt enn godt for elevane, seier Tonje Constance Oterkiil. 

Ho har undersøkt korleis skular kan bli betre til å setje i gang tiltak, og dermed auke sannsynet for å oppnå eit betre læringsmiljø. 

Det viser seg at leiinga ved skulen har ein sentral posisjon i ein slik prosess, og at dei som sit i leiarposisjonar i stor grad kan påverke sluttresultatet. 

Vanskeleg og krevjande arbeid 

Oterkiil har teke føre seg endringsarbeid som omfattar heile skulen, både nasjonale reformer, som blir sett igang utanfrå, og endringsarbeid, som skulen sjølv tek initiativ til. 

Slike tiltak krev mykje vilje, kunnskap, tid og innsats. Mange skular slit med å oppnå eit vellukka resultat fordi dei manglar ressursar. 

– Dei slit til dømes med svak leiing, dårleg samarbeidsklima, manglande motivasjon og låg kunnskap om endring blant dei tilsette, seier Oterkiil. 

Leiarane er avgjerande for vellukka endring 

I avhandlinga presenterer forskaren 12 viktige faktorar, som påverkar kapasiteten ein skule har til endring. 

Desse faktorane er eksterne faktorar, transformatorisk leiing, mål og strategi, kultur, administrasjon, struktur, ressursar, klima, motivasjon, evner og kunnskap, haldningar og verdiar og i tillegg individuell og organisatorisk prestasjon. 

Dei ulike faktorane påverkar korleis ein skule kan endre seg og om dei klarer å innføre omfattande tiltak.  

Leiinga er i ein sentral posisjon til å påverke dei andre faktorane. Derfor såg forskaren spesielt på leiing, både korleis ho kan målast og kva for behov dei tilsette har for leiing.  

Korleis måle leiing? 

Studien har resultert i to ulike instrument for måling av skuleleiing. Det eine måleinstrumentet er eit spørjeskjema. Det viser korleis dei tilsette vurderer leiinga ved skulen sin. 

Det andre måleinstrumentet er basert på Q-metode, ein metode som måler opplevingane enkeltpersonar har. Metoden seier noko om kva dei tilsette forventar og ønskjer frå leiinga ved skulen. 

– Samla vil desse instrumenta kunne bidra med unik og verdifull informasjon til arbeidet med å styrkje leiinga ved ein skule og utvikle skulen sin kapasitet til endring. 

– Til dømes ved at leiinga syter for å motivere og inkludere dei tilsette i utvikling av mål og strategiar slik at heile skulen dreg i same retning, skaper strukturar som fremjar samarbeid og utvikling og hevar kunnskapen og evner til endring og utvikling hos dei tilsette, seier forskaren. 

– Til sjuande og sist vil instrumenta kunne auke sannsynet for eit vellukka endringsarbeid, legg ho til. 

Oterkiil peikar på at måleinstrumenta må vidareutviklast og testast. Det vil ho gjerne gjere i samarbeid med forskargruppa ved Læringsmiljøsenteret. Målet er eit kartleggingsverktøy som kan brukast før eit endringsprosjekt, for å identifisere skulen sin kapasitet til endring. 

Referanse 

Oterkiil, T. C. (2104). Utvikling av skular sin kapasitet og endringsberedskap for implementering av skuleomfattande intervensjonar og leiinga si rolle i dette. Doktoravhandling, Universitetet i Stavanger.