Status og vegen vidare i Colab

Det årlege Colab-møtet samla forskarar og praktikarar frå fleire land. Over tre dagar diskuterte dei mellom anna ny læringsplattform, kommande bok, og nye prosjektsøknader. I tillegg besøkte dei Stavanger fengsel og Semeg-stasjonen for barn og pårørande.

Published Sist oppdatert

Det årlege Colab-møtet samla forskarar og praktikarar frå fleire land. Her er dei samla foran Stavanger kretsfengsel.

Samarbeid og innovasjon

Colab (Collaboration within Criminal Justice Services) er eit prosjekt som ser på utfordringar knytt til dårleg mental helse blant kriminelle og innsette i fengsel, noko som kan påverke samfunnstryggleik og risikoen for nye lovbrot.

– Vi prøver å betre samarbeid mellom psykiske helsetenester, kriminalomsorgen og andre tenester, seier professor ved Institutt for sosialfag og prosjektleiar Sarah Hean.

Heilt sentralt i prosjektet er samarbeid og innovasjon. Dei undersøkjer mellom anna om modellen ”Change laboratory model”, kan brukast innan kriminalomsorg.

– I modellen finn organisasjonane sine eigne løysingar, med rettleiing frå akademikarar. Modellen har blitt brukt i ei rekke organisasjonar, men ikkje i fengsel tidlegare. Kor nyttige er denne og andre intervensjonar i fengsel, er noko av det me prøver å finne ut, seier Hean.

Nyttige praksisbesøk

Med seg i prosjektet har ho forskarar og praktikarar frå fleire land. Colab er eit Horizon2020 Marie Sklodowska Curie-prosjekt, som betyr samarbeid både på tvers av sektor og landegrenser.

I Noreg undersøkje prosjektet mellom anna samarbeid i fengsel med lav til medium sikkerhet og Overgangbolig, som er ein gradvis tilbakeføring til samfunnet etter soning. I Storbritannia arbeidar dei blant anna med ei frivillige organisasjon som kallar seg The Footprints Project.  Prosjektet tek seg av folk før dei kjem i fengsel og dei som kjem ut.

– Å jobbe på tvers av sektor kan vere krevjande sidan vi ikkje snakkar same språk. Då er det ekstra viktig å byggje relasjonar, seier ho.

Nettopp for å byggje relasjonar med praktikarar i regionen, hadde dei to besøk i løpet av samlinga si. Første stopp var Stavanger fengsel. Der blei dei presentert for systemet, og fekk omvising i mellom anna uteområdet og området for familiebesøk.

– Dette er eit veldig interessant og innovativt fengsel. Vi var imponert av det vi såg, og eg er takknemleg for at dei tok seg tid til å ta imot oss, seier Hean.

Vidare gjekk turen til Semeg-stasjonen på Vigrestad. Semeg arbeidar for barn som pårørande, blant anna barn med foreldre i fengsel.

– For oss var det interessant å sjå korleis dei arbeidar med barn som har foreldre I fengsel. Dei fortalde om grupper kor barna fekk snakke med andre i same situasjon, seier ho.

Siw-saken blir undervisningsmateriell

Colab består av fleire arbeidspakkar. Eit sideprosjekt som ikkje var planlagt frå starten er eit samarbeid med Stavanger Aftenblad om Siw-saka. Historia om kvinna på kanten av samfunnet har skapt debatt, mellom anna om samarbeid mellom ulike instansar.

Under ein workshop i samband med nettverk for velferdsforsking tidlegare i år, møttes ein av journalistane bak saka, Thomas Ergo, Sverre Nesvåg frå Korfor og Hean til paneldebatt. Dei har halde kontakten etterpå, og det har mellom anna resultert i at alt det skriftlege materialet frå avisartikkelen er blitt omsett til engelsk.

Tekstane skal nå vidareutviklast til undervisningsmaterial, og analyserast med tanke på stereotyping.  

– Dette er eit sideprosjekt som nå blir tatt inn i Colab. Prosjektet er støtta av UiS, Stavanger Afenbladt og FrittOrd.

I tillegg skal Ergo og Hean saman undervise pdh-studentar innan helse.

– Han kan presentere på ein heilt anna måte enn eg kan gjennom akademiske artiklar, seier Hean.

Bok og læringsportal

Formidling av kunnskap er ein stor del av arbeidet i prosjektet. Det blir mellom anna laga ein nettportal med læringsressursar.

– Her vil vi presentere noko av undervisningsmaterialet og verktøy vi trur kan vere nyttige i arbeid med å betre samarbeidet.

Og ei bok er under planlegging. Her vert ekspertise frå dei ulike delane av prosjektet samla. På seminaret diskuterte dei kvarandre sine kapittel.

– Ofte er det berre redaktøren som har oversikten og les alt. Det er veldig fint at fleire får den oversikten, seier prosjektleiaren.

Planlegg neste søknad

Dette var den tredje samlinga i Colab, og rundt 25 forskarar og praktikarar frå fleire land var samla i Stavanger. Hean meiner det er ei helt spesiell atmosfære blant deltakarane i gruppa.

– Det spesielle med Colab er at vi ikkje berre er kollegaer. Vi har blitt vener og, seier ho.

Prosjektet vert avslutta i februar 2021, og dei har alt starta tenke på kva som ska skje etter det. Relasjonar, godt samarbeid.

– Det vil vere synd å ikkje halde fram. Sjølv om vi veit at EU-prosjekt er krevjande og at vi kjem til å være fortvilte, har vi gode relasjonar og godt samarbeid. Det er ingen store ego i vårt team, seier ho.

Planen er å søkje eit nytt EU-prosjekt, og ho vil involvere fleire i søknadsskrivinga.

 – Sist gong var det berre eg som skreiv. Det er viktig at fleire stemmer enn mi blir høyrd, avsluttar ho.

Først publisert 07.10.2019