Hopp til hovedinnhold

Stress, press og andre utfordringar

Nokre sjukeheimar har knokke koden for korleis gi trygge og gode tenester til pasientane. Kva gjer dei som andre ikkje gjer? Det hadde forskar og sjukepleiar Terese Johannessen (UiS) svaret på under årets Forskar Grand Prix.

Publisert: Endret:
Under den regionale finalen i Forskar Grand Prix var SHARE-forskar Terese Johannesen første forskar ut (Foto: Mari Hult).

Først publisert 24. september 2020.

Det er krevjande både for leiarar og tilsette å jobba med kvalitet og sikkerheit når ein i tillegg skal effektivisera og spara. Stipendiat Terese Johannessen ved SHARE – Senter for kvalitet og sikkerhet i helsetjenesten løfta fram viktigheita av tid, system og samhald i kvalitetsarbeidet i sin presentasjon. 

– Dette var ei god moglegheit til å skapa ein arena der eg kunne snakka om forskinga mi innan leiing av kvalitet og sikkerheit i sjukeheim og heimetenester, fortel Terese etter å ha fullført presentasjonen sin på scena.

Tre steg til betre kvalitet

Terese er sjukepleiar og har sjølv opplevd at det manglar ei systematisk tilnærming for å halda eit jamt trykk på arbeidet med kvalitet og sikkerheit i kommunehelsetenesta.

I forskingsprosjektet SAFE-LEAD har ho snakka med leiarar og tilsette i kommunale helsetenester. Forskinga viser at utfordringane heng saman og påverkar kvarandre. Statlege meldingar seier òg at leiarar manglar verktøy i kvalitetsarbeidet.

For å avhjelpa kommunehelsetenesta har ho vore med på å utvikla ein leiarguide som gjennom tre steg skal støtta leiarane i arbeidet med kvalitet og sikkerheit.

Bli helseminister eller noko sånt!

Poeng 4 -6 - 6 frå dommarane (Foto: Mari Hult)

På fire minutt loste ho oss gjennom forskinga si med søkelys på arbeidet i kommunen – på sjukeheim og i heimesjukepleia. Ho gjorde ein strålande innsats, formidla forskinga si tydeleg og vart godt lagt merke til av dommarane.

– Du går frå scene til landskap til scene til landskap gjennom presentasjonen. Når det er mange aktørar, så går du tilbake til pasienten for det er han det handlar om, sa Nina Kristiansen, ein av dommarane og redaktør i forskning.no, i tilbakemeldingane sine på Tereses presentasjon.

– Engasjementet ditt er heilt nydeleg. Bli helseminister eller noko sånt, avslutta ho.

Styrka rolle som formidlar

– Eg hadde lyst til å bli betre på formidling, og ein pusher seg sjølv meir til lære i prosessen når det er ein konkurranse til slutt, fortel Terese om kvifor ho melde seg på konkurransen.

Sidan før sommaren har kandidatane i Forskar Grand Prix fått oppfølging og rettleiing av formidlingscoach Berit Aarrestad. Ho er førstelektor og sceneinstruktør i drama og teater ved UiS.

– Eg har hatt ein personleg vekst gjennom prosessen når det gjeld formidling. Få til ein tekst som er fengjande og forståeleg. Eg har fått læring og tips til å styrka rolla mi som formidlar. Ei unik oppleving rett og slett, fortel Terese.  

–  Å få forskinga ut i samfunnet og til grupper som kan vera interesserte er ein motivasjon. Det er viktig at avstanden ikkje blir så stor mellom forsking og praksis, legg ho til.