Velkommen til årsfest på UiS med promosjonar, prisar og kake!

Den 29. oktober i 2004 fatta Kongen i statsråd vedtak om at Høgskulen i Stavanger skulle få universitetsstatus frå første januar året etter. Sidan den gong har Universitetet i Stavanger markert oktoberdagen på høgtideleg vis. No er vi igjen klare for å feire høgdepunkt og framifrå prestasjonar frå det siste året.
I år er feiringa lagt til fredag 27. oktober, og som tidlegare år finn seremonien stad i universitetet si eiga storstove, Tjodhallen, i Kjølv Egelands hus. Her vert det høgtideleg doktorpromosjon for å feire kandidatane som har avlagt doktorgrad ved UiS sidan sist. Vi skal òg dele ut Lyse sin forskingspris, SR-bank sin innovasjonspris og Utdannings- og læringsmiljøprisen. I tillegg vert det taler og kunstneriske innslag frå dyktige studentar ved Fakultet for utøvande kunstfag og Stavanger studentsangforening.
Årets festtalar er Jo Røislien. Han er professor i medisinsk statistikk ved UiS, men òg kjend som forfattar og programleiar på tv. Røislien har vore med på ei rekkje forskingsprosjekt knytt til medisin- og helsefag, og har mellom anna forska på korleis viktig informasjon vart formidla til befolkninga under koronapandemien. I talen vil han dele av sitt brennande engasjement for god og treffsikker kunnskaps- og forskingsformidling.
Etter seremonien blir det servert kake i foajeen i Kjølv Egelands hus. Vi håper så mange som mogleg vil vere med å feire universitetet denne dagen!
Vil du følge med på seremonien, må du ta plass i salen seinast kl. 12.50. Merk at nokre av setane er reserverte.
For gjestar som kjem utanfrå UiS:
Det kan vere vanskeleg å parkere på UiS. Vi oppmodar til å reise bilfritt. Kjem du med bil, finn du gjesteparkeringa ved Hestmarka.