Alle studentar i Stavanger treng ein god stad å bu. Heldigvis har du fleire alternativ å velje mellom.

Studentsamskipnaden i Stavanger (SiS) har til saman 1.693 hyblar og leilegheiter fordelte på 13 bustadområde i region Stavanger. Du finn bustader for single, par og familiar – både i Stavanger og Sandnes. Hugs å søkje bustad tidleg, sjølv om du enno ikkje har fått tilbod om studieplass.
Ein finn nye studentbustader på campus, ved Misjonsvegen og i Bjergsted i nærleiken av Stavanger sentrum.
Alt er inkludert i husleiga, både straum, nett og vaskeri. Det betyr at du ikkje får ubehagelege overraskingar. Bustadene er tilpassa økonomien din, og gir deg eit trygt bu- og leigeforhold. Du finn meir informasjon om bustad, prisar og fristar for å søkje på nettsidene til SiS bolig.
Du kan også leige bustad på den private marknaden. Det er ein stor privat bustadmarknad i Stavanger-området. Dersom dette er eit alternativ for deg, kan du for eksempel søkje etter husvære på finn.no eller hybel.no.
Som i alle store studentbyar kan det vere mange som er på jakt etter bustad samstundes. Vi tilrår difor at du startar på bustadjakta så tidleg som mogleg. Det løyser seg alltid til slutt, men å starte tidleg er ein fordel.
Lukke til!