Laboratoriearbeid er ein viktig del av alt kjemisk utviklingsarbeid. I dette kurset blir standard organisk-kjemiske laboratorieteknikkar nytta for å utføre reaksjonar, reinse opp (destillasjon, ekstraksjon, omkrystallisering) og karakterisere produkta (kokepunkt, smeltepunkt, IR, NMR). Kurset inneheld også element av å lese tryggleiksdatablad for kjemikalia, vurdere risiko og mogleg substitusjon av reagensar og løysemiddel i planlegginga av syntesar. Kurset inneheld også bruk av ChemDraw teikneprogram og programvare for IR og NMR.
Læringsutbytte
Studenten vil meistre dei vanlegaste laboratorieteknikkane i organisk kjemi og vil kunne planleggje og utføre kjemiske reaksjonar, reinse opp produktet og analysere resultatet basert på skildringar tilsvarande vitskaplege artiklar. Studenten vil kunne lese datablad, vurdere risikoar og gjere ei enkel trygg jobbanalyse for forsøka. Studenten kan dokumentere arbeidet i ei lab-journal og rapportere forsøk etter internasjonal standard.
Forkunnskapskrav
Det er nødvendig å anten ha grunnleggjande kunnskapar i organisk kjemi, eller tileigne seg desse samtidig med laboratoriekurset, i form av samtidig å ta teorikurset KJE230 Organisk kjemi.
Anbefalte forkunnskaper
Grunnleggjande kunnskap i organisk kjemi er nødvendig for gjennomføringa av laboratoriekurset.
Eksamen / vurdering
Vurderingsform
Vekting
Varighet
Karakter
Hjelpemiddel
Rapportar og prosjektar
1/1
Bokstavkarakterar
Portfolio-vurdering av rapportar og prosjekt
Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Av HMS-grunnar må laboratorieforsøka gjerast til oppsette tider.