Hopp til hovedinnhold

Lesing: teori og metode MLE305

Forsking på skriftkulturen (literacy) er eitt av dei studiefelta i verda som veks raskast. Som forskingsfelt har det røter i filologi/lingvistikk, tekstvitskap, samfunnsfag og pedagogikk. Vår variant lesevitskap legg som namnet seier særleg vekt på lesinga si rolle, og søkjer å sjå samanhengar mellom tekst, historie, språk og samfunn.

Kurset vil i tillegg til å innføre i internasjonal, nordisk og norsk leseforsking og literacyteori, ta opp metodologiske spørsmål i samband med undersøkingar innafor tekstkulturelle spørsmål i og utanfor skulen (les gjerne heile studieplanen for å sjå heilskapen i studiet).


Dette er emnebeskrivelsen for studieåret 2021-2022

Fakta
Emnekode

MLE305

Versjon

1

Vekting (SP)

15

Semester undervisningsstart

Haust

Antall semestre

1

Vurderingsemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Tilbys av

Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora , Institutt for kultur- og språkvitskap

Læringsutbytte

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

Kunnskap:

  • ha kjennskap til dei vanlegaste måtane å betrakta skriftkultur (literacy) på
  • ha kjennskap til problemstillingar som gjeld leseopplæring og leseforsking
  • ha innsyn i eldre og nyare leseteoriar og leseposisjonar
  • ha oversyn over dei mest relevante metodiske tilnærmingsmåtane i fagfeltet

Ferdigheter:

  • kunne lage annotert og kommentert bibliografi
  • kunne bruke Universitetsbiblioteket aktivt
  • kunne leggje fram innlegg og førebu seg til å halde paper
  • kunne gjere greie for sentrale teoriar i emnet
  • kunne gjere greie for den samfunnsmessige verknaden av lesevitskaplege analysar
  • kunne nytte metodiske perspektiv i den presentasjonen som utgjer eksamensprøva

Generell kompetanse:

  • ha oversyn over nokre vesentlege lesevitskaplege problemstillingar med vekt på teksttilnærming
  • ha innsikt i den bruksretta nytten av studiet
Innhald
Kurset tek opp teoretiske, historiske og kulturanalytiske tilnærmingar til literacy-forståinga med vekt på lesing. Etter ei lita innføring i historia om norskfaget, tek me opp spørsmålet om endringane av kommunikasjonstilhøve - internasjonalt og i Noreg. Elles gjev me ein introduksjon til ulike teoriar som omhandlar lesarens rolle i møte med litterære/ikkje litterære tekstar. Eit mål er å gje innsikt i ulike oppfatningar om kva rolle lesaren har i møte med ulike tekstar, både skjønnlitterære og fagtekstar (t.d. læreboktekstar). I tillegg til å studere nokre sentrale teoretikarar i t.d. resepsjonsteori, skal vi sjå på korleis andre forskarar har utvikla nye omgrep i kjølvatnet av klassiske tekstar. Dagens forskarar nyttar både klassiske omgrep og nye omgrep for å undersøkje lesarens rolle i møte med tekstar. Andre emne som står sentralt, er intertekstualitet, som t.d. kan knyttast til multimodalitet og deltaking i fleire literacy samanhengar samtidig.
Forkunnskapkrav
Tilsvarende fordjupningsnivå i bachelor i nordisk.
Eksamen / vurdering
Vurderingsform Vekting Varighet Karakter Hjelpemiddel
Munnleg paper med mappe innlevert før eksamen 1/1 20 Minuttar A - F Alle.

Munnleg vurdering er eit føredrag på 20 minutt som er basert på det skriftlege arbeidskravet.Hugs at emneplanen for MLEMAS/LMLEMAS har målformkrav som får konsekvensar for andre emne i masterstudiet. Det inneber at minst ein skriftleg eksamen på masternivå må skrivast på den målforma ein ikkje skal bruke i masteroppgåva.

Vilkår for å gå opp til eksamen/vurdering
Obligatorisk arbeidskrav

Obligatorisk arbeidskrav

A. Skriftleg innlevering til fastsatt dato med:

  • problemstilling for føredrag
  • grunngjeving
  • samandrag
  • annotert eller kommentert bibliografi etter eige val
  • eventuelt biletmateriale eller andre heilt naudsynte vedlegg

B. Frammøte:

  • 75% av førelesingstimane (totalt 4x12 = 48 timar, dvs. 36 timar). Dette av di kurset føreset samarbeid i plenum og i grupper, mindre prosjekt og arbeid med spørsmål relevante for den metodiske forståinga

Studentane vil få rettleiing i samband med føredraget.

Fagperson(er)
Studiekoordinator: Signe Ekenberg
Emneansvarleg: Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Faglærar: Greta Brodahl
Emneansvarleg: Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Faglærar: Greta Brodahl
Arbeidsformer
Førelesingar med seminar
Åpent for
Ope for studentar med studierett på: Lektorutdanning for trinn 8-13, master i nordisk og lesevitskap, GLU for tinn 1 -7 og GLU for trinn 5 -10.
Emneevaluering
Kvalitetssystemet på UiS omfattar studentevaluering av alle emna.
Litteratur
Søk etter pensumlitteratur i Leganto