Emne
Norsk fagdidaktikk del 1 (PPU136)
Fakta
Emnekode PPU136
Vekting (stp) 7.5
Semester undervisningsstart Høst
Undervisningsspråk Norsk
Antall semestre 1
Vurderingssemester Høst
Timeplan Vis timeplan
Litteratur Pensumlisten finner du i Leganto
Introduksjon
Emnet skal gi studentane eit grunnlag for å kunne vere lærarar i norskfaget med vekt på trinn 8-13 i skulen. Dette grunnlaget blir skapt både gjennom teoretisk refleksjon og utprøving i praksis.
Innhold
Læringsutbytte
Kunnskap:
Etter endt studium skal studentane ha
- inngåande kunnskap om kva plass historie og grunngjeving norskfaget har i skulen
- inngåande kjennskap til læreplanar og andre styringsdokument, og eit medvite forhold til det kontinuerlige tolkingsfellesskapet som læreplanen krev
- eit analytisk forhold til samanhengen mellom norsk som vitskapsfag, studiefag og skulefag
- avansert kunnskap om et breitt repertoar av læringsstrategiar og arbeidsmetodar i norskfaget
- avansert kunnskap om spesielle norskfaglege utfordringar på trinn 8-13 i skulen
Ferdigheiter:
Etter endt studium skal studentane kunne
- reflektere over og gjere greie for målsetjingar, innhald, metodar, vurderingsformer, læreplanar og læremiddel i norskfaget
- argumentere for norskfaget si stilling i eit skule- og samfunnsperspektiv, og perspektivere dagens norskfag i lys av faghistoria
- reflektere rundt norskfaglege problemstillingar på ein måte som syner at vedkomande student meistrar akademisk framføring
- orientere seg i faglitteratur, stille seg kritisk og utvikle eigen faglig praksis
Generell kompetanse:
Etter endt studium skal studentane kunne
- opptre som fagleg kompetente og fagdidaktisk reflekterte lærarar i ulike norskfaglege undervisningssituasjonar
Forkunnskapskrav
Eksamen / vurdering
Muntlig framføring
Vekt 1/1
Varighet 30 Minutter
Karakter Bokstavkarakterer
Hjelpemiddel Power-point
Munnleg vurdering på inntil 30 minutt:
- Kvar student held ei førelesing for faglærarar og medstudentar på rundt 20 minutt. Deretter kan oppfølgingsspørsmål til førelesinga stillast.
- Hjelpemiddel som powerpoint, støtteark og liknande kan brukast.
- Emnet skal godkjennast av faglærar på førehand innan gitt frist.
- Både fagleg innhald og formidlingsevne blir vurdert.
- Studentane kan be om rettleiing.